Religion

Trur den nye kongen vil forhalde seg til folkekyrkja på ein annan måte enn dronning Margrethe

DANMARK: Kronprins Frederik har sagt svært lite offentleg om tru og kyrkje. Dansk redaktør meiner han har potensial til å bli ein populær konge i Folkekirken.

– Eg fekk inntrykk av at han er ein veldig hyggeleg mann, fortel Gunnar Ellingsen om den danske kronprins Frederik (55).

Ellingsen er sjømannsprest i København. Han har møtt den danske kronprinsen ved to ulike høve, sist i sommar.

I si nyttårstale til det danske folket kunngjorde dronning Margrethe (83) at ho trekkjer seg som regent 14. januar. Då vil sonen, kronprins Frederik overta trona og bli kongen av Danmark.

Den danske folkekirken, eller Folkekirken, står framleis sterkt i nabolandet, og over 70 prosent av innbyggjarane er medlemmar.

Gunnar Ellingsen, sjømannsprest i København.

Ellingsen seier mange no er spente på korleis kronprins Frederik kjem til å uttale seg om og forhalde seg til den kristne trua og Folkekirken

– Så vidt eg har fått med meg har han ikkje uttala seg noko særleg om det. Dronning Margrethe har eit veldig nært forhold til kyrkja, men det er ikkje så mange som veit kva kronprins Frederik tenkjer, anna enn at han verkar positiv. Det blir spanande å fylgje med på, meiner den norske sjømannspresten.

Han fortel at han gjennom jobben har mykje kontakt med Folkekirken.

Ber «Vår far» for barna

I den danske grunnlova står det at regenten skal tilhøyre den evangelisk-lutherske kyrkja. Sjølv om det i teorien kan bety ulike kyrkjesamfunn har regenten alltid vore medlem av folkekyrkja.

Kronprins Frederik og kronprinsesse Mary med alle barna: Christian, Vincent, Josephine og Isabella.

Anders Ellebæk Madsen er redaktør for kyrkje, tru og historie i den danske avisa Kristeligt Dagblad.

Han stadfestar til Vårt Land at den kommande kongen har sagt svært lite offentleg om trua si.

– Ein må passe seg for å seie for mykje om kva som rører seg i han trusmessig, men det er ikkje utenkjeleg at rolla han no går inn i som overhovudet til kyrkja vil gje han mykje på dette området.

Madsen fortel at det i ein biografi som kom om ut om kronprins Fredrik for nokre år sidan kom fram at han bad «Vår far» med barna kvar kveld, fordi han ville vidareføre tradisjonen han sjølv hadde som barn.

Vidare står det at viss ein av barna til kronprinsen hadde spurt han om han trur på Gud «ville han med den alderen barna er i no, truleg seie ja», medan han når dei blir eldre nok vil forklare det ut frå ein religionshistorisk bakgrunn.

---

Den danske folkekirken

  • Den danske folkekirken eller Folkekirken er ei evangelisk-luthersk kyrkje.
  • Det er det største kyrkjesamfunnet i Danmark, og over 70 prosent av innbyggjarane er medlemmar.
  • Meiningane er delte på om ein kan kalle kyrkja ei statskyrkje, men den har tette band til staten, og er nemnt spesielt i den danske grunnloven.
  • Kyrkja blir styrt av det danske kyrkjedepartementet der kyrkjeministeren er øvste autoritet.
  • Kyrkja er dela inn i 11 bispedøme og 2400 sokn.

Kjelder: Folkekirken.dk, Kristeligt Dagblad, Wikipedia.

---

Ein folkeleg konge for ei folkeleg kyrkje

Kyrkjeredaktøren meiner kronprinsen har eit godt utgangspunkt for å bli populær i kyrkja.

– Ingen veit eigentleg kvar han står teologisk, og det betyr at han har ein open startposisjon. Det gjev han også sjansen til å overraske. Han treng ikkje koma med mange smarte poeng om teologi for å gjera inntrykk.

Kirkeredaktør i Kristeligt Dagblad, Anders Ellebæk Madsen.

Madsen meiner det danske folket ikkje nødvendigvis vil krevje at den nye kongen skal vera teologisk sterk eller oppføre seg «høgstemt religiøst».

– Danskane er stort sett ambivalente til slikt. Men at han skal vera interessert i kyrkja og rotfesta i og forplikta på kristendommen, det vil dei forvente.

Han meiner også at det danske folk ynskjer at regenten skal ta vare på kongehuset si symbolske rolle i kyrkja.

Redaktøren seier kronprins Frederik blir rekna for folkeleg, noko han trur kan bli ein god match for ei folkeleg kyrkje.

Utruskapsrykte

Men ikkje all pressedekning av den vertande regenten er av det positive slaget.

I november i fjor trykte det spanske vekebladet Lecturas bilete av den danske kronprinsen saman med den mexicanske kvinna Genoveva Casanova i Madrid.

Ifylgje bladet overnatta kronprins Frederik hjå Casanova, noko det danske kongehuset korkje har avkrefta eller stadfesta. Etter at artikkelen kom ut har kronprinsen omtalt Casanova som ein ven.

Denmark's Crown Prince Frederik and Crown Princess Mary arrive before the Spanish royal couple arrive at upon arrival at Amalienborg Castle in Copenhagen, Monday, Nov. 6, 2023. The Spanish royal couple begins a three-day state visit to Denmark. (Ida Marie Odgaard /Ritzau Scanpix via AP)

Madsen får spørsmål frå Vårt Land om saka kan ha påverka kyrkjemedlemmar sitt syn på kronprinsen:

– Eg trur ikkje det sladderet nødvendigvis vil påverke nokon sin syn på Frederik.

Han refererer vidare til ei meiningsmåling som blei gjort i etterkant av at saka om kronprinsen og hans mexicanske veninne blei publisert.

Her kjem det fram at dronning Margrethe er det mest populære medlemet av det danske kongehuset, med hennar arvtakar på ein god andreplass.

77 prosent svarte at kronprinsen er «meget godt» eller «godt» eigna som regent skulle han tatt over trona i dag.

– Det tyder ikkje på at særleg mange er påverka i negativ retning, seier Madsen.

Heller ikkje sjømannsprest Ellingsen har inntrykk av at saka har hatt mykje å seie for omdømmet til den kommande kongen.

– Mitt inntrykk er at det danske folket hevar seg over slike saker.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion