Religion

Alt ho vil er å vera medlem av kyrkja si, men ho får ikkje lov

IKKJE OVERRASKA: Lise Eistrup Schrøder har rekna Misjonskirken Norge som sin åndelege heim sidan ho blei kristen. Ho er skuffa over den nylege avgjersla om at menneske i homofile forhold ikkje kan bli medlem av kyrkjelydar.

– Eg er ikkje overraska, men eg er skuffa.

Det seier Lise Eistrup Schrøder om at det nyleg blei det klart at Misjonskirken Norge (MKN) held fast på at homofile i forhold ikkje kan bli medlemmar av misjonskyrkjer.

Schrøder har vore medlem av Narvik Misjonskirke sidan ho var ungdom og reknar Misjonskirken Norge som sin åndelege heim. Då ho var i 30-åra stod ho fram som lesbisk, og ho er i dag gift med ei kvinne.

Lise Eistrup Schrøder.

Det fekk store konsekvensar. Schrøder hadde tatt forkynnarutdanning på Ansgar høyskole for å kunne jobbe for kyrkjesamfunnet ho er så glad i.

Ho jobba også lenge i MKN, men trakk seg etter kvart ut av alt som hadde med kyrkja å gjera, fordi det var for krevjande å stå i spennet mellom eige liv og teologien der.

Schrøder omskulerte seg til helsesekretær og har jobba som dette sidan.

– Hjartet mitt bankar for misjonskyrkja, for alle som jobbar der og for alt me gjer. Og ja, eg seier me. Eg støttar arbeidet, men det er litt uverkeleg dette. For det er mitt liv det dreiar seg om. Alt eg ynskjer er å vera ein del av organisasjonen som står mitt hjartet nære og har gjort det i så mange år, seier Schrøder.

Ho opplever ikkje å vera i strid med nokon, og seier at ho berre får «varme og kjærleik» i møte med leiarar og pastorar i kyrkja.

Lise Eistrup Schrøder.

Redde for A- og B-medlemmar

Ordninga i dag er slik at homofile kan vera medlemmar av det nasjonale trussamfunnet, men dei lokale kyrkjelydane er organiserte som foreiningar.

Generalsekretær i MKN, Siri Iversen, har stadfesta at dei har jobba med ein modell som opnar for medlemskap også lokalt, uavhengig av samlivsform, men som set grenser for kven som kan ha leiarverv.

Men på grunn av organisasjonsforma er alle kyrkjelydsmedlemmar automatisk valbare til alle verv og roller. Sidan Misjonskirken er mot homofilt samliv, ynskjer dei ikkje leiarar som lever i likekjønna forhold.

Iversen sa nyleg til Vårt Land at ein skal jobbe vidare med måten kyrkja er organisert på for å finne ut om det går an å organisere seg på ein meir open måte «utan at me må gå på kompromiss med vår forståing av Bibelen, og utan at me får ‘A- og B-medlemmar’».

Det ville vore som å gå inn i ein varm, god klem, viss nokon berre sa: du får bli medlem

—  Lise Eistrup Schrøder

Har ikkje blitt ekskludert

Sjølv om Schrøder bur i Oslo og reknar Oslo misjonskirke Betlehem som sin kyrkjelyd, er ho medlem i Narvik Misjonskirke.

– Eg har ikkje blitt ekskludert, men eg hadde ikkje fått bli medlem i dag. Eg kan ikkje melde meg ut, for då får eg ikkje melde meg inn nokon ny stad, seier Schrøder.

Lise Eistrup Schrøder.

Ho meiner ein kan vente med å sjå på om homofile i forhold kan få ha alle slags roller og verv i kyrkja.

– Men eg synest det er skuffande at me ikkje klarar å lande på at nokon som verkeleg ynskjer å bli medlem skal få lov til det. Det er sårt.

– Generalsekretær Siri Iversen seier ho er redd for å skape A- og B-medlemmar, kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at eg alt er eit B-medlem.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den norske kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Som ein varm, god klem

– Korleis ville det vore for deg viss det blei ei ordning der du ikkje kunne få visse roller, men du kunne bli medlem av ein kyrkjelyd?

– Det ville vore som å få ein varm velkomstklem. Det ville vore som å gå inn i ein varm, god klem, viss nokon berre sa: Du får bli medlem.

Schrøder seier ho aldri har stått på barrikadane, og at det ikkje kjennest som ein kamp ho på død og liv må kjempe fordi ho er homofil:

– Eg ynskjer berre å få vera ein del av eit kyrkjelydsfellesskap, seier Schrøder.

Generalsekretær: – Opptekne av å lytte

– Me har som kyrkjesamfunn og lokale kyrkjelydar i alle år møtt menneske i mange ulike livs- og samlivssituasjonar. Historiene til enkeltmenneske, som den til Schrøder, berører sterkt, skriv generalsekretær Iversen i ein e-post til Vårt Land.

Siri Iversen, generalsekretær Misjonskirken Norge

Ho seier misjonskyrkja alltid ynskjer å vise respekt og lytte til menneske der dei er, samstundes som dei er tru mot si eiga forståing av Bibelen.

– Men ordningane våre jobbar me med. I våre organisatoriske prosessar er me opptekne av å lytte til og snakke fortruleg med menneske med ulike ståstadar.

Det seier ho inkluderer menneske i ulike samlivsformer.

– Dette kjem til å ta tid

Schrøder har respekt for at ein har ulikt teologisk syn i saka, og ho opplever å få den same respekten i retur.

– Eg skjønar at det er utfordrande å jobbe med desse spørsmåla. Men det er også utfordrande for meg som lever i det. Eg veit at dette kjem til å ta tid, seier ho om sjansen for at kyrkjesamfunnet kan tole at det er ulike syn innanfor kyrkja på likekjønna samliv.

– Eg håpar at det skjer i mi levetid, men det er nesten så eg ikkje trur det lenger.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion