Religion

For fyrste gong skal ramadandekor pryde gatene i Oslo

HØGTID: Snart skal muslimar over heile verda feire ramadan. Det markerer Oslo med ei gate dekorert med lysande halvmånar.

Måndag om halvannan veke er fyrste fastedag i ramadan, fastemånaden for muslimar.

Og for fyrste gong skal dette prege bybiletet i hovudstaden i form av lysdekorasjonar i gata rett ved rådhuset. Det var det avisa Vårt Oslo som meldte fyrst.

Det er Oslo kommune som står for høgtidspyntinga.

Vårt Land har tidlegare skrive om at byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg (H), har ivra for ei slik ramadan-gate. Under fjorårets feiring kom han med det som ein vallovnad.

Og no er det på plass. Men lysa skal rett nok ikkje tennast før på kvelden sundag 10. mars.

Byrådsleder Eirik Lae Solberg (H) lover å jobbe for at Oslo skal bli en grønnere by og en tryggere by for barn å vokse opp i. Foto: Terje Pedersen / NTB

NRK har snakka med talsperson for Muslimsk Dialognettverk, Arshad Jamil, som er glad for tiltaket:

– Eg trur dette kjem til å bli kjempebra. Det er ei uskuldige lys, som vil bety mykje for veldig mange unge muslimar. Dei vil føle at dette er også deira by, seier han.

Halvannan million kroner

På leiarplass har Vårt Land tidlegare kalla ynsket om ramadan-pynta gater for eit viktig signal om at ein vil vera eit livssynsope samfunn, men at det er legitimt å spørje om kven som skal ta rekninga.

NRK skriv at lysa vil koste opp mot halvannan million, og at det er Oslo kommune som tek rekninga. Dei har intervjua byrådsleiaren, som er einig i at det etter kvart bør vera andre som finansierer lysa, men at kommunen skal bidra i startfasen:

– Det er naturleg at næringslivet, religiøse organisasjonar og kulturelle organisasjonar tek rekninga og ansvaret for dette i framtida, seier Lae Solberg.

Gruppeleiaren til Frp i bystyret, Magnus Birkelund, seier til Aftenposten at han meiner det er naturleg at kommunen brukar pengar på å markere jul, sidan denne tradisjonen strekkjer seg tilbake til før-kristeleg tid.

– Sjølv om islam no er den nest største religionen i Oslo, blir det heilt feil å berre feire éin av dei andre religionane utover kristendommen. Kva med buddhistane, hinduistane, jødane, ortodokse kristne også vidare, spør han.

Uavhengig av framtida til eventuelle framtidige markeringar av andre høgtider kjem i alle fall Roald Amundsens gate i Oslo til å bli lyst opp av Halvmåne-dekorasjonar frå og med solnedgang måndag 11. mars, i det fasta skal brytast for fleire titals tusen norske muslimar.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion