Dei forlot ei kyrkje i vekst for å starte ei ny

I Forum i Bergen er det 960 sitjeplassar. Her er det plass til forskjellige typar publikum. På scena skjer både konsertar, konferansar og show.

Men under scena er også eit basseng. Her kan ein la seg døype.

For kvar søndag har Salt gudstenestene sine her. Det er ikkje heilt ulikt eit show. Ei typisk gudsteneste inneheld både storskjerm, lysshow og ein band som spelar moderne musikk på scena. Her skal det vere lett å ta med seg nye folk.

– Eg har som huvudmotivasjon å lage ei kyrkje for dei som ikkje trur så mykje.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Øystein og Gina Gjerme står og ser utover salen i Forum. I helga er det duka for festhelg på Salt-konferansen, for i år er det 20 år sidan dei grunnla Salt.

Når han står på scena og talar passar han på kva ord han brukar. Salt er ei pinsekyrkje, men likevel er det ein del ting som skil dei frå andre pinsekyrkjer.

– Vi ynskjer å vere ei frikyrkjeleg folkekyrkje. Vi forstår at religion og livssyn er noko offentleg her i Noreg, og den offentlegheita ynskjer vi å ha rundt vår kyrkje. Men då må vi plukke bort nokre pinsefraser.

– Du tek ein sjans når du tilsett meg

Det var i 2004 Salt vart grunnla, men ein må tilbake fleire år for å forstå historia.

På 90-talet var kristenheita prega av mykje optimisme og glede fram mot tusenårsskiftet.

I 1996 reiste både Øystein og Gina til USA for å studere; han studerte teolog og ho studerte økonomi.

– Eg landa nokre ting der i den tida, der eg tenkte at å starte nye kyrkjer gir den største oddsen for å nå nye menneske.

I USA starta dei begge å drøyme om å starte ei ny kyrkje då dei skulle tilbake til Noreg.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

– Eg har tenkt om meg sjølv som ein misjonær til Noreg, fortel Øystein.

Alle desse tankane og måla tok han med seg inn i jobben som ungdomspastor i Pinsekyrkja Tabernaklet i 2000.

– Eg sa til pastoren med ein gong vi kom; du tek ein sjans når du tilsett meg for eg er eigentleg kyrkjeplantar.

I tida han var ungdomspastor var det ein stor vekst i Tabernaklet. Dei var eit par hundre ungdommar på møtene, likevel skulle Øystein og Gina vidare.

– Det var viktig for meg å vere tydeleg på at eg ikkje ville ta med meg ungdommane, men starte ein ny menighet.

Måtte ut av kristenbobla

I 2004 grunnla Øystein og Gina Salt saman med ei gruppe dedikerte menneske. Målet var å nå folk som ikkje gjekk i kyrkja. Men prosessen å gå frå Tabernaklet, som var i vekst, og starte på scratch, var ikkje berre lett.

– På mange måtar var det det eit modig val av oss, men vi kjente at det var noko vi berre måtte gjere, fortel Gina.

For korleis skulle dei gjere dette? Dei ville nå folk som ikkje gjekk i kyrkja, difor starta dei å ha gudstenester på Rå Skule i Bergen. Dei ville kome nærare folk.

– Det var jo heilt crazy, seier Gina.

– Det var jo ikkje vanleg i da heile tatt, fortel Øystein om å ha gudsteneste på ein skule.

– Vi tenkte ikkje, vi berre gjorde, seier Gina. Ho ler og fortel om at det til og med var eit par som gifta seg på skulen.

Starten var treig og dei første sju åra var det nesten ikkje vekst i det heile.

– Det var ei veldig krevjande tid for meg. Det var ein prøvelse, fortel Øystein.

Å plante ei ny kyrkje, med ein ny tankegang var ikkje berre lett. Dei måtte tenkje nytt på fleire måtar.

– Vi utfordra kvarandre på kristenbobla. Vi måtte ut av bobla. Vi måtte ut på firmafestane, bli med på idrettslaga, delta i nabolaget.

Dei tok ned aktivitetsnivået i kyrkja til gudstenester og smågrupper, resten av tida skulle dei vere ute i samfunnet.

– Dei første sju åra handla det om å vere misjonærar i eigen kvardag, fortel Øystein.

Salt Bergen

Dei neste sju åra handla om menighetsvisjonen deira, som var å plante fleire meinigheiter. I 2011 starta dei å ha gudstenester på Kvarteret i Bergen. No var det tid for at kyrkje skulle vekse.

– Så planta vi sju nye menigheter fram mot 2018.

I 2011 vart det planta ei kyrkje i Knarvik, utanfor Bergen. I 2014 vart Salt International starta, som er den internasjonale gudstenesta til Salt. I 2015 vart det planta kyrkje i Os og Salt tok over Sion Voss. I 2017 reiste dei lenger ut og planta Salt Trondheim. Kort tid etter vart også Sentrumskirken Levanger ein del av Salt. Og hausten 2018 vart Salt Skien planta.

På denne tida hadde dei hatt gudstenestene sine på Kvarteret, så Salem Konferansesenter i Bergen, og så på Ricks Scene i Bergen. Men lokala vart for små, det var på tide med noko nytt og større.

– I 2018 kom vi inn i ein større visjon som var å vere eit senter. Det var rundt då vi kjøpte Forum.

Salt og Comer

Ikkje noko “kona til pastoren”

– Det er ikkje slik at eg har vore noko kona til pastoren, vi har gjort det saman, seier Gina.

Dei har begge jobba saman om prosjektet frå start. Medan Øystein har jobba 100 prosent, har ho i alle år hatt karrieren si i næringslivet for å få pengane inn.

– Det har vore hardt arbeid.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Gina fortel om fleire kveldar og ettermiddagar som har gått til å førebu gudsteneste og tale medan ho har hatt full jobb og tre ungar.

– Vi har jo betalt ein pris.

Men dei har ikkje vore åleine. Dei understrekar at frå start har dei vore ei kjerne som har jobba saman om prosjektet og at dei aldri hadde klart seg utan dei andre som også hadde trua på det nye prosjektet.

Salt Bergen

Skal vere kult å ta med vener

– Det finnast uttrykk og måtar ein oppfører seg på i andelege rom som byggjer meir murar enn bruer.

Uttrykket på Gudstjenestene i Forum er moderne, og Salt er ei kontemporær kyrkje. Det vil seie at dei tilpassar seg samtida, og kulturen som er i samtida. Dette for at nye folk skal kunne kome i kyrkja, utan at det kjennast fjernt frå livet deira.

Øystein meiner at ein del av utfordringa til pinsekristendommen, er at den kan insistere på sterke kjensler og proklamere opplevingar på ein slik måte at folk tenkjer dei ikkje høyrer heime der, eller at Gud ikkje likar dei.

– Når du fyller eit rom med mange menneske der nokon er sterkt truande og nokon er nysgjerrige, er min erfaring som pastor at det finnast nokon «triggarar» som gjer at folk føler seg utanfor eit fellesskap.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

Han fortel at i nokre miljø snakkar folk på same måte og oppfører seg på ein viss måte som gjer at det er vanskeleg å verte ein del av det.

Likevel fortel han at han har respekt for tradisjonen han sjølv har vakse opp i og er ein del av, og vil ikkje sette kyrkja si i kontrast med andre.

– Viss du legg inn i argumentasjonsrekka di kritikk mot dei andre kristne, får du problem i din eigen kultur etter kvart.

Vil ha ei ny pionertid

– Vi fekk jo litt kritikk i starten.

Øystein fortel om folk som meinte det var så ungt og kult med all den nye musikken og fokuset på marknadsføring. Sjølv såg han på evangeliet som eit såkorn som trong gode vekstvilkår.

– Når det vert sådd, så veks det. Og det har vi sagt i alle år, det er det som er kjernen. Vi forkynner evangeliet, og så skapar vi eit miljø av varme, som gjer at jordsmonnet er klart til å ta i mot.

Det er det dei har jobba for i alle år og det han skal jobbe mot vidare.

Salt fyller 20 år. Øystein Gjerme og Gina Gjerme fotografert i Forum av Matilde Solsvik.

– Eg kom over eit interessant kinesisk ordtak her ved årsskiftet: Beste tidspunktet å plante eit tre var for 20 år sidan, nest beste er i dag.

Og sjølv om det er viktig for han å glede seg over at det har gått bra med kyrkja, sit han ikkje på kvilebenken.

– Vi skal ha ei ny pionertid.

---

Salt Bergen

  • Salt Bergen er ei pinsekyrkje som held til på Forum Scene i Bergen, her har dei vore sidan 2019.
  • Vart grunnlagt i 2004 av hovudpastor Øystein Gjerme og kona Gina Gjerne.
  • Ei kontemporær kyrkje, som vil seie at dei tilpassar seg samtidas uttrykksformer.
  • Fokuserer på å nå nye menneske.
  • Øystein er hovudpastor og leiar for Pinsebevegelsen Norge.

---