Religion

Har forsprang på éi stemme

DEN NORSKE KYRKJA: Vårt Lands ringerunde viser nesten daudt løp i kyrkjerådsleiarvalet. Mange har ikkje bestemt seg endå, og slaget om deira stemmer står det neste døgnet.

– Eg vil gjerne høyre samtalene i plenum før eg avgjer kven eg landar på.

Det seier kyrkjemøtemedlem Per Gunnar Pedersen om kven som skal få stemma hans i kyrkjerådsleiarvalet fredag.

Han er éin av 117 medlemmar med stemmerett i Kyrkjemøtet som er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja (DNK). Dei skal samlast i Trondheim til sitt årlege møte 11.-14. april.

To teologar står på val til vervet som kyrkja si øvste, valde leiar: Gard Sandaker-Nielsen og Harald Hegstad.

Vårt Land har tidlegare skrive at det ligg an til å bli ein valthriller, og at det er knytt særleg mykje spenning til kven dei i Kyrkjemøtet som ikkje er tilknytte ei «kyrkjevalliste» vil stemme på. No har Vårt Land kontakta alle desse for å sjekke stoda.

---

Kven skal leie Kyrkjerådet?

  • 12. april blir det valt ny leiar av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK), på Kyrkjemøtet i Trondheim.
  • To teologar står til val til vervet: Gard Sandaker-Nielsen og Harald Hegstad.
  • Dei representerer høvesvis Open folkekyrkje og Nominasjonskomiteens liste.
  • Det er også høve for medlemmane i Kyrkjemøtet til å komma med benkeforslag under møtet.

---

Per Gunnar Pedersen, leiar Agder og Telemark bispedømeråd

Vil møte dei før han bestemmer seg

Pedersen er éin av dei, og for han er det spesielt éin ting han vil lytte etter før han bestemmer seg:

– Eg er oppteken av at me får ein leiar som er mest mogleg samlande.

Og Pedersen er ikkje aleine om å ikkje ha bestemt seg. Det har heller ikkje Ole Amund Hafell, som i likskap med Pedersen er valt inn i Kyrkjemøtet som representant for dei tilsette i DNK.

– Eg er oppteken av at vi skal velje ein person som skal vera andletet til kyrkja utad, med god kommunikasjon med media, styresmaktene og andre ein skal samarbeide med for å få gjennomslag for dei sakene som er viktig for kyrkja, seier Pedersen

Han vil gjerne vente til han har møtt dei to leiarkandidatane før han bestemmer seg, fortel han.

---

Desse sit i Kyrkjemøtet

  • 34 er valt inn frå Open folkekyrkje
  • 26 er valt inn frå Nominasjonskomiteens liste
  • 10 er valt inn frå Bønnelista
  • 7 er valt inn frå Frimodig kyrkje
  • 12 biskopar
  • 22 tilsetterepresentantar
  • 3 samiske representantar
  • 1 leiar av Samisk kyrkjeråd
  • 1 leiar av ungdomsutvalet
  • 1 representant frå Døvekyrkja

---

Blanke stemmer?

Det er altså 117 kyrkjemøtemedlemmar som har stemmerett i kyrkjerådsleiarvalet. For å bli vald treng kandidaten meir enn halvparten av stemmene. Dersom ingen stemmer blankt betyr dette minst 59 stemmer.

Hegstad er fremma som kandidat for Nominasjonskomiteens liste. Gitt at alle som er valt inn på deira lister stemmer på han betyr dette 26 stemmer.

Og nyleg kunne Vårt Land melde at han også kan rekne med å få dei 7 stemmene frå Frimodig kyrkje. Samanlagt er det 33 stemmer.

Bønnelista held korta tettare til brystet og har foreløpig ikkje gått ut med noko felles svar på kven stemmene til deira ti representantar går til. Men leiar Jo Hedberg vedgjekk nyleg i Vårt Land at Hegstad er «litt mer spiselig» for lista han leiar enn motkandidaten.

Det er derfor usikkert om dei vil stemme blankt, fremme sin eigen kandidat, eller stemme på éin av dei to noverande kandidatane.

Slik vil dei stemme

Får Sandaker-Nielsen alle stemmene frå den kyrkjepolitiske lista han leier, Open folkekyrkje, har han 34 stemmer.

Ein stemmer anonymt i kyrkjerådsleiarvalet. Det kan tenkjast at dette gjer det enklare for dei som høyrer til ei kyrkjevalliste å stemme på ein annan person enn det lista samla har gått inn for.

Tek ein det likevel som utgangspunkt at folk stemmer i tråd med si eiga liste, manglar Sandaker-Nielsen 25 stemmer og Hegstad 26.

Vårt Land har kontakta alle dei førti kyrkjemøtemedlemmar med stemmerett som ikkje høyrer til ein av dei fire kyrkjevallistene for å spørje kven dei vil ha som leiar av Kyrkjerådet.

Slik blei utfallet:

7 vil stemme på Hegstad

5 vil stemme på Sandaker-Nielsen

15 har ikkje svart eller vil ikkje svara

13 har ikkje bestemt seg

Tek ein med dette i berekninga manglar Sandaker-Nielsen 20 stemmer for å nå eit fleirtal, medan Hegstad manglar 19.

Har bestemt seg

Dag Tormod Milje er sokneprest i Tysvær. Han er ein av dei som har gjort seg opp éi meining.

Han synest det er to veldig gode kandidatar til leiarvervet denne gongen, men har bestemt seg for å stemme på Sandaker-Nielsen.

– Eg trur han vil bringe noko nytt og dynamisk inn i kyrkja si leiing. Han har ei sterk evne til å kommunisere og møte folk på som eg trur kyrkja er godt tent med, ikkje minst når vi vil nå menneske også utanfor våre eigne rekkjer.

Milje trur nokon ikkje vil ha Sandaker-Nielsen som ny kyrkjerådsleiar fordi han har vore så tydeleg i kampen for rettane til homofile i kyrkja, og i arbeidet å byggje opp og fronte Open folkekyrkje.

– Men han har ei veldig klar rolleforståing, og er ein dyktig strateg. Kyrkjerådsleiar har ein viktig, samlande funksjon for kyrkja, og eg tviler ikkje på at Sandaker-Nielsen forstår at han går inn i ei anna rolle om han blir kyrkjerådsleiar, seier Milje.

---

Kyrkjemøtet 2024

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja og møtest ein gong i året.
  • Ein kan kalle møtet kyrkja sitt «Storting» eller generalforsamling.
  • I år er fyrste gong det nye Kyrkjemøtet som sit for perioden 2024-2027 samlast.
  • Møtet skjer 11.-14. April. I Trondheim.
  • Kyrkjemøtet har 117 medlemmar.
  • 77 av desse er medlemmane av dei 11 bispedømeråda, som blei valt inn i fjorårets kyrkjeval. I tillegg er der 22 representantar for dei tilsette i Den norske kyrkja der, alle biskopane og samiske representantar. Det sit også ein representant for døvekyrkjelydane og éin frå ungdomsutvalet.
  • Det står 20 saker på sakslista.
  • I år skal Kyrkjemøtet mellom anna velje nytt kyrkjeråd og leiar av dette for dei fire neste åra. Det same gjeld også for Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd.
  • I tillegg skal Kyrkjemøtet mellom anna ta for seg plan for kyrkjeleg undervisning, fordeling av pengar for 2024 og jobbe vidare med kyrkjeleg organisering, som har vore den store saka på dei to førre kyrkjemøta.


Kjelde: Den norske kyrkja

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Sondre Bjørdal

Sondre Bjørdal

Sondre Bjørdal jobber i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion