Sjå føre deg ei megakyrkje. Kva ser du?

Mange seter, store skjermar, eit omfangsrikt lovsongsband

Og ei pastor som taler fritt og ivrig?

Kva med orgel, prest i alba og stola, og ein liturgi ein nordmann lett kan kjenne att?

Velkommen til Hope

Kyrkja som vart stor ved eit uhell

Publisert Sist oppdatert

– Vi hadde ingen plan eller draum eller visjon om dette, seier pastor Mike Housholder.

Heilt vest i Des Moines, delstatshovudstaden i Iowa, mellom butikksenter og kontorbygg og mengder med parkeringsplassar, ligg Lutheran Church of Hope. I 1994 talte kyrkjelyden under 200 sjeler – i fjor hadde dei i snitt 10.500 menneske på gudstenester kvar veke.

På ein nittisju mål stor eigedom har det som starta i ei typisk kvitmalt trekyrkje i løpet av dei siste tretti åra bygd seg opp til ein gigant-kyrkjelyd. Det var ikkje meininga.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP