Religion

Million-underskot, forsoning og hasteforhandlingar. Dette må du vite frå årets toppmøte

TRONDHEIM: I fire dagar har dei staka ut retning for Den norske kyrkja. Dette er dei viktigaste sakene frå Kyrkjemøtet.

117 nye folkevalde, frå heile landet, har vore samla i Trondheim til årets kyrkjemøte.

På samlinga i Den norske kyrkjas (DNK) sitt øvste demokratiske organ vedtar dei saker som blir styrande for kyrkjesamfunnet i tida framover.

Det sto 20 saker på sakslista. Slik landa dei viktigaste:

Eit val fylt av spenning

I forkant var det langt frå klart kven av kandidatane Harald Hegstad og Gard Sandaker-Nielsen som skulle gå frå Kyrkjemøtet som ny leiar av Kyrkjerådet, DNK sitt «styre».

Ei kartlegging Vårt Land gjorde, viste at marginane var knappe.

Med 60 mot 55 stemmer vann teologiprofessor Harald Hegstad, som står på kyrkjeval-lista Nominasjonskomiteens liste.

– Eg vil vere ein leiar for alle, for dei som har stemt på meg og dei som ikkje har det, sa Hegstad etter sigeren.

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke.

Eit noko mindre spenningsfylt val – likevel ikkje mindre viktig – var det til leiar av Samisk kyrkjeråd. May Bente Jønsson var einaste innstilte, og blei ved akklamasjon valt til toppvervet. 34-åringen er rådets første sørsamiske leiar.

Til Mellomkyrkjeleg råd, DNK sitt organ for økumenikk og internasjonalt arbeid, fekk Kristine Sandmæl ein ny periode. Ho har vore leiar sidan 2016.

May Bente Jønsson er ny leder for Samisk kirkeråd. Kirkemøtet 2024

Direktøren for Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, har hatt sitt siste kyrkjemøte i stillinga. Det same har Kristin Gunleiksrud Raaum som kyrkjerådsleiar, etter åtte år i vervet.

---

Kyrkjemøtet 2024

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja
  • Dei folkevalde møtest ein gong i året
  • Ein kan kalle møtet kyrkja sitt «storting» eller generalforsamling
  • Møtet skjedde 11.–14. april i Trondheim
  • Kyrkjemøtet har 117 medlemmer
  • Kilde: Den norske kyrkja

---

Nytt styre etter hasteforhandlingar

Organet som set Kyrkjemøtet sin politikk ut i live, Kyrkjerådet, skulle òg fyllast av nye folkevalde.

Eit utval frå ulike kyrkjeval-lister hadde i forkant forhandla fram eit «ferdig» kyrkjeråd, som dei føreslo for Kyrkjemøtet. Det vekte oppsikt.

Grunnen?

Gruppa av 13 folkevalde var utan noko samisk tilstadevere. I løpet av kvelden og natta fekk forhandlingsutvalet gjort om, sørsamisk representant Bjørn Thomas Åhrén fekk plass og Kyrkjerådet blei vedtatt.

Nytt kyrkjeråd. Nytt kirkeråd. Kyrkjemøtet 2024, Kirkemøtet 2024

Slik er Kyrkjerådet no (etter listetilhøyre): seks representantar frå Åpen folkekyrkje, fire frå Nominasjonskomiteens liste, ein frå Bønnelista, ein frå Frimodig kyrkje og ein sørsamisk representant.

Uretten – og vegen vidare

«Årets viktigaste sak» har mange kalla ho frå talarstolen.

Etter rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen har også Den norske kyrkja sett i gang eit arbeid med å erkjenne, unnskylde og reparere etter kyrkjas medverking til fornorskingspolitikken som samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar blei utsett for.

I vedtaket løftar kyrkjesamfunnet fram at dei vil ta ansvar for å bidra til forsoning, tillitsbygging og gjenoppretting etter den uretten som er blitt utøvd.

Kyrkjemøtet har òg stemt ja til ein handlingsplan som skal sørge for at forsoningsarbeidet blir følgt opp. Ein viktig del av den skal handle om unnskyldning, og korleis best å gjere det.

Kirkemøtet 2024

Undervisning frå null til hundre

Kristin Gunleiksrud Raaum, i sin siste tale som kyrkjerådsleiar, sette lys på samfunnets fallande bevisstheit om bibelske referansar, forteljingar og praksis:

– Kunnskap om kristendommen har sokke drastisk dei siste 30 åra. I samfunnet generelt, men òg i kyrkja. Dette må vi gjere noko med. Med stort frimot.

Det har dei folkevalde bestemt at DNK no skal gjere.

Kirkemøtet 2024

I ein ny «plan for kyrkjeleg undervisning og læring» skal alle nåast. Ikkje berre døypte, men også ‘interesserte’, skal få tilgang til undervisning om kristendom og truspraksis.

Mellom anna skal ein satse på samarbeid med barnehage, skule og SFO. Dessutan skal vaksne i alle aldrar, livet ut, få del i kyrkjeleg undervisning. Også ei styrking av samisk kyrkjeliv er ein del av planen.

Raude tal

– Det første eg må gå laus på, er dette med finansieringsordninga og kyrkjas økonomi, sa nyvald kyrkjerådsleiar Harald Hegstad til Vårt Land i helga.

DNK sin økonomi har vore eit presserande tema i Trondheim. Underskotet til kyrkjesamfunnet kjem på meir enn 70 millionar kroner for fjoråret. Og for 2024 er det for første gong vedtatt eit budsjett i underskot, på 42,8 millionar kroner.

Ein kraftig auke i pensjonsutgiftene er hovudårsaka.

Frå talarstolen på generaldebatten første dag, uttrykte Karl Johan Kirkebø, folkevald frå Bjørgvin bispedømme, uro for den økonomiske situasjonen. Han er òg leiar av DNK sitt økonomiutval, og sa tydeleg at kyrkjesamfunnet kan ha brukt opp eigenkapitalen sin om ikkje veldig mange år om ein ikkje tar grep.

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke.

I seinare tid har òg partia Høgre, Frp og Venstre sendt signal om at livssynskronene frå staten må sjåast på – og ikkje aukast – viss dei borgarlege overtar makta ved neste val.

Den nye kyrkjerådsleiaren Hegstad seier han no vil snakke med politikarar og andre trus- og livssynssamfunn, og søke ei løysing for finansieringa i framtida.

Meir fleksibel pengebruk

Diakonar og kateketar, og fagforeiningane deira, var i forkant uroa for ei sak om måten lokalkyrkjene skal ta imot og forvalte pengar på. Skal dei få pengar basert på aktivitetar eller til stillingar?

Bak uroa låg ei frykt for at kyrkjetilsette med masterutdanning ville risikere å bli nedprioritert på grunn av økonomi, og at ei mindre eksplisitt satsing på stillingar med utdanningskrav (og pengar til dei) både kunne hindre rekruttering og kompetanse.

Aktivitetsmodellen blei vedtatt, noko eit stort fleirtal av bispedømmeråd og fellesråd ønskte i høyringa.

Men: Aktørane som har uttrykt bekymringa si i høyringar, har blitt lytta til. «Kompetanse skal belønnes gjennom tildelingen», er blant sigrane som har komme med i det endelege vedtaket.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen har vært journalist siden 2016. For tiden jobber hun primært med samtalepodkasten Åpenbart og er lydansvarlig i redaksjonen. Ellers har hun Den norske kirke og teologisk akademia som sine hovedfelt, samt skriver portrettintervjuer.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion