– Eg tenkjer det er utruleg bra for kyrkja

Midt i hjartet av Geiranger ligg ei lita, åttekantkyrkje. Sola lyser opp dei kvite treveggane og rundt ho står turistane og fotograferer kyrkja med Geirangerfjorden i bakgrunnen.

I den blågrøne fjorden, omringa av mektige fjell ligg to store cruiseskip. Ein vanleg utsikt frå den gamle kyrkja.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Prest Barbro Godø Thomassen snik seg inn i det vesle sakrestiet og låser raskt døra bak seg.

Frå kyrkja høyrer ein mange prøve å opne dørene. Fleire står og kikar inn vindauga og prøvar å få kontakt med Barbro som sit rett ved eit av vindauga. Dei vil inn, men må nøye seg med å stå på utsida.

Kyrkja må halde stengt grunna det store turistpresset.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Ei kyrkje prega av turisme

– Det er ikkje alle turistar som tek eit nei for eit nei.

Dei ristar i dørene og dei gjer seg ikkje. Er det stengt i hovuddøra, prøver dei bakdøra.

– Det er ei turistbygd som har vore det sida 1800-talet, og det å tilretteleggje besøk, også i kyrkja, har vi utgongspunktet lyst å få til.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Men i år landa soknerådet på at kyrkja måtte vere stengt i sesongen. Turistar som tek med seg både grus og sand inn, slit på kyrkja. I tillegg set økonomien ein stoppar for å halde opent.

– Det å vere ein turistattraksjon er jo positiv, men det har jo sine utfordringar også.

På søndag hadde dei presentasjonsgudstjeneste for fire konfirmantar, eit relativt stort kull i den vesle bygda. På same tid var det cruise i Geiranger. Medan ho haldt gudstjeneste kom det fleire turistar og såg på.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Ho fortel at dei fleste turistane er fredelege og rolege, men at nokon tek seg fleire fridommar og bråkar meir.

– Det er nok ikkje alle som skjønar at det er eit gudshus som er i bruk.

---

Bryllaupet til Prinsesse Märtha og Durek Verret

  • Giftar seg 31. august på Vinjevollen i Geiranger
  • Skal ha festen på Hotel Union Geiranger
  • Prest Margit Lovise Holte frå Den norske kyrkja skal vigsle paret med ein kyrkjeleg seremoni
  • Paret har seld billedrettigheiane til den britiske tabloidavisa Hello! Magazine. Øvrig presse får avgrensa tilgang til bryllaupet
  • Durek Verret vert ein del av kongefamilien når dei giftar seg, men vil ikkje ha noko tittel eller representere kongehuset. Dette grunna Prinsesse Märta Louise har sagt frå seg sine offisielle oppgåver for kongehuset.

---

Turisme i eit kristent perspektiv

Sola skin inn i kyrkjerommet og legg seg på dei grøne benkane. Det er ei lita kyrkje, men den er stor nok for den vesle turistbygda.

I over 100 år har dei drive med turisme i Geiranger, dette har prega befolkninga. Barbro skildrar kulturen som open og inkluderande og fortel at det er noko spesielt med Geiranger.

– Det er noko med mindsetet. Dei er meir utadvendte og internasjonale her.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Presten er sjølv ikkje frå Geiranger, men starta som prest under opplæring for om lag eit år sidan. Geiranger var eit av fleire sokn ho skulle vere prest i. Å verte ynskja velkomen hit, vart eit møte som gjorde inntrykk.

– Eg vart så varmt motteke. Når det var kyrkjekaffi etterpå var det som å vere på hotell.

Ho fortel om sørvisinnstilte kyrkjegjengarar som kom med kake og kaffi til ho.

– Eg trur det ligg så djupt i ryggmargen på ein del av dei som bur her, at vi sørvar folk. Det er også eit kristent perspektiv.

På altertavla i kyrkja står det «Kom til meg alle de som slit, hos meg skal de få kvile dykk ut» utforma i gullfarga skrift. Over er eit bilete av Jesus med opne armar.

– Geiranger er ein slik kvileplass for turistar. Ein stad dei kan kvile, få ny inspirasjon. Så det harmonerer veldig med Bibelen for meg.


Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Opne armar

Ein av dei som har vakse opp midt i turismen er Øystein Maraak. Framfor garasjen står han og fiksar på ein veteranbil. Det er ein 1934-modell, og på den svarte lakken er logoen til Geiranger Skysslag.

Dette er ein av bilane som vart brukt til å frakte folk over fjellet, noko som var med å starte turistnæringa i bygda.

– Vi må hugse på at turismen er grunnen til at bygda framleis står.

Øystein fortel sjølv at han er flaska opp på turisme og at det er kjekt når det livnar på garden. Han meiner det er viktig å ta i mot dei besøkjande på ein god måte.

Prinsesse Märtha og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Øystein Maraak.

Bilen er skinande blank. Det kjem fleire turistar forbi, ein begeistra mann tek mange bilete av bilen. Øystein hentar nokre verktøy i garasjen og byrjar å skru på bilen.

I bilen har fleire kongelege sitte. Om det same skal skje i helga, vil han ikkje svare på.

---

Geiranger

  • Tettstad i inst i Geirangerfjorden i Stranda kommune på Sunnmøre
  • På UNESCO si verdsarvsliste
  • 215 innbyggjarar i bygda
  • Har vore turistbygd sida 1800-talet
  • Har over 300 cruiseskip på besøk kvart år
  • Ein stor del av dei fastbuande er engasjerte i turistnæringa

---

Klare for bryllaup

Frå garasjen til Øystein er vegen kort til Hotel Union og Vinjevollen, der Prinsesse Märtha og Durek Verret skal gifte seg. Prøver ein å snakke med folk i bygda om bryllaupet, er det lite informasjon å få.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

– Eg vil ikkje uttale meg om bryllaupet, seier ei anonym kjelde på ein venleg måte så fort underteikna fortel at ho er journalist.

– Du får nok ikkje så mange til å prate, seier ei anna.

Sjølv om bygda er open, heldt dei tett når det kjem til bryllupet.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

– Heile bygda er vel vertskap, slik som eg ser det, seier Anette Møll. Ho sit i stova si på Møll gard, ein av dei eldste i bygda.

Hovudvegen til Geiranger snirklar seg nedover i bratte svingar. Mellom desse svingane ligg garden til Anette. Frå stova kan ein høyre turistbussar kave seg opp og ned svingane. Dei fraktar turistar frå sentrum og opp til Ørnesvingen så dei kan sjå og fotografere fjordlandskapet som står på Unesco si verdsarvliste.

I tillegg til å vere aktiv i Geiranger kyrkje, driv Anette, som dei fleste andre i bygda turistnæring. Og som dei fleste andre i Geiranger, ser ho fram til bryllaup.


Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

– Heile bygda er vel vertskap, slik som eg ser det.

På veggane i hovudhuset heng gamle bilete og landskapsmåleri. Inne på eit rom står det klar Märta-liljer i ei bøtte. Dei skal ho bruke til å pynte garden med til bryllaupshelga.

– Det er sikkert mange meiningar rundt bryllaupet. Men eg tenkjer at no er det bryllaup, og no har vi ein moglegheit til å vise fram bygda vår og produkta våre.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

Har lært av prinsessa

– Vi har eit ansvar om å møte folk med openheit og prøve å forstå, seier Barbro tilbake i kyrkja.

Det har vore mykje blest rundt prinsessa og Durek, blant anna på grunn av at dei har uttalt seg om enkelte ting som mange er ueinige i. Barbro trekker fram både prinsessa og folka i Geiranger, og seier dei har lært ho å vere meir open.

Prinsesse Märt og Durek Verret gifter seg i Geiranger. Prest i Geiranger kyrkje Barbro Godø Thomassen fortel om korleis kyrkja i Geiranger er.

– Eg tenkjer eg kan vere uenig med prinsessa i mange ting, men ho har lært meg noko om openheit og å sjå folk for dei dei er.

Og det at dei ynskjer ein kyrkjeleg seremoni, er Barbro positiv til.

– Når dei har spurt om ein kyrkjeleg prest kan vie dei, tenkjer eg det er vakkert. Eg tenkjer det er utruleg bra for kyrkja.