I fjor skreiv Vårt Land om spedalsk-landsbyen Mangarano på Madagaskar. Det tidlegare norske misjons-flaggskipet har sidan 2015 vore forlatt og stått til forfall, etter at lepra-sjukdommen ikkje lenger kravde avsondring av pasienten frå resten av samfunnet.
Då var ein 130 år lang historie slutt. Dei siste 16-17 leprasjuke innbyggjarane flytta ut av rekkene med små murhus, og dørene blei låst bak dei.
No vil Det Norske Misjonsselskap (NMS) saman med Den gassisk-lutherske kyrkja blåse nytt liv i det store senteret.
– Det er stort, seier Arild M. Bakke om dei nye planane.
Han har levd store delar av livet sitt på Madagaskar, og var på Mangarano fyrste gong i 1966, då han feira 17. mai der som fireåring.
Innsåg potensiale etter presseomtale av forfallet
Bakke er leiar for seksjon Aust-Afrika i NMS. Han fortel at då den norske organisasjonen var med på å avvikle spedalsk-landsbyen i 2013-2015, var det heile tida tanken at den lokale kyrkja skulle utnytte det store anlegget til nye formål.
– Men så skjedde det ikkje noko meir. Og det har sidan den gong forfalle veldig, slik Vårt Land har vore med på å dokumentere.
Leiinga i Den gassisk-lutherske kyrkja blei inspirerte til å ta ein ny gjennomgang av bruken av Mangarano i desember i fjor, mellom anna med bakgrunn i at saka hadde blitt omtalt i norsk presse, fortel Bakke.
Han trur få på det nasjonale planet i kyrkja var klare over kor mykje jord og bygningsmasse som låg brakk.
Etter at to delegasjonar besøkte området i desember byrja ting å skje raskt, og ein visjon om å utnytte området vaks fram. Ganske raskt tok dei kontakt med NMS.
No er håpet at anlegget skal huse eit psykososialt helsesenter. Rett og slett ein stad for å ta vare på menneske med psykisk uhelse.
Og at behovet er der, er det lita tvil om.
Dette skal det bli bruka til
Det er over éin million menneske per psykiater på Madagaskar, og dei rundt 30 millionar innbyggjarane har éit psykiatrisk sjukehus på deling.
I fyrste omgang vil ein på Mangarano konsentrere seg om unge menneske som slit med rus, fortel Bakke.
– Og på sikt kan det hende at ein utvidar og legg til rette for eit breiare arbeid med psykisk sjukdom.
I fjor skreiv Vårt Land om den store mangelen på helsetenester retta mot menneske med psykiske problem på Madagaskar, og om korleis kyrkja prøver å bøte på det med sine «sjukelandsbyar».
Der tek ufaglærte «hyrdar» på frivillig basis seg av menneske som kan ha utfordringar av eit vidt spekter, som infertilitet, depresjon, angst, Downs syndrom, rus eller depresjon. Ofte slår ein fast at det er vonde ånder eller demonar som er årsaka til plagene.
Det «nye» Mangarano skal bli noko anna, sjølv om ein også vil dra med seg nyttige erfaringar frå arbeidet i sjukelandsbyane.
– Veldig spanande
– Det er veldig spanande at kyrkja sitt helsedepartement som driv 20 sjukehus no ser ut til å få opp auga for å jobbe meir med psykisk helsevern med ein fagleg basis, synest Bakke.
Håpet er at ein på det nye senteret kan utvikle fagkompetanse på området, som så kan vidareformidlast gjennom kursing og opplæring til mellom anna hyrdane i sjukelandsbyane.
– NMS har parallelt med dette bestemt seg for å støtte eit pilotprosjekt i nokre sjukelandsbyar der ein vil introdusere familieterapi i samarbeid med eit psykiatrisk miljø i Stavanger, fortel Bakke.
Det er veldig spanande at kyrkja sitt helsedepartement som driv 20 sjukehus no ser ut til å få opp auga for å jobbe meir med psykisk helsevern med ein fagleg basis
— Arild Bakke, seksjonsleiar for Aust-Afrika i NMS
Håpar på norske dugnadslag
Den norske misjonsorganisasjonen si rolle i å byggje opp det nye senteret på Mangarano skal i fyrste omgang handle om å rehabilitere bygningsmassen, og få arbeidet opp på beina.
– Me har sagt at staten må setje i stand vegen til området og at kyrkja må sørgje for uavhengig drift frå fyrste dag. Me vil ikkje vera med på å drifte sjølve sjukehuset, men me kan nok bidra i forhold til kursverksemd, kompetansebygging og å få opp inntektsbringande aktivitet, seier seksjonsleiaren.
Han nemner at det 3.000 mål store området mellom anna har stort jordbrukspotensial.
Men ingenting er sikkert. Frå NMS si side er prosjektet avhengig av gåver for at det skal realiserast.
Håpet er å samle inn fem millionar norske kroner dei neste 3-4 åra. Og om ein ligg i rute til å nå dette, og alt går etter planen frå den lokale kyrkja si side, kan ein sjå ein byggjestart alt i 2025, trur Bakke.
Mellom anna blir det arrangert ein støttekonsert med koret SKRUK i Oslo i august for å prøve å samle inn midlar.
Éin av husa dei vil ruste opp på Mangarano saman med helsedepartementet i kyrkja er den gamle «søsterbustaden», der norske misjonskvinner eller diakonisser budde og jobba under anleggets «førre liv». No er tanken å gjera det om til eit gjestehus, der ein mellom anna kan huse nordmenn som vil koma på dugnad for å bidra til opprustinga.