Religion

Halvparten sluttar på religiøse aktivitetar etter ungdomsskulen: Dette trur Anna-Naomi er årsaka

NYE TAL: Anna-Naomi Kleivset (17) synest det kunne vera krevjande å vere den einaste kristne i klassa si. Nye tal viser at mange sluttar på aktivitetar i religiøs regi når dei byrjar på vidaregåande.

Anna-Naomi Kleivset er 17 år gammal og går i andre klasse på vidaregåande. I år skal ho vera leiar for eit kristent skulelag, i regi av Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (også kjent som Laget). Det gjer ho eit mindretal blant ungdom.

For ellevte gong har det komme ein nasjonal Ungdata-rapport, som gjennom spørjeundersøkingar prøvar å finne ut korleis dagens barn og ungdom har det, og kva dei driv med på fritida.

Her kjem det fram at talet på ungdom som deltek på aktivitetar, møter eller øvingar i «religiøse foreninger» éin eller fleire gonger i månaden blir meir enn halvert frå ungdomsskule til vidaregåande.

Eg har mange venner som ikkje har eit tilbod i sine kyrkjelydar

—  Anna-Naomi Kleivset

Då er ein nede i éin av ti ungdom. Det overraskar ikkje Kleivset. I fjor var ho den einaste kristne i klassa si, noko ho kunne kjenne på at var litt einsamt.

– Når ein blir litt eldre ynskjer ein å passe inn og å bli likt. Det er ein del som ser ned på det å vera kristen, har Kleivset opplevd.

Dette er litt av grunnen til at ho er aktiv i kristent lagsarbeid.

– Det er utruleg viktig å ha eit kristent nettverk på skulen, der ein kan halde ved like trua, stille spørsmål og drøfte ting, meiner syttenåringen.

Ho kjenner seg heldig som har eit arbeid retta mot hennar aldersgruppe i Søgne misjonskyrkje, der ho er aktiv:

– Eg har mange venner som ikkje har eit tilbod i sine kyrkjelydar. Ofte er ungdomsarbeidet retta inn mot ungdomsskuleelevar.

---

Ungdata

  • Lokale barne- og ungdomsundersøkingar som blir gjennomførte på skular over heile landet.
  • I den eine undersøkinga (Ungdata junior) spør ein elevar i alderen 10-12 år på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), og i ei anna (Ungdata) spør ein ungdomsskule- og vidaregåandeelevar.
  • Undersøkingane blir gjennomført lokalt i kvar enkelt kommune, men gjev også resultat på regionalt og nasjonalt nivå over tid.
  • Sidan den fyrste undersøkinga i 2010 har over ein million deltatt i undersøking.
  • Den nye rapporten handlar om kva dei om lag 150 000 ungdommane som deltok i 2023 og 2024 svarte på undersøkinga.
  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Oslomet (tidlegare Høgskolen i Oslo) er ansvarleg for gjennomføringa av Ungdata-undersøkingane.

Kjelde: Ungdata.no

---

Færre aktivitetar etter konfirmasjonstida

Generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde, er godt kjent med problemstillinga, og han trur årsaka til nedgangen i deltaking frå ungdomsskule til vidaregåande er samansett. Éin av grunnane trur han kan vera mangelen på tilbod for aldersgruppa som går på vidaregåande.

– Det er ofte eit omfattande tilbod for konfirmantane og den aldersgruppa. Men det varierer veldig om det er noko ein kan vera med på i tida etterpå, anna enn å vera leiar for tilbodet ein før var ein del av.

Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget).

Generalsekretæren seier dei ser at kor mykje ungdommane sjølve identifiserer seg med trusaspektet i aktivitetane, blir meir avgjerande for deltaking etter kvart som dei blir eldre og meir sjølvstendige.

Sagt med andre ord: barn og unge fram til ein viss alder vil i større grad delta på aktivitetar i kristen regi på grunn av aktiviteten i seg sjølv, eller kanskje på grunn av det sosiale.

Det er ein veldig seriøsitet blant ungdommar i dag. Medan eg spela i band og surra rundt, er dagens elevar heime og gjer lekser

—  Henning Boklund, kateket i Eidanger kyrkjelyd

Men for at ein skal halde fram med deltakinga når ein blir eldre, krev det at ein i større grad også identifiserer seg med trusgrunnlaget.

– Dette er ungdom på full fart i ein sjølvstendiggjeringsfase. Me ser at dei som har jobba med truspraksisar som å lære å be sjølve, lesa Bibelen og som også har reflektert over korleis dei skal forstå trua si i møte med kulturen og samtida, dei blir meir robuste i trua, og kristne aktivitetar blir dermed viktigare.

Kateket: Må konkurrere om ungdommane

Henning Boklund er kateket i Den norske kyrkja, altså ein som har ansvar for å leie undervisningsarbeidet i kyrkjelyden. Kateketar jobbar ofte mykje med ungdom og konfirmantarbeid.

Å få konfirmantane til å vera aktive i kyrkja etter overgangsritet har vore noko Boklund og andre i Eidanger kyrkjelyd i Porsgrunn kommune har jobba mykje med.

Henning Boklund er kateket i Den norske kyrkja

– At det kjem strøymande ungdommar til kyrkja for å vera med på opplegg er ein for god sjanse til å sløse vekk, seier Boklund om konfirmanttida, og held fram:

– Det har vore viktig for meg å involvere ungdom i noko som kan vare forbi ungdomsskulen og inn i vidaregåande, heller enn å gjera noko «fort og gæli».

Kateketen meiner det krev meir av kyrkja enn for berre få år sidan å halde på interessa til ungdommen.

– Det me byr på må vera minst like bra og gøy som det andre tilbyr.

Og dei største «konkurrentane» om tida til dei unge meiner Boklund er idretten, skulearbeid og mobilen.

– Det er ein veldig seriøsitet blant ungdommar i dag. Medan eg spela i band og surra rundt, er dagens elevar heime og gjer lekser. Kvar blir det av sosialiseringa, spør Boklund.

For han er det viktig å skape fellesskap i kyrkja der ungdommar kan få øving i å vera sosiale.

– Her kan dei bli kjente med seg sjølv, kvarandre, og i beste fall Jesus.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion