Religion

Desse er foreslått som ny Oslo-biskop

DEN NORSKE KYRKJA: Jakta på ny hovudstadsbiskop er i gang. Her er alle forslaga til Kari Veiteberg sin arvtakar.

49 namn er foreslått som ny Oslo-biskop.

– Det er veldig hyggeleg å bli nemnt. Eg vil peike på Sturla Stålsett som den beste biskopen for Oslo, men eg tenker at viss ein skulle ønske seg ein feministisk og litt ukonvensjonell teolog kunne jo eg ha vore ein aktuell kandidat til det.

Det seier Gyrid Gunnes, førsteamanuensis ved VID Vitenskapelige Høgskole, som var ein av dei foreslåtte på lista.

Ho vil understreke at ho har det veldig bra i jobben hennar på VID, men seier at stillinga som biskop i Oslo absolutt kunne vere aktuell for henne.

Går tilbake til Kirkens Bymisjon

Det var i januar at Veiteberg meldte at 2024 blir hennar siste år som biskop i Oslo.

17. desember går ho tilbake til å vera prest for Kirkens Bymisjon.

Oslo 20201210. 
Oslos biskop Kari Veiteberg holder pressekonferanse utenfor Oslo domkirke, der hun vil orienterer om hvordan kirken markerer julen i år. I bakgrunnen står medlemmer av Oslo domkor.
Foto: Heiko Junge / NTB

Fram til 15. april har det vore høve for kven som helst å koma med forslag til kven som skal bli ny hovudstadsbiskop for Den norske kyrkja. Det å stå på lista betyr ikkje at ein har sagt seg villig til å stille som kandidat.

I tillegg har bispedømerådet opna for innspel til kva kriterium ein bør leggje vekt på når ein skal velje ut kandidatar.

Tek han over etter svigerinna?

Vårt Land tok ein ringerunde etter det blei kjent at ein Veiteberg gjev seg som biskop, var det Sturla Stålsett som av mange blei peikt på som ein favoritt til å bli ny biskop. Og namnet hans er ein av dei som dukkar opp på forslagslista.

Stålsett er professor på MF vitenskapelig høyskole (MF). Og blir han ny Oslo-biskop er han i godt (familie-)selskap.

Han tek då nemleg over etter svigerinna si, Kari Veiteberg, og går i spora til far sin, Gunnar Stålsett, som var biskop i hovudstaden mellom 1998 og 2005.

Vårt Land har tatt kontakt med Sturla Stålsett, men han ønskjer ikkje å kommentere.

Også namn som Sunniva Gylver, Aud Valborg Tønnesen, Vidar Haanes og Bård Mæland var namn som kom opp i forkant, og som er å finne på forslagslista.

---

Vegen til ny biskop i Den norske kyrkja

  • Alle kan føreslå kandidatar til ny biskop.
  • Bispedømerådet nominerer fem kandidatar.
  • Kyrkjerådet gjev ein frist for å stille supplerande kandidatar til bispedømerådet sin nominasjon.
  • Dei nominerte kandidatane blir presenterte.
  • Alle røysteføre røyster.
  • Dei tre kandidatane med flest røyster vert offentleggjorde.
  • Biskopar og bispedømeråd uttalar seg.
  • Kyrkjerådet tilset ny biskop.

---

Vil ikkje svare på om dei vil stille

Elisabeth Thorsen er å finne på forslagslista. Ho var mangeårig prest i domkyrkja i Oslo, men slutta i 2022 for å jobbe som forfattar.

Ho seier det alltid er fint å oppleve at ein får tillit. På spørsmål om ho kan tenkjer seg å stille som bispekandidat svarar ho:

– Det er ein lang prosess frå det å vera foreslått til å bli nominert og eventuelt tilsett. I denne omgangen vil eg berre takke for at nokon har tenkt på meg i denne samanhengen.

Domprost i Oslo, Pål Kristian Balstad har også blitt foreslått. Det synest han er hyggeleg.

– Det å stille som biskop i Oslo er ei stor oppgåve.

Han vil ikkje svara direkte på kva han tenkjer om å stille seg disponibel til dette sjølv, men seier han er glad for at det er ei lang liste med forslag:

– Slik kan me få ein romsleg, god og samlande biskop.

Trivst der dei er

«Farmen-prest» Thor Haavik står også på lista, og seier at han tar det som eit kompliment å bli foreslått.

– Eg er likevel både for ung og uerfaren til ei slik ansvarsfull rolle, og trivst godt der eg er: å vere forankra lokalt, og samtidig nasjonalt få vere med på å inspirere til Jesus-etterfølging og bygge bruer til kristen tru for mine medmenneske.

Fersk direktør i kulturhistorisk museum Aud Valborg Tønnessen, ser det ikkje som aktuelt å bli biskop i Oslo.

– Men det er hyggeleg å bli nemnt, og at nokon tenker at eg har ein kompetanse og ein profil som ville vere interessant, sjølv om det er ein uforpliktande forslagsrunde.


Desse har blitt foreslått

Anne Berit Evang

Arnfinn Eng

Astrid Sætrang Morvik

Aud Valborg Tønnesen

Birte Nordahl

Bård Mæland

Carl Petter Opsahl

Christofer Solbakken

Elisabeth Thorsen

Elisabet Yrwing Guthus

Espen Andreas Hasle

Gyrid Gunnes

Hallvard Mosdøl

Hans Johan Sagrusten

Hans Aage Gravaas

Helge Sylfest Gaard

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Sommer

Jorund Andersen

Kjersti Gautestad Norheim

Kjerstin Jensen

Kjetil Haga

Kjetil Hoel Hauge

Knut Tveitereid

Lars Martin Dahl

Liv Espeland Jettestuen

Margunn Sandal

Mari Saltkjel

Marianne Bjelland Kartzow

Marit Bunkholt

Martin Enstad

Merete Thomassen

Morten Holmqvist

Ole Kristian Bonden

Paul Erik Wirgenes

Pål Kristian Balstad

Rolf Piene Halvorsen

Silje Kivle Andreassen

Sjur Isaksen

Stephanie Dietrich

Sturla Stålsett

Sunniva Gylver

Thomas Wagle

Thor Haavik

Torbjørn Olsen

Tore Johnsen

Vidar Leif Haanes

Øystein Magelssen

Øyvind Stabrun


Oslo bispedømeråd har frist til 5. september til å nominere opptil fem kandidatar. Kyrkjerådet tek sikte på å tilsetje ny biskop på møtet dei har 5.-6. desember, med presentasjon i Oslo domkyrkje 6. desember.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion