På leit etter dei som frys

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Nordlendingar og menneske frå dalstrøka innanfor ville nok ikkje blitt imponerte eller skremt av dei fjorten blå i hovudstaden torsdag kveld. Likevel har nok Yr rett når dei seier at det kjennest som -20.

For dei som er tynnkledde eller ikkje har ei varm seng å leggje seg i, er det meir enn kaldt nok. Og verre skal det bli, om ein trur Meteorologisk institutt.

Dei iskalde vindane frå Sibir har skapt overskrifter om «kuldesjokk» og potensielle nye rekordtemperaturar.

Vårt Land får beskjed om å møte opp utanfor hovudinngangen til kjøpesenteret Gunerius, midt i Oslo sentrum. Der møter me tre av dei som bidreg til at desse ekstra kalde dagane skal føre til minst moglege skade blant menneska i rusmiljøet i byen.

Auka innsats

Ola Svantorp-Tveiten kjem gåande i ei svart boblejakke.

– Det har gått i eitt i heile dag, fortel han.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Svantorp-Tveiten er koordinator for sentrumsarbeidet i velferdsetaten i Oslo, og har jobba på spreng for å koordinere den auka innsatsen frå 4.-8. januar på grunn av kulda.

Rett etter kjem miljøarbeidar Liz Høivang og sjukepleiar Georges Midre frå uteseksjonen i kommunen.

Dei er eitt av fleire skift som gjennom dagen og heile natta går rundt og snakkar med menneske som treng hjelp på ulike måtar.

Me står midt oppi det som er den største, opne russcena i landet. På andre sida av gata står menneske samla i små klynger. Med jamne mellomrom køyrer politibilar forbi.

Men det går også forbi menneske på veg heim frå jobb, eller som er innom kjøpesenteret for å gjera ærend.

Nokre meter lengre vekke delar Maritastiftelsen ut varm suppe.

Teikn på nedkjøing

Planen er å snakke med folk, høyre om dei har ein stad å vera den natta, sjå korleis dei er kledd og om dei viser teikn på nedkjøling. I tillegg til å hjelpe med andre ting som måtte dukke opp.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Mellom anna kan teamet frå uteseksjonen skaffe heimreise for dei mange som oppheld seg her på grunn av god og rimeleg tilgang på rusmiddel, sjølv om dei eigentleg bur ein annan stad.

Når dei møter menneske ute i denne kulda oppmodar dei dei til å trekke inn for å varme seg, dei lærer gjerne folk litt om korleis det er lurt å kle seg, og fortel om kvar det er klesutdeling.

På kvelds- og nattetid er det viktigaste å finne ut om dei har ein stad å sova.

Snø og suppe

Fleire overnattingstilbod enn vanleg er opna på grunn av temperaturen, men det er det ikkje alle som er klare over.

Å informere om kva tilbod som finst er ein viktig del av jobben på gatevandringane til Midre og Høivang.

Mange av symptoma på rus og nedkjøling er ganske like

—  Georges Midre, sjukepleiar i uteseksjonen i Oslo kommune

Etter å ha slått av ein kort prat med eit par som akkurat har fått ein porsjon suppe på gata traskar me vidare. Snøen knirkar under beina.

Dei har lagt opp ei rute etter kvar dei veit at det ofte overnattar folk. Og i eit parkeringshus låg det teppe inne i eit hjørne tidlegare på dagen.

No vil dei innom for å sjå om nokon har tenkt å overnatte der.

Ulik motivasjon for å sova ute

I kveld er det ingen som ligg i den overbygde trappa utanfor aktivitetssenteret Megazone.

Me går vidare mot det store, fråflytta bygget som er mest kjent for å tidlegare ha husa Deichman-biblioteket i sentrum.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Det er tydeleg at tomannsteamet veit kva dei driv med.

Endå har me ikkje møtt på nokon som har lagt seg til å sova ute, men dei går målretta mot ulike litt skjerma krokar. Nesten kvar stad er snøen nedtrakka og det ligg gjerne restar etter utstyr bruka til å ruse seg.

Ein kan håpe det er fordi dei har funne seg ein overnattingsstad inne, men det kan like godt vera fordi tilgangen på rusmiddel er god på butiltaka.

Er det dårlegare tilgang trekkjer fleire inn i sentrum, fortel Høivang.

Desse nettene skal det eigentleg vera kapasitet til alle inne, men det treng ikkje bety at ingen søv ute.

– Det er mange ulike grunnar til kvifor folk søv ute, og me må vurdere motivasjonen deira, fortel Høivang medan me leitar vidare.

Er det psykisk uhelse, eller viss nokon er så rusa at dei ikkje greier å ta forsvarlege avgjersler, kan dei i ytste fall kontakte helsevesen eller politi dersom det er fare for liv og helse.

Bekymringsmelding og politi

Nokon har ringt inn ei bekymringsmelding for ein person som ser ut til å sova under ei bru for tida, og eit anna team har blitt sendt dit for å sjekke opp i det.

Etter å ha kikka innom ulike ynda overnattingsstadar er neste stopp på ruta er parkeringshuset der det låg teppe tidlegare på dagen.

Det er mange ulike grunnar til kvifor folk søv ute

—  Liz Høivang, miljøarbeidar i uteseksjonen i Oslo kommune

I det me nærmar oss køyrer det ein politibil ut inngangen.

– Å nei, no har dei sikkert skremt vekk dei som eventuelt var her, seier Høivang, men viser ingen teikn til å snu.

Å vera redd på jobb

Før ho går inn må ho sende ei tekstmelding til eit anna team. Dei går alltid to og to saman, men sidan det ikkje er mobildekning i delar av parkeringshuset er det ekstra viktig at nokon andre også veit om at dei er der.

Ringjer dei ikkje opp att innan ein halv time blir det meldt vidare.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Fram til for to år sidan var også Svantorp-Tveiten ute i felt og oppsøkte menneske på gata.

– Har du vore redd på jobb?

Svantorp-Tveiten byrjar å le av det litt naive spørsmålet.

– Ja, ja, ja. Mange gonger. Me har ofte valgt å gå inn i krevjande situasjonar på gata.

Det er ikkje heilt uvanleg at dei møter menneske som kan vera aggressive, og mange er både stressa og vil ikkje bli forstyrra i det dei skal setje ein dose.

– Enten får me roa situasjonen, eller så trekkjer me oss tilbake for å prøve å ta kontakt ein annan gong, forklarar han.

Blir jaga ut

Me går ned i parkeringshuset.

Temperaturforskjellen mellom utsida og innsida er overraskande stor, sjølv om Midre kan fortelje at eigarane har skrudd ned temperaturen for å gjera det mindre attraktivt for heimlause å opphalde seg der.

I eit hjørne sit det to menn, som gjerne tek ein prat.

Begge har på seg dongeribukse, jakke og svart lue.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Mellom dei står det klar ei heimesnikra pipe til å røykje crack-kokain med.

Dei synest det er unødvendig at dei skal bli jaga ut i kulda av vektarar, når parkeringshuset står nesten tomt.

Har ikkje plass å bu

Ein av dei fortel at han har ein plass å bu.

– Og du då, spør Høivang den andre mannen.

– Har du nokon stad å sova i natt?

– Nei, svarar han lågt.

– Ynskjer du hjelp?, spør Høivang.

– Ja, sjølvsagt. Eg treng hjelp, får ho til svar.

Mannen fortel at han har vore utan bustad i sju-åtte månadar.

Kan ta feil av rus og nedkjøing

Høivang går opp eit par etasjar og avklarar med legevakta at dei har kapasitet til å ta imot mannen, før ho kjem ned att. Dei kan så skaffe han plass på akuttovernatting.

Høivang og mannen utvekslar namn og nummer, og blir einige om å treffast dagen etterpå for å saman ringe sakshandsamaren i Nav for å sjå om dei kan få fortgang i å skaffe han ein meir permanent bustad.

Uteseksjonen i Oslo ser etter personer som sover ute i kulden en av de kaldeste nettene i januar.

Samstundes snakkar Midre med den andre mannen. Om ikkje Midre kan hjelpe han med jobbsøking? Dei utvekslar nummer og blir einige om å snakkast vidare.

Høivang og Midre har vore alt vore på jobb i sju timar. Oppe på bakkeplan att snur dei nasen mot kontoret for å rapportere og skrive om det dei har gjort på vakta si.

Dei neste nettene blir truleg dei kaldaste på lenge.

– Mange av symptoma på rus og nedkjøling er ganske like, og ofte kan det vera ein kombinasjon, fortel sjukepleiar Midre.

Det er sjeldan at menneske frys i hel i Oslo.

Men Sibir-kulda som no har lagt handa si om byen tek velferdsetaten på alvor.

Dei neste dagane er det heldigvis fleire som Høivang og Midre ute i gatene enn til vanleg.