Religion

Kristen skule skal byggje for 38 millionar

NYBYGG: Fleirfaldige millionar skal sørgje for nytt internat og undervisningsbygg for den kristne skulen på Jæren.

Tryggheim skular har planar om to heilt nye bygg og oppgradering av uteområda på skulane innan 2030. Hovudstyret i Misjonssambandet, som eig skulen, vedteke eit lån på 38 millionar kroner for å kunne realisere det.

Tryggheim er både ein vidaregåande skule og ein ungdomsskule på Nærbø i Rogaland, og dei to nye bygga høyrer til fyrstnemnde.

Fyrst på planen står bygging av eit nytt internat. Deretter kjem eit nytt undervisningsbygg, som skal byggjast der eit av dei gamle internata står i dag.

– Bygningane har ikkje godt nok inneklima. Fagfolk råda oss derfor til å riva internatbygget Austheim og å pussa opp den resterande bygningsmassen, seier rektor Gjermund Viste til Utsyn, som melde om saka fyrst.

Nytt internat på Tryggheim skular

– Fyrst og fremst vil det nye bygget sørgja for betre plass for helse- og oppvekstfag, og for elektro og datateknologi, seier rektoren.

Aukar ikkje talet på elevar

Det nye undervisningsbygget skal etter planen stå klart om tre år, altså ei god stund før heile prosjektet skal vere fullført.

---

Tryggheim skular

  • Ligg på Nærbø i Hå kommune og er både vidaregåande skule og ungdomsskule.
  • Hausten 2023 hadde skulen rekordmange elevar, med 220 elevar på internat og 552 totalt på den vidaregåande skulen.
  • Tilbyr studieprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering.

Kjelde: vgs.tryggheim.no

---

Viste forklarer for Vårt Land at bygging av nytt internat ikkje vil føre til auke i elevtalet, sidan det nye internatet skal dekkje det same behovet som skulen har i dag.

– Elevane får ein betre skulekvardag, med meir lys, betre inneklima og finare grøntområde. Det er ei betydeleg heving, seier han.

Hå

– Kva skjer under bygningsarbeidet med tanke på elevar og lærarar?

– Me har fått inn ein del modular (tilsvarande brakker journ.amn) med klasserom og grupperom, og det dekkjer ein del av behovet. Me er òg i dialog om aktuelle lokale i nabolaget, seier Viste.

Elevane får ein betre skulekvardag, med meir lys, betre inneklima og finare grøntområde. Det er ei betydeleg heving

—  Gjermund Viste

Nøgd med teikningane

Rektoren er godt nøgd med planane slik dei ser ut:

– Arkitektane har gjeve oss flotte teikningar. Det har vore ein god prosess, med tett medverking frå framtidige brukarar.

Undervisningsbygg på Tryggheim skular

Til Utsyn fortel han at han opplev at Hå kommune heiar på dei, og gjer det dei kan for å leggje til rette for skulen. Tryggheim er den skulen i Rogaland som skårar høgst når det gjeld trivsel blant alle fyrsteklassingane på vidaregåande skular i fylket.

Vårt Land har tidlegare skrive om at Hå på Jæren er ein viktig kommune for KrF, og at mange unge vert rekruttert til partiet frå Tryggheim.


Les mer om mer disse temaene:

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia er tilknyttet Vårt Land som journalist i religionsavdelingen.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion