Religion

Leigde inn helikopter til godterislepp på kristen festival

BARNECAMP: På Oslo Kristne Senter sin Barnecamp, kom det gode ovanfrå i bokstavleg forstand: – Denne gongen var det godteri, seier medlem i prosjektgruppa

«All good things come from above» skreiv Thomas Åleskjær, hovudpastor i Oslo Kristne Senter (OKS), i eit instagraminnlegg denne helga.

Åleskjær refererer antakeleg til bibelens Jakob som i kapittel 1, vers 17 skriv at «All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen».

Det var neppe godteri ifrå himmelen Jakob viste til då han skreiv brevet i Det nye testamentet. Men at deltakarane på OKS sin årlege Barnecamp fekk nettopp denne smakfulle fornøyelsen frå ovan, er det inga tvil om.

I fleire år har det nemleg vore tradisjon for å sleppe ned eit tosifra antal kilogram søtsaker til dei minste, frå eit flygande helikopter like over bakken.

– Vi avsluttar veka med at vi samlar alle barna og foreldra til ein foreldredag, der avslutninga er at det kjem eit helikopter med 70 kilo godteri, seier Katrine Åleskjær, som var i prosjektgruppa for barnefestivalen dette året.

– Ein del av budsjettet

Godterisleppet var ikkje eit nytt påfunn i år, men for nokre år tilbake kom det nye regler frå luftfartsmyndigheitene som gjorde at OKS ikkje trudde at det ville vere mogleg å halde fram med denne storhendinga, ifølgje Åleskjær. Derfor har dei heller ikkje søkt dei siste åra, og har hatt eit opphald frå helikoptergodteriet – fram til no. I år flytta dei stad, og fekk godkjenning.

Ho fortel at dei leigde inn helikopter og pilot til å utføre oppdraget.

– Det er ein del av budsjettet. Barna betalar for å vere der heile veka, og dei betalar sjølvsagt for mykje meir enn det helikopteret. Det er berre sete av ein liten pott til det, men det er budsjettert inn.

Katrine Åleskjær.

– Veit du kor stor andel det er snakk om?

– Nei, det veit eg ikkje. Men det er ikkje ein stor andel av budsjettet. vi investerer jo i nye innretningar og alt slikt til Barnecamp heile veka, så det er ikkje sånn sett ein stor pott. Eg veit ikkje kor mykje det kostar, eg har ikkje tal på det.

Alt det gode kjem ovanfrå, og denne gongen var det godteri

På spørsmål om ho har ein kommentar til Åleskjærs referanse i instagraminnlegget, seier ho at dette er noko dei har tulla med.

– Det er nok ikkje ei veldig seriøs utsegn frå Thomas, det er meir ei sånn artig greie at «alt det gode kjem ovanfrå, og denne gongen var det godteri», seier ho og legg til:

– Vi trur jo på at gode ting kjem ovanfrå, sjølvsagt, og vi trur at vi gir barna det heile veka.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion