Religion

– Det skjer ting også her i nord, seier prest om nytt sommarprosjekt

NORD-SVERIGE: I sommar har Sjømannskyrkja etablert seg på feriesenteret Pite Hafsbad, der over 50.000 norske besøkjande tok turen i fjor.

– Det går litt i eitt med visjonen vi har om å vere nyskapande og oppsøkjande, seier Vigdis Alte til Vårt Land.

Ho er leiar av Norgesarbeidet i Sjømannskirken, og er med på å drive dette nye sommarprosjektet på feriesenteret Pite Havsbad i Nord-Sverige – som hadde over 50 000 norske besøkjande i fjor.

– Initiativet har eigentleg vore ein idé som sokneprest Frode Wigum hadde. Han har ønska at Sjømannskirken var til stades, også der folk i Nord reiser til på sommaren, seier ho.

– Det skjer ting også her i Nord. Sjømannskirken er i full gang i nordlendingane sitt eige Syden, skriv Wigum til Vårt Land.

Saken er tidligere omtalt i avisen Dagen.

Kyrkja på Pite Hafsbad, som blei bygd i 1992.

«Pop up»-kyrkje

Wigum, som til vanleg er sokneprest i Borge, Stamsund og Valberg i Lofoten, skriv at Sjømannskirken etablerer seg som ei såkalla «pop up»-kyrkje i éin månad. Frå 22. juni til 17. juli deler dei lokale med den lokale forsamlinga Piteå, som allereie har ei fysisk kyrkje på staden.

– Vi samarbeider med den lokale svenske Piteå forsamling som driv kyrkja om føremiddagen, og så tek vi over om ettermiddagen og driv fram til klokka 22 på kvelden. Så langt har det vore positiv respons, først og fremst blant alle nordmennene som er her, og også blant svenskane, skriv han.

Ein er på ferie og bur kanskje i campingvogn, og er saman i fullt trøkk. Det å få ha det stille, er det nokon som har ønskja.

—  Vigdis Alte

Han skriv at forholdet er nært til Piteå Forsamling, som har ansvaret for drifta av kyrkja i sesongen.

Behov for eit stille kyrkjerom i ferien

– Som i alle sjømannskyrkjer er ein velkommen til å komme innom som den ein er, og så inviterer vi opent til vaffel og kaffi, så ein kan sitje ned og ta ein prat om ein vil det. Vi har gudstenester på søndagskveldar saman med svenskane, med både svenske og norske besøkjande. Vi når nok litt breitt ut, er inntrykket, seier Alte.

Vigdis Alte, leiar av noregsarbeidet i Sjømannskirken.

Ho seier det er mange besøk frå barnefamiliar, men også at det har vore ønskje om å berre sitje i kyrkjerommet og ha det stille.

– Ein er på ferie, bur kanskje i campingvogn, og er saman i fullt trøkk. Det å få ha det stille, er det nokon som har ønskja.

Laurdagar inviterer dei til laurdagsgraut, slik som i sjømannskyrkjer rundt om i resten av verda.

– Vi er litt spente på kor mange som har lyst på det i campingferien sin, seier ho.

Prøveprosjekt

Wigum skriv at månaden Sjømannskirken er på feriestaden i nord er eit prøveprosjekt.

– Om det blir et årleg prosjekt avheng av evaluering av årets sesong og sjølvsagt økonomien. Vi leier kyrkja gratis, store delar av utgiftene vi har, er knytt til dei vi må tilsetje frå Noreg.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion