Susinga frå E6 kan så vidt ensast i bakgrunnen, sjølv om underlaget gjekk frå å vere asfaltert til gruslagt for fleire hundre meter sidan, og bilen til avisa beveger seg innover stadig grønare omgivnader.
Ved Fader Johannes Solberg sitt småbruk i Skjeberg, skulle ein likevel ikkje tru at avkøyrsla til ei av dei største fartsårene i landet ligg i nærleiken.
Eit lysegrått hus, kanskje ein tidlegare sveitservilla, kjem til syne. Det står omringa av fleire tilhøyrande uthus, og småbruket minner i det heile tatt om eit gardsbruk tidleg på 1900-talet, med roseplanter som strekk seg mot lyset utanfor, og høner som klukkar i hagen. Birøktarar er i ferd med å sanke honning frå kubane i skråninga.
Framfor huset står Fader Johannes sjølv i sin religiøse drakt, akkompagnert av ein tilsynelatande meir alminneleg mann. Simen Andreas Håkenstad (31) har nyleg i blitt ein del av forsamlinga i Skjeberg, som Fader Johannes for kort stund sidan blei prest i.
I 2018 fatta Simen Andreas Håkenstad (31) interesse for ortodoks kristendom, og blei i fjor døypt og innmeldt i kyrkja:
– Det er fleire grunnar til at eg valde å gå til ortodoksien. Men først var det at det gav meg eit verdsbilete som hang saman i uendelegheita av informasjon, retningar og vegar.
Kom ut av truskrise som ateist
31-åringen er oppvaksen i Metodistkirken og blei agnostikar i konfirmasjonsalder. Då han var rundt 18 år, begynte han å søke etter religiøs meining og las mykje, før han nokre år seinare blei omvendt på ei kristen gudsteneste. Etter dette hadde han fire år i protestantiske og frikyrkjelege miljø, og tok teologistudium i tillegg.
– Eg jaga etter ei eller anna meining som blei lova, som eg ikkje heilt fann. Så eg gjekk på veggen, blei deprimert og hadde ei truskrise. Eg hadde gått på Bibelskolen i Grimstad, og det var full krasj. Eg kom ut av det som ateist, seier han.
Etter dette begynte han litt tilfeldig å studere religion på MF vitenskapelig høyskole, og fekk nye innfallsvinklar på religion. Han begynte å søke igjen, innanfor ulike retningar og praksisar, som for eksempel buddhisme. Han fortel at han prøvde å bli frisk frå det som var igjen av ein depresjon.
Vidare begynte han å høyre på psykologen Jordan Peterson på YouTube, før han raskt gjekk over til den ortodokse kunstnaren Jonathan Pageau.
– I protestantismen måtte ein, følte eg i alle fall, tru på tilfeldige trussetningar. Eg opplevde at «du må tru på dette, så blir alt bra», og at tru på ein måte blei mentale gjerningar utan rot i verkelegheita. Medan i Jonathan Pageau sin presentasjon av det ortodokse så var det meir som at «du treng ikkje nødvendigvis tru på dette, du kan berre sjå det i verkelegheita».
Håkenstad fortel at han vidare gjekk til gudsteneste i Oslo, snakka med ulike prestar, og etter kvart regelmessig med Fader Theodor Svane i Bergen. I 2021 begynte han å gå til Den ortodokse kyrkje i Skjeberg.
– Trend
Førre veke skreiv Vårt Land at Den katolske kyrkje opplever at fleire unge, spesielt menn, deltar på truskursa deira og melder seg inn.
Fader Theodor Svane, prest i Jomfru Maria Bebudelse Ortodokse Menighet i Bergen, meiner å sjå ein liknande trend. Han skildrar den ortodokse forsamlinga som forholdsvis lita, men kan konstatere at det dei siste åra har vore ein jamn straum av nye gudstenestedeltakarar – småbarnsfamiliar, mange unge, og spesielt menn.
Han vil kalle det ein trend.
Inntrykket er at det same skjer i andre ortodokse meinigheiter i Noreg og i andre vestlege land, som for eksempel Sverige og USA.
I media har det blitt snakka om ein pågåande konservativ høgrebølgje blant unge. Svane synest det er overflatisk å seie at straumen av unge til kyrkja handlar om politikk og konservatisme
– Dei som kjem til oss har kikka ned i nihilismens mørke brønn, funne Gud, og lurer på kva dei skal gjere. Dersom nokon kjem utelukkande av politiske eller konservative årsaker vil dei bli skuffa og forsvinne etter kvart. Kyrkja er ikkje politisk eller konservativ i ein slik forstand.
– Blir du verande er det fordi det stikker djupare enn politikk, at Gud har gripe deg, legg han til.
Opphav og internett
Fader Theodor trekk fram at han trur det har med kyrkja sitt opphav å gjere.
– Les du den tidlegaste kyrkjehistoria frå dei første hundreåra, vil du møte Den ortodokse kyrkje. Kyrkjefedrar, økumeniske konsil, munkar og nonner i ørkenen og kloster. Dei opplever at dei møter ei opphavleg og radikal kristen tru. Dei opplever nok at Den norske kyrkje er avgrensa av ein kultur og ei historie, samtidig som dei er på jakt etter noko unikt og universelt, og som held i tid og æve.
Han trur nokon av grunnane også kan ha med at verda har blitt meir internasjonal.
– Ein del finn oss gjennom internett, YouTube og TikTok, til og med. Eg må jo le litt, det er ikkje det eg først og fremst tenkjer på som vegen inn i Den ortodokse kyrkje. Det er jo ei tidlaus verd som ikkje er opptatt av å følgje med.
– Dei kjem frå gata kyrkjeleg sett, og så er det folk som kjem frå ein kyrkjeleg bakgrunn, men som har falt ifrå, utdjupar han.
Han forklarer at enkelte stemmer fungerer som døropnarar – som for eksempel psykologen Jordan Peterson, eller den ortodokse kunstnaren Jonathan Pageau. Fader Theodor nemner også andre ortodokse på internett som snakkar om bøn og grunnleggjande kristen tru. Likevel meiner han at det også finst dårlege stemmer, som skapar det han kallar for ein usunn ortodoksi – ein «internett-ortodoksi» som berre eksisterer på internett, og lausriver seg frå kyrkja.
– Ein del finn oss gjennom internett, YouTube og TikTok, til og med. Eg må jo le litt, det er ikkje det eg først og fremst tenkjer på som vegen inn i Den ortodokse kyrkje.
— Fader Theodor Svane
– Somme gonger møter eg folk som presenterer seg som ortodokse, men som eg finn ut at assosierer seg med det utan å ha besøkt ei kyrkje eingong. Då må eg fortelje dei at ein ikkje kan vere ortodoks utanfor kyrkja sitt konkrete fellesskap. Finn ein ortodoks meinigheit og snakk med presten der.
Ateisme som «pathway-drug» til ortodoksien
Verken Håkenstad eller Fader Johannes meiner det er ein stor trend at unge menn finn Den ortodokse kyrkje tiltalande. Men Håkenstad meiner internett gjer at fleire får kjennskap til det her i Vesten.
– Eg trur det ofte er sånn at ein verkeleg oppdagar ortodoksien på internett, og så går til meinigheit. Men det er jo eit amerikansk fenomen som Noreg på ein måte har blitt ein del av. Det er veldig få, eller ingen norske Youtubarar eller podkastarar, som snakkar om ortodoksi. Når ein først blir utsett for denne type innhald på internett, verker det som det appellerer meir enn for eksempel anna innhald, seier han, og utdjupar:
– Nesten alle eg har møtt på internett har same historie. Eg har på tull sagt at nyateismen er ein sånn «pathway-drug» til ortodoksien fordi det er så mange som har den reisa eg har hatt; ein har lese Sam Harris og Richard Dawkins, vidare til Jordan Peterson, og så funne ein eller annan ortodoks på internett.
Håkenstad legg til at han trur det er eit narrativ som går igjen, at det har vore ei slags konflikt mellom ateisme og religion. Han meiner at ein gjerne opplever ei verd som har gått litt av skafta etter at Donald Trump blei valt som president i 2016 og koronapandemien braut ut. Han meiner også at Jordan Peterson var ein del av det.
– Det har vore mykje kaos dei siste åra, så det har vore ein tanke om at religion vant, både på godt og vondt, seier han.
– No har vi komme til det punktet i verda at unge generasjonar har prøvd alt. Det finst stort sett ingenting å protestere mot lenger. Den siste store protesten er vel å leggje seg under kyrkja og følgje Kristi bod, tenkjer eg, skyt Fader Johannes inn.
Dei seier seg einige i at det siste steget kanskje er å gå tilbake til tradisjonane, og at folk lengtar til ei meir oversiktleg, og ikkje så kaotisk verd. Sjølv anslår Fader Johannes at familien hans er 60–70 prosent sjølvberga i matvegen på småbruket deira, og trur det er mange som vil tilbake til «bestemor si verkelegheit»
– No blir vi ikkje einige om det er tre eller sju kjønn – det går ikkje an å bli meir forvirra enn det. Då representerer vel ein sånn autentisk, tradisjonell tenkjemåte, ein veldig motpol til det.
Meiner depresjonen var åndelege problem
Håkenstad meiner at depresjonen han sleit med var åndelege problem framfor psykologiske. Han seier at han trengde hjelp til å finne meining og sanning, og at praksisar i Den ortodokse kyrkje er medisinen.
– Så du tenkjer det var ortodoksien som gjorde deg frisk?
– Eg veit ikkje om eg vil seie at eg er frisk, men på rett veg i alle fall. Eg opplever at eg er i starten av ein lang veg. Eg opplever ikkje at eg er framme på nokon som helst måte. Så eg er framleis sjuk, åndeleg sett, men alt av depresjon og det eg hadde av problem i mange år, gjekk jo bort nesten umiddelbart. Eg går på ein veg eg opplever som meiningsfull, og det er nok for meg, konstaterer han.
– Det er ein konkret veg. Det er liksom ikkje berre «finn ut av det sjølv»
— Simen Andreas Håkenstad
Han forklarer at frelsa blir sett på som ei kontinuerleg lækjedom; at Gud ikkje erklærer dei frelst, men at ein blir transformert over tid.
Håkenstad synest det er tiltalande at det blir stilt krav og at det er forpliktande.
– Det er ein konkret veg. Det er liksom ikkje berre «finn ut av det sjølv», seier han.
– Noko feminint over Den norske kyrkje
– Kvifor trur de at det er menn og ikkje kvinner som ein gjerne ser er i overvekt, av dei som går over til ortodoksien no?
– Eg legg merke til er at mange, kanskje til og med også katolikkar, har blitt opptatt av å skape engasjement gjennom emosjonar, gjennom at gudstenesta vender seg til kjenslelivet. Mange menn synest kanskje ikkje det er komfortabelt, seier Fader Johannes.
– Lovsong, for eksempel, i ei ortodoks gudsteneste er mykje meir monoton. Det er ikkje et krav at du skal ha mykje kjensler når du står der. Eg føler meg ikkje heime i ei uttrykksform der tilbeding blir som ein moderne kjærleikssong, ein popsong liksom, seier Håkenstad.
Håkenstad opplever at det er noko intuitivt feminint over Den norske kyrkje sine praksisar, og at ortodoksien, og kanskje også katolisismen, appellerer meir til unge menn i dag.
– I form av lovsong?
– Nei, det er også bodskapen. Den tanken at «du er god nok akkurat som du er». Eg oppdaga at eg ikkje hadde meining i livet, og då vil eg ikkje høyre at «det er bra akkurat som det er». Nei, eg har eit problem, og treng hjelp med problemet. Då tenkjer eg at ortodoksien, i alle fall for meg, og for mange, tilbyr ein medisin mot problemet.
Medisin
Ein kort spasertur, tvers over enga frå småbruket, ligg ferdighogga tømmer i velordna stablar, klare til å bli formålsnyttige. Lukta av sagspon vitnar om eit prosjekt av nyare karakter.
Berre nokre meter frå materialhaugen, heng eit ortodokst kors spikra til ein trestamme. Det fungerer som markør for det som skal byggjast på tomta.
Sidan november i fjor har Fader Johannes, som er skogsarbeidar i sitt sivile yrke, og Håkenstad arbeidd med materiala til ei lita tømmerkyrkje dei skal reise. Den praktiske byggjeprosessen kan bli sett på som ein del av medisinen, då praktisk arbeid kan reknast som ein viktig del av det åndelege livet.
Fleire unge menn utan tilknyting til Den ortodokse kyrkja har vore interesserte i å bidra, kan Fader Johannes fortelje. Han er ikkje overraska om det faktisk er slik at unge menn oppsøkjer Den ortodokse kyrkje meir enn før.
– Eg ser ikkje fruktene no, men eg merkar det på interesse, fastslår han.