Religion

Kyrkjevalet blei kalla «ein trussel mot truverdet til Den norske kyrkja». No vil dei ta grep

EVALUERER: Kyrkjerådet er ikkje nøgde med valdeltakinga. No vil dei vurdere alt frå heildigitale val, nytt tidspunkt og ny valordning.

I fjor haust var det parallelt med kommune- og fylkestingsvalet kyrkjeval i Den norske kyrkja. For fyrste gong kunne ein stemme digitalt i kyrkjevalet, men dette forhindra ikkje ein nedgang i valdeltakinga.

Berre 9,1 prosent av dei som kunne stemt gjorde det. I 2019 var det 12,6 prosent som stemte og i 2015 var valdeltakinga på 16,7 prosent.

Kommentator, Frank Rossavik, sparar ikkje på kruttet:

– Frammøtet i kyrkjevalet gjekk ytterlegare ned i fjor. Så langt ned at valet er i ferd med å bli ein parodi. Og ein trussel mot truverdet til Den norske kyrkja, skriv han i ein kommentar i Aftenposten.

På møtet deira denne helga gjorde Kyrkjerådet det tydeleg at heller ikkje dei er nøgde med tala frå valet i fjor.

No ynskjer dei å sjå på ei rekke endringar og at ein skal «kritisk vurdere ressursbruken i ljos av det som framstår som realistisk oppslutning om kyrkjeval».

Nesten 80 millionar kroner

I ein ny evalueringsrapport kjem det fram at den endelege prislappen på arbeid knytt til det siste kyrkjevalet blei på om lag 78,3 millionar kroner. I tillegg kjem lønsutgifter til tilsette i Kyrkjerådet som har jobba med valet.

Noko av det det blei brukt pengar på:

  • Ca. 34,7 millionar kroner i tilskot til kyrkjelege fellesråd for lokal gjennomføring av valet.
  • Ca. 19,4 millionar kroner gjennom heile perioden på den digitale valløysinga.
  • Ca. 14,9 millionar kroner på kjøp av tenester, mellom anna trykk av stemmesetlar og omsetjings- og kommunikasjonstenester.
  • Ca. 5,7 millionar kroner på annonsar i kyrkjevalkampen.

---

Kyrkjeval

• Kyrkjevalet i Den norske kyrkja består av to val:

• Ved val til soknerådet stemmer veljarane på dei dei ynskjer skal styre deira lokale kyrkjelyd. Dette er (bortsett frå to stadar) eit reint personval, der kandidatane stiller mot kvarandre på same liste.

• Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet stemmer veljarane på dei dei ynskjer skal sitje i bispedømerådet, som er det øvste organet i kvar einskild bispedøme. Medlemmane av dei til saman elleve bispedømeråda er også automatisk medlemmar av Kyrkjemøtet, som er Den norske kyrkja sitt øvste organ.

• I tillegg til dei 77 «leke medlemmane», altså dei som er demokratisk valde av kyrkja sine medlemmar, består Kyrkjemøtet også av 22 tilsette representantar, dei 12 biskopane, leiar for Samisk kyrkjeråd og tre samiske representantar, og éin representant for Døvekyrkja. For å få fleirtal på Kyrkjemøtet krevst det 59 representantar.

• Kyrkjemøtet er Den norske kyrkja sitt øvste organ. Her avgjer ein mellom anna teologispørsmål, liturgisaker, kyrkja sitt budsjett og andre styringsdokument. Kyrkjemøtet vel også Kyrkjerådet, som har ansvaret for den daglege drifta av kyrkja nasjonalt.

---

Vurderer heildigitale val

Kyrkjerådet hadde evalueringsrapporten oppe til handsaming. I sitt vedtak ber dei om at det blir førebudd ei sak til septembermøtet til det nye Kyrkjerådet som blir valt i april. Ein skal ta sikte på å få til ei høyring før Kyrkjemøtet skal få saka på bordet i 2025.

Dette er elementa dei ynskjer å vurdere endringar på:

  • Skal ein ha fysisk og/eller digitalt val?
  • Tid og stad for valet?
  • Korleis skal Kyrkjemøtet setjast saman?
  • Kan ein gjera forenklingar i regelverket?
  • Valordninga.

I sakspapira til Kyrkjerådsmøtet er det nemnt tre alternativ til det fyrste punktet. Alle tre held på høvet til å stemme digitalt, men berre ein av dei har dagens ordning med valdag med fysisk stemmegjeving.

Eit «mellomforslag» ser dei for seg kan vera at dei som til dømes ikkje har Bank-ID kan få stemme på papir, eller at ein har ei meir omfattande fysisk førehandsstemming. Det siste inneber eit heildigitalt val.

Mange frivillige timar for få stemmer

Ein peikar på at det å gjennomføre kyrkjeval samstundes, og i nærleik av, offentlege val gjer kyrkjevalet tilgjengeleg å relativt enkelt å delta i.

«Ordninga krev samstundes svært store ressursar lokalt, med nesten 13.000 valfunksjonærar fordelt på 2326 vallokale».

Dette er det fleire som har påpeikt at ikkje er berekraftig i lengda, mellom anna noverande kyrkjerådsleiar, Kristin Gunleiksrud Raaum:

– Tilsette i alle stillingsgrupper brukar tid på kyrkjeval, i staden for å forkynne evangeliet og byggje fellesskap. Frivillige hender stiller opp i mange timar for å ta i mot relativt få stemmer, skreiv ho i Vårt Land i etterkant av valet i fjor.

Ho er ein av mange som har tatt til orde for at Kyrkjemøtet må finne ei ny valordning. Og no er altså stafettpinnen sendt vidare til det nye Kyrkjerådet som snart skal veljast.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion