– Framover må NMS foreta til dels smertefulle endringar for å sikre framtidig drift, seier Helge S. Gaard, generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap (NMS).
Dette kjem fram i ei pressemelding, der misjonsorganisasjonen sjølv melder at konsernet totalt gjekk i underskot med 12 millionar kroner i 2023.
Hovudårsakene til dette skal vere at NMS Eiendommer og NMS Drift opplever høge rentenivå, utgifter til å omstrukturere leirstader som har blitt sjølvstendige foreiningar og utgifter til leirstader som framleis blir drivne av NMS.
– I fjor gjekk dei fleste leirstadene over til å bli sjølvstendige foreiningar som har ansvar for å drive i økonomisk balanse. I denne oppstartsfasen har dei fått fire millionar kroner som ein startkapital. Dei leirstadene som enno ikkje står på eigne bein, har dessverre eit underskot som er omtrent like stort. I tillegg kjem nedskrivingar på fire millionar kroner. Totalt gir dette altså eit underskot på 12 millionar, seier generalsekretæren i pressemeldinga.
Kan vere aktuelt med avvikling av leirstader
At åtte leirstader gjekk over til å bli sjølvstendige foreiningar, er ifølgje Gaard eit av tiltaka som blei gjort for å unngå avvikling av dei. Til Vårt Land seier han at fire av leirstadene enno ikkje har blitt sjølvstendige, men at det blir jobba med å få dei i økonomisk balanse for at også desse skal kunne bli drifta lokalt.
– Vi kan ikkje ta ein leirstad som ikkje ber seg, over i lokaldrift. Då må vi vurdere ulike alternativ, og det kan for eksempel vere å avvikle verksemda ved å selje, seier Gaard til Vårt Land.
Han legg til at dei ikkje kjem til å seie opp tilsette i NMS no, men at det kan bli aktuelt å sjå på om dei skal erstatte stillingar der tilsette sluttar som pensjonistar eller går over til andre jobbar.
Tru på positiv utvikling
– Kor sannsynleg er det at de blir nøydd til å selje eitt eller fleire av leirstadene som ikkje er blitt sjølvstendige?
– Det vil bli vurdert tidleg i haust viss vi ikkje ser at leirstadene er berekraftige, men vi har framleis tru på at det kan skje det same der som på dei andre leirstadene, som har klart å snu til ei positiv utvikling.
Det er leirstadene Kjeldsund, Mjuklia, Mesnali og Stenbekk som er på veg til å bli sjølvstendige foreiningar i løpet av året. Dei to sistnemnde treng ein ekstra gjennomgang, for å sikre at dei er berekraftige, ifølgje Gaard.
Også desse fire er lova startkapital dersom dei går over til å bli sjølvstendige foreiningar.
– Kva tenkjer de om å utbetale startkapital til enda fire leirstader, med tanke på at noko av årsaka til underskotet handlar om utbetaling av startkapital til åtte andre leirstader?
– Vi ser på den støtta som ei investering i framtida, at desse leirstadene skal kunne drive vidare. Så det tar vi, om det så fører til underskot eitt år, seier han.
Gaard anslår at det vil koste omtrent 3 millionar med startkapital til dei resterande leirstadene. Han seier at leirstadene skal ha gått 10 millionar i minus frå 2016 til 2019, og meiner då at investeringa er verdt det for å kome i balanse. Frå 2019 og fram til 2022 skal også konsernet ha gått i overskot, og skal derfor ha pengane til å gjere dette.
– Men før 2019 var vi kontinuerleg i minus, og derfor er vi veldig opptatt av å ikkje la det setje seg, legg han til.
Det tradisjonelle arbeidet held stand
Sjølv om konsernet totalt gjekk i underskot, gjekk morselskapet NMS isolert sett ut av fjoråret med eit lite overskot. Dette var mellom anna på grunn av omsetningsveksten på 12.9 millionar kroner i butikkjeda NMS Gjenbruk.
– Kostnadene er under kontroll, gåveinntektene er stabile og gjenbruksbutikkane gir stadig større overskot. Resultatet av dette er at støtta til misjonsarbeidet i våre 16 samarbeidsland er like stor som budsjettert, og at dette arbeidet blomstrar, seier Gaard i pressemeldinga.