– Mitt innsteg i denne saka er å verne varslarar. Det skal vera trygt å varsle om forhold i Den norske kyrkja.
Det seier biskop i Agder- og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen, om saka i Øyestad kyrkja i Arendal kommune.
Reinertsen seier det heile starta som ei personalsak der fleire varsla, mellom anna prestane, og at desse varsla blei handtert etter gjeldande reglar.
– I etterkant er det ei gruppe menneske som er ueinige i den avgjersla som er fatta. Og som har retta skuldingar mot varslarane.
Biskopen seier at det er veldig viktig for han at det ikkje er varslarane som ber ansvaret for korleis varsla blir handsama.
Nytt møte med biskopen
Det har skapt merksemd at biskopen har gått til steget å flytte gudstenester vekk frå kyrkja der striden står.
Og kravet om å få samlast til kyrkjelydsmøte for å snakke om saka, blei nyleg avvist av soknerådet.
På måndag møtte biskopen fleire representantar for gruppa av kyrkjemedlemmar som er ueinige i handteringa av saka.
Ein av desse er Ola Ketil Kvitstein. Han har vore aktiv i kyrkja i Øyestad i hele sitt vaksne liv, og er ein av talspersonane for gruppa.
Kvitstein seier det var ein grei tone på møtet, og at begge partar har stor respekt for kvarandre.
– Me diskuterte situasjonen og prøva å kartleggje vegen vidare. På sikt håpar eg at me kan sjå rørsle på fleire område i saka.
Kvitstein og gruppa han representerer skulle gjerne sett at ein bruka vikarprestar medan konflikten held på, slik at ein kunne halde fram med å ha gudstenester i Øyestad kyrkje.
Kvitstein meiner at det ikkje er personalsaka i seg sjølv som er årsaka til at kyrkja er stengt, men at det kom som ein reaksjon på noko gruppa han er ein del av ytra.
– Kan ikkje oppmuntre folk til å gå i kyrkja
– Me gjorde det klart i eit brev til biskopen og soknerådet at me ikkje kunne oppmuntre folk til å gå i kyrkja så lenge dei involverte prestane våre forretta ved gudstenesta.
Kvitstein seier dei fekk svar på brevet frå kyrkjeverje, prost og biskop, men at dette ikkje er gjort offentleg.
I svaret skal det ifylgje Kvitstein koma fram at ein vil la vera å halde vanlege sundagsgudstenester i Øyestad kyrkje på grunn av gruppa si formulering om å ikkje ville oppmuntre folk til å koma på gudsteneste.
Nokon som ikkje ynskjer prestane velkomne har tatt kontakt
— Biskop Stein Reinertsen
– Ynskjer ikkje prestane velkomen
På spørsmål frå Vårt Land om dette stemmer seier Reinertsen dette:
– Det stemmer at nokon som ikkje ynskjer prestane velkomen har tatt kontakt. Mellom anna på bakgrunn av dette tok eg avgjersla om å flytta dei forordna gudstenestene i Øyestad kyrkje til andre kyrkjer i soknet. Det er snakk om 2-3 gudstenester til no. Det gjorde eg for å sikre eit trygt arbeidsmiljø for dei eg er sjef for.
Reinertsen seier både kyrkjeverja, vernetenesta og fagforeiningar har vore inne i bildet.
Forordna gudstenester er dei gudstenestene som biskopen har vedtatt at skal finne stad i den enkelte kyrkja. Med andre ord, dei fleste, vanlege sundagsgudstenestene i ei kyrkje. I tillegg kjem det gravferder, dåpar eller bryllaup. Desse er det framleis ope for å halde i Øyestad kyrkje.
Uvisst kor lenge til ein kan ha gudstenester att
– Det er gode menneske på begge sider i denne striden, og alle ynskjer å kunne ha gudstenester i Øyestad kyrkje og at ein kan jobbe godt saman, både blant dei tilsette og dei frivillige. Eg trur og håpar at me kan klara å finne løysingar.
Reinertsen seier han ikkje har sett eit tidspunkt for når gudstenestene skal bli flytta tilbake til Øyestad kyrkje, men at det vil skje når ein har komme fram til ei løysing på striden.