Religion

Møter kyrkjeleiarar på reise i Palestina: – Folk her er skuffa over vestlege kyrkjer

KULTURUTVEKSLING: Biskop Kari Veiteberg og ei gruppe artistar og kunstnarar er på reise med Kirkelig kulturverksted i Palestina.

– Folk kjenner seg forlatne og ikkje sett av den vestlege verda. Dei har merka eit stemningsskifte i Vesten der det som skjedde 7. oktober har bidrege til å redusere støtta til palestinarar generelt.

– Det blir ei kollektiv avstraffing av folk, og det synest både menneske her og eg er djupt urettferdig. Dei seier dei gjerne vil at me skal formidle det me ser og opplever her i vårt land.

Det seier Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted (KKV), på telefon frå Jerusalem.

I desse dagar er han på reise i Palestina saman med ei handfull artistar og kunstnarar han har invitert med seg, i tillegg til biskopen i Oslo, Kari Veiteberg.

Kunstnarane som er med er Marthe Valle, Pål Moddi Knutsen, Knut Reiersrud, Jannik Abel, og påtroppande dagleg leiar for KKV, Hans Olav Baden. Alle desse har på ulikt vis hatt samarbeid med KKV og Hillestad.

Pål Moddi Knutsen på reise med Kirkelig kulturversted i Palestina

Men kva gjer ein biskop i miksen?

– Ein giftig cocktail

– Folk i kyrkjesamanhengar her nede er veldig skuffa over vestlege kyrkjer som ikkje seier tydeleg nok ifrå. Som ikkje arresterer den sionistiske ideologien nok, noko som bidreg sterkt til at Istrael frå så stor støtte frå USA, seier Hillestad.

Me vil gjerne vera der for dei i denne veldig vanskelege tida dei går gjennom. Også håpar me å finne samarbeidsformer framover, som kan skape kunstprosjekt

—  Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted

Han meiner sionistisk teologi utvikla i kristen samanheng er «ein giftig cocktail».

– Difor tenkte eg at det var lurt å invitere Veiteberg til å snakke med kyrkjeleiarar her, fortel Hillestad.

Vårt Land har bedt om eit intervju med Veiteberg, men ho ynskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Håpar det munnar ut i kunstprosjekt

På den knappe veka gruppa er på reise saman besøkjer dei ei rekkje kunstnarar i området.

Dette fortel Hillestad er menneske og institusjonar KKV har samarbeidd med i fleire tiår, og som dei no forsterkar kontakten med, etter ein lågare aktivitet under pandemien og tida etter.

– Me vil gjerne vera der for dei i denne veldig vanskelege tida dei går gjennom. Også håpar me å finne samarbeidsformer framover, som kan skape kunstprosjekt, seier Hillestad.

Til Klassekampen seier musikar Marte Valle at menneska dei treffer på reisa seier at ein eigen, palestinsk stat verkar fjernare enn nokon gong.

– Det er viktig at me reiser no for å få historiene til dei me kjenner og som bur her, om korleis dei opplever okkupasjonen, seier ho til avisa, og understrekar at ho vil fortelje historiene deira vidare.

Her kan du lesa eit tidlegare Min tro-intervju med artisten.

Rår ifrå reiser hit som ikkje er «strengt nødvendige»

Gruppa bur i Jerusalem under opphaldet, men har òg har vore i Betlehem og Ramallah på Vestbreidda.

Utanriksdepartementet frårår reiser som ikkje er strengt nødvendige til fleire av områda gruppa har vore i.

Hillestad seier dei er i kontakt med stadlege representantar for norske styresmakter på Vestbreidda, og at dei har gitt støtte til at reisa deira blir gjennomført.

– Me legg sjølvsagt vekt på å ikkje ta unødige sjansar. Me ser på denne reisa som strengt nødvendig i denne tida, og har kjent oss trygge til no, held han fram.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion