– Det har kanskje overraska meg litt at det ikkje har vore større interesse foreløpig. Men eg skjønar at det tar tid å bli kjent.
Det seier Øyfrid Sofienlund, som er rektor på Hans Nielsen Hauge Grunnskoler. Då pinsekyrkjelyden Jesus Church starta opp to privatskular i Oslo og Nordre Follo i fjor, var Vårt Land til stades like før skulestart i august for å skrive om forventningane rektoren hadde til dei nyetablerte skulane.
Den gongen var målet at minst 20 elevar skulle starte opp med skulegang i Oslo. Sofienlund fortel at Oslo-avdelinga, lokalisert i Skådalen nær Holmenkollen, enda opp med rundt 15 elevar, og at dei til neste skuleår blir nokre fleire.
Ho seier at dei har komme gjennom med stor trivsel og fornøgde elevar og foreldre, men hadde håpa på høgare søkjartal.
– Oslo er ein stor by, og det å treffe det riktige publikummet, dei som verkeleg er interesserte, har gått tregare enn det har gjort i Nordre Follo, seier rektoren.
Trur framleis det er ein marknad for skulen
Dei siste åra har det i gjennomsnitt blitt starta ein til to nye kristne privatskular kvart år, ifølgje Kristne Friskolers Forbund (KFF). Dei siste to åra har to blitt lagt ned.
Seniorrådgivar Helge Vatne i KFF meiner elevgrunnlaget for nye kristne friskuler ikkje nødvendigvis er metta.
– Fem prosent av elevane i grunnskulen går på friskulane, det er jo ikkje særleg mange. Sånn sett burde det vere plass til fleire, men samtidig står den offentlege skulen sterkt.
Vatne trur det er plass til fleire skuler som er tydelege i sitt kristne standpunkt.
– Mange føresette opplever nok at den offentlege skulen er nær på kjemisk fri for kristent innhold. Då vil dei la barna sine gå på ein skule der det er ein tydeleg kristen profil.
Trur fleire vil komme etter kvart
I Nordre Follo har talet på elevar nesten firedobla seg – men går berre frå fire elevar i fjor, til å nærme seg 16 i kommande skuleår.
Sjølv om ikkje søkjartala er like høge som dei skulle ønskje, trur Sofienlund det er ein marknad for skulane, og at det er eit behov. Ho trur talet søkjarar handlar om kjennskap til skulen.
– Vi må kanskje vere enda meir offensive i forhold til marknadsføring.
– På kva måte?
– Vi har nok kanskje marknadsført oss mest mot kristne foreløpig. Vi tenkjer at det er ein stad å starte sidan det er ein kristen skule, og at det vil vere foreldre som ønsker et godt kristent opplæringstilbod for barna sine.
Sofienlund seier at ho av erfaring veit at mange fleire vil komme etter kvart.
– Vi bruker litt ulike måtar å prøve å nå menneske på. Den aller beste reklamen er jo fornøgde elevar og foreldre. Og det er klart at når du ikkje er så veldig mange, så tar det litt tid, seier ho.
Mange føresette opplever nok at den offentlege skulen er nær på kjemisk fri for kristent innhold
— Seniorrådgivar Helge Vatne i KFF
Har framleis tru på framtida
– Korleis ligg de an økonomisk sett?
– Vi går framleis ikkje i balanse. Så vi er avhengige av gåver og ein velvillig eigar, seier rektoren.
Sofienlund seier at størstedelen av økonomien deira handlar om tal på elevar, knytt til statsstøtte.
– Det seier seg sjølv at når økonomien ikkje enno er heilt i balanse, så er det fordi vi ikkje har så mange elevar som vi skulle ønskje vi hadde. Men så er det jo sånn at når du startar noko nytt, så tar det tid før du har økonomi i orden. Det gjer det jo hos alle bedrifter, sånn sett.
– Vi har framleis tru på at det skal komme dit, men vi er ikkje der heilt enno. Begge nærmar seg, men det er ein lengre veg å gå i Oslo enn i Follo, seier ho.
I Oslo endte årsresultatet til skulen på 716.547 kronar i minus. I Follo landa dei på minus 565.900 kronar