Religion

Vil styrke forholdet til Forsvaret: Gjev dei ny biskop

DEN NORSKE KYRKJA: Oslo-biskopen skal ikkje lenger ha tilsyn med feltprestane. Årsaka er eit auka fokus på kyrkja sitt bidrag i krig og krise.

Preses har «ei særleg rolle i kyrkja nasjonalt og kan bidra til å i endå større grad vareta relasjonen mellom kyrkja og forsvaret på eit nasjonalt nivå», står det i sakspapira til Bispemøtet som vart samla denne veka i Oslo.

Alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK) sit i Bispemøtet, som normalt har møte tre gonger i året.

Dei har altså bestemt at det ikkje lenger skal vera biskopen i Oslo som har tilsynsansvar for DNK-vigsla prestar som er tilsette i Forsvaret, såkalla feltprestar. Frå og med 1. april skal preses, som no er Olav Fykse Tveit, ha dette ansvaret.

Det er 37 prestar som er vigsla i Den norske kyrkja som i dag jobbar i Forsvarets trus- og livssynskorps. Før heitte dette Feltprestkorpset.

Krigsscenario

Preses Olav Fykse Tveit her med i arbeidsgruppen som utarbeide en egen gudstjeneste hvor Den norske kirke vil be skeive om unnskyldning for den smerte og urett som har vært utvist. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I sakspapira til Bispemøtet blir det lagt vekt på at kyrkja ynskjer å styrke rolla ho har i den norske totalberedskapen.

I dette omgrepet ligg både militært og sivilt arbeid for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser, væpna konflikt og krig.

AT DNK ser på kor ansvaret for prestar tilsette i Forsvaret ligg, blir sett på som ein del av dette arbeidet.

I 2023 skreiv Kyrkjerådet at «krigsscenario ikkje er ein del av Den norske kyrkje sine eksisterande beredskapsplanar. Det er eit behov for å ta tak i og skildre ein kyrkjeleg beredskap knytt til krig og oppfylging av flyktningar».

---

Trus- og livssynskorpset

  • Trus- og livssynskorpset til Forsvaret heitte tidlegare Feltprestkorpset.
  • I korpset er det rundt 50 stillingar. I byrjinga av 2024 er 37 av desse prestar som er vigsla i Den norske kyrkja. 7 av dei høyrer til i andre kyrkjer, 3 tilhøyrer andre trus- eller livssynssamfunn.
  • Feltprestane, felthumanistane og feltimamen tilhøyrer korpset, men arbeider i lokale avdelingar.
  • Til no har biskopen i Oslo hatt tilsynsansvar med dei i korpset som er vigsla i Den norske kyrkja.
  • Det er også 22 sivile DNK-prestar som er innrullerte i Heimevernet og som har oppgåver knytt til tru og livssyn der. Desse står under tilsyn av sin lokale biskop.
  • Korpset høyrer innunder Forsvarets fellestenester, som er ein felles stab og administrasjon for fleire avdelingar i Forsvaret.

Kjelder: Den norske kyrkja, Forsvaret, Wikipedia

---

Rusta for ei usikker framtid

Litt av bakteppet for at dette ansvaret i dag ligg på biskopen i Oslo er at det fram til 1998 var hovudstadsbiskopen som også hadde rolla som preses. I tillegg argumenterte ein for at det var naturleg, sidan hovudkvarteret til Forsvaret ligg i Oslo bispedøme.

Men alt i 2009 foreslo både Presteforeningen og det som då heitte Feltprestkorpset at preses skulle overta tilsynsansvaret.

Forsvarets tros- og livssynskorps på Cold response, Troms. Feltprest i HV16/ sokneprest i Svolvær: Major Peter Wilhelmsson

I 2020 var saka også oppe til drøfting i Bispemøtet, men ein landa på å halde fram med ordninga der Oslo-biskopen sit på tilsynsansvaret for feltprestane. Men ein meiner det har komme nye moment sidan den gong, og i sakspapira til Bispemøtet denne veka, legg dei særskilt vekt på ein rapport som kom i fjor.

Den er frå Totalberedskapskommisjonen og heiter «Nå er det alvor, rustet for en usikker fremtid». Den peikar på at trus- og livssynssamfunn kan bidra med viktig ekspertise og tilgang på frivillige og lokale under kriser.

Dette meiner Oslo-biskopen

I eit notat frå i desember i fjor har sjefen for trus- og livssynskorpset gjeve støtte til at preses overtek ansvaret.

Oslo-biskop Kari Veiteberg varsler at 2024 blir hennes siste år som biskop i Oslo. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det viktigaste for korpset sjølve skal vera at det er éin biskop som har tilsyn med alle feltprestane.

Ein har nemleg også vore innom tanken på å spreie tilsynet geografisk basert på teneste- eller bustad til feltprestane, slik at alle biskopane ville delt på oppgåva.

Dette er slik tilsynet fungerer for andre spesialprestar i dag, som til dømes sjukehus- eller fengselsprestar.

I sakspapira kjem det også fram at noverande Oslo-biskop, Kari Veiteberg, støttar at preses overtek tilsynsansvaret.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion