Fredag gjekk generalsynoden, som svarar til det norske Kyrkjemøtet, til den engelske statskyrkja Church of England i gong. Innan tysdag skal delegatane mellom anna behandle eit forslag om at likekjønna par skal kunne få kyrkjeleg velsigning i eigne gudstenester.
Ei gruppe kyrkjeleiarar som kallar seg «Alliansen», og som ifølgje Church Times har stått samla når det gjeld endringane knytt til prosessen rundt statskyrkja si ressurssamling «Living in Love and Faith», truer no med å danne ein eigen organisasjon innanfor den anglikanske kyrkjefamilien.
Det var Dagen som omtala nyheita først i Noreg.
Avisa skriv at mange meiner dette vil likne ein tradisjonell vigsel, og at det vil kunne bli innført liturgiar som bryt med kyrkja offisielle sitt syn på ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne.
Ein ny «parallell provins»
I eit brev til kyrkja si leiing, ved erkebiskopen av Canterbury og erkebiskopen av York, understrekar Alliansen at dei ikkje forlèt Church of England eller den anglikanske nattverden. Men dei er likevel tydelege i si åtvaring:
– Vi vil ikkje ha noko anna val enn å raskt etablere det som i realiteten ville vere ein ny «parallell provins» innanfor Church of England, og å søke pastoralt tilsyn frå biskopar som blir verande trufaste mot ortodoks lære om ekteskap og seksualitet, skriv Alliansen
Blant dei som har signert er ein tidlegare sokneprest i forsamlinga Holy Trinity Church i Brompton, kyrkjelyden som er kjent mellom anna for å ha starta dei no internasjonalt kjente Alpha-kursa, og den nasjonale leiaren i kyrkja New Wine.
Alliansen hevdar å ha støtte frå 2000 prestar innanfor Church of England.
Prøveordning
I oktober blei det opna for at forbønnshandlingar for likekjønna par kunne bli gjort innanfor ramma av ein vanleg gudsteneste. I november vedtok kyrkjesamfunnet at eigne forbønnsgudstenester kunne bli gjennomført under ei mellombels godkjenning, inntil ei ordning for slike gudstenester blir formelt vedtekne.
Forslaget som no skal opp til burdering, legg opp til ei prøveordning med slike gudstenester.
---
Likekjønna ekteskap i Storbritannia
- Likekjønna ekteskap blei innført i Storbritannia ved lov i 2013, og dei første ekteskapa blei inngått i 2014
- Det største kyrkjesamfunnet i England, den anglikanske Church of England, har ikkje opna for likekjønna vigsel
- Dei to store kyrkjene i Skottland, Den skotske episkopale kirke og Den presbyterianske kirken i Skottland, har begge liturgi for inngåing av likekjønna ekteskap
- Den anglikanske kirken i Wales har ein godkjent liturgi for forbøn for likekjønna par
---