Religion

Normisjon må betale tilbake statsstøtte: – Framstår som alvorleg og med vilje

ØKONOMISK STØTTE: Statsforvaltaren krever at trussamfunnet til Normisjon betalar tilbake delar av statsstøtta. Normisjon har klaga på avgjersla og reagerer på fleire ting dei meiner er urimeleg i vedtaket.

Statsforvaltaren i Agder krev tilbake delar av statstilskotet til Normisjon Region Agder for 2021 og 2022. Det er snakk om til saman om lag 160.000 kroner.

Normisjon har sagt seg villige til å rette opp i det Statsforvaltaren reagerer på, men i vedtaket får dei beskjed om at dette ikkje er tilstrekkeleg, og at dei krev at pengane det er snakk om blir betalt tilbake.

Vidare skriv Statsforvalteren at dei meiner at «dette er en bevisst handling fra deres side, og ut fra dette finner vi at forholdet fremstår som alvorlig og forsettlig».

– Det er veldig harde ord. Me har handla i god tru, og ikkje med vilje gjort noko som ikkje er lov. Det er det stor forskjell på.

Det seier Gunnar Urstad, som er forstandar i trussamfunnet Normisjon region Agder. Dei har klaga på vedtaket.

Har ikkje overført midlar for alle medlemmar

Kva er det så dei har gjort feil? Det krev ei lita innføring.

Tradisjonelt sett har Normisjon hatt tette band til Den norske kyrkje (DNK), og dei fleste er medlemmar her. Men både her og i fleire andre bedehusorganisasjonar har det blitt danna stadig fleire kyrkjelydar eller forsamlingar.

Fleire av desse brukar ikkje lenger DNK til gudstenester, bryllaup og dåp, men tilbyr alt sjølve. For dei som av ulike grunnar ikkje ynskjer å vera medlem i DNK, har Normisjon oppretta eit eige trussamfunn.

I dag blir det administrert av region Agder, uavhengig av kvar medlemmane bur.

GENERASJONSMENIGHET: Norkirken Strand vil være en menighet for alle generasjoner, forteller Peder Egeland.

For kvart medlem i trussamfunnet kan dei få statsstøtte. I 2021 kravde dei tilskot for 214 medlemmar, medan talet i 2022 var 224. Dette utløyste rett over 300.000 kroner.

Begge åra seier Statsforvaltaren at det er rundt 60 medlemmar dei ikkje kan sjå at trussamfunnet sentralt har overført midlar for til dei lokale forsamlingane.

Dette er fordi styret for trussamfunnet har vedteke at det «skal overføres et beløp på kr 900 per medlem til enheter som har 7 eller flere av trossamfunnets medlemmer».

Me har handla i god tru, og ikkje med vilje gjort noko som ikkje er lov

—  Gunnar Urstad, forstandar i trussamfunnet Normisjon region Agder

Vil få mest ut av pengane

Gunnar Urstad, forstander i trossamfunnet Normisjon region Agder

Det fell ikkje i god jord hjå Statsforvaltaren, som meiner at det er i einingane, eller dei lokale forsamlingane, at dei religiøse aktivitetane skjer.

– Me har ikkje bruka pengar på noko anna enn trus- og livssynsaktivitetar og på administrasjon, begge delar seier Statsforvaltaren at er greitt, seier forstandar Urstad.

Han seier at vedtaket om å ikkje overføre midlar til einingar i Normisjon med færre enn sju medlemmar handlar om at det krev mykje tid og pengar i administrasjon.

– Me prøvar å forvalte pengane slik at me får mest mogleg ut av dei. Det er mykje ekstraarbeid med rekneskap og liknande, for små summar, seier Urstad.

At det er færre enn sju medlemmar av trussamfunnet i ei forsamling betyr ikkje nødvendigvis at det er ei veldig lita forsamling. Som tidlegare nemnt er dei fleste som går til gudstenester i forsamlingane medlemmar i andre trussamfunn, kanskje særskilt Den norske kyrkja.

– Men det kan verke litt urettferdig at forsamlingar med fleire medlemmar skal få støtta som eigentleg skulle gått til nokon andre?

– Slik kan ein tenkje. Me ynskjer at flest mogleg skal få støtte, men me er eit trussamfunn for alle våre medlemmar, så me tek også vare på dei av våre medlemmar i forsamlingane som ikkje får statsstøtte.

– Me har hatt tilfelle der ei lokal foreining ikkje ville ta imot støtte for eitt medlem grunna den omfattande rapporteringa som krevs for å ta imot støtta. Det er nettopp denne problematikken vi har forsøkt å imøtekomme ved å sette ei nedre grense på sju medlemmar for å ta imot støtte.

Har fått svar på klaga

I brevet tek Statsforvaltaren opp forslaget Normisjon har komme med om å overføre støtta for dei resterande medlemmane for å rette opp i feilen. Men det meiner Statsforvaltaren er for seint, og ber dei betale tilbake pengane til Statsforvalteren.

Dei burde ha retta opp i feilen så i feilen så snart dei blei gjort merksame på den, står det i brevet.

– Me ville ha ein dialog om korleis me skulle ordne opp, men saman med brevet der me for fyrste gong endeleg fekk vita at de me hadde gjort var feil, seier dei at me alt burde ha ordna opp i det. Det reagerer me på.

– Me skulle altså ha retta opp i feil me ikkje visste om. Det synest me er urimeleg, seier Urstad.

Han seier dei alt har fått beskjed om at klaga deira ikkje blir tatt til fylgje, men at den no er sendt vidare til handsaming hjå Barne- og familiedepartementet.

Summane det er snakk om er ikkje så store sett i samanheng med dei totale budsjetta til forsamlingane i Normisjon, fortel Urstad. Dei vil gjerne ha avklara noko av det prinsipielle i saka.

– Me er villige til å rette opp i det me har gjort feil, men me har bruka alle pengane på det dei skal brukast på, og me har handla i god tru.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion