Religion

Trampa på Israelsflagg med hakekors: Politiet vil ikkje etterforske saka

ISRAEL: I helga var det to hendingar der davidsstjerna i det israelske flagget var bytt ut med hakekors. – Rimleg å tolke som kritikk av staten, ikkje jødar, seier jurist.

– For å byrje med det fyrste: Dette kan vera ufatteleg sårande og krenkande for jødar og alle som føler med dei.

Det seier Anine Kierulf om dei to hendingane i helga, der det er måla eit hakekors i det israelske flagget der det eigentleg skulle vore ei davidsstjerne.

Kierulf er fyrsteamanuensis ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

I ein video mellom anna dela på X (tidlegare Twitter) av den israelske ambassadøren til Noreg, Avi Nir-Feldklein, viser demonstrantar som trakkar, trampar og spyttar på eit slikt flagg i Oslo sentrum. I bakgrunnen kan ein høyre folk rope «Allahu Akbar».

Vil ikkje etterforske saka

Ronen Bahar, styreleiar i Det mosaiske trussamfunn, seier til NRK at det frå deira side er opplagt at politiet må vurdere og etterforske saka.

Tysdag seier politiet til Vårt Land at dei ikkje vil etterforske saka. Årsaka til dette er at det ikkje finst tilstrekkelege holdepunkt for å tolke dette symbolet som ei hatmelding retta mot jødar, opplyser politiet.

Politiadvokat og forskar Kai Spurkland påpeikar overfor Vårt Land at det å vise fram hakekors ikkje er straffbart i seg sjølv, ifølgje gjeldande rettspraksis.

– Det som kan vere straffbart, er hatefulle ytringar mot ei verna gruppe, som jødar er. Staten Israel nyter derimot ikkje eit slikt vern. Det avgjerande er at ein må kunne fastslå utan tvil at dette berre kan forståast som ei hatefull ytring retta mot jødar som religiøs gruppe, og det finst ikkje tilstrekkelege holdepunkt for det her.

Han påpeikar at politiet i utgangspunktet skal vere ein nøytral aktør som skal verne om ytringsfridomen.

– Dette kan forståast som eit svært krasst innlegg mot politikken som Israel fører på Gaza, og det fell utanfor føresegna om hatefulle ytringar.

Tok beslag i flagg

I tillegg til demonstrasjonen på fredag fjerna politiet på sundag føremiddag eit tilsvarande flagg frå ein silo på Økern i Oslo.

– Politiet tok ned flagget rundt klokka 11.30. Politiet har teke flagget i beslag, opplyser operasjonsleiar Bjarne Pedersen i Oslo politidistrikt til NTB.

Det er ikkje det same flagget som er bruka i dei to hendingane, seier operasjonsleiar Pedersen til VG, i og med at politiet tok flagget som blei trampa på under demonstrasjonen på fredag.

– Vernar berre personar, ikkje institusjonar

– Det er nærliggjande å tolke flagget som ei samanlikning mellom staten Israel og Nazi-Tyskland eller nazismen, seier Anine Kierulf.

Ho påpeikar at det kan vera omstende kring hendingane ho ikkje er klar over, og at ho uttalar seg på eit generelt grunnlag.

Juristen seier det er eit klart skilje i norsk rett mellom kritikk eller hat retta mot institusjonar versus personar, hatytringsparagrafen vernar berre mot det siste.

– Det er eit poeng å lesa desse flaggytringane i ljos av Israels bombing no, meiner Kierulf.

– Inga grunn til ikkje å ta ut tiltale

Ervin Kohn var fram til 1. august i år forstandar i den jødiske forsamlinga Det mosaiske trussamfunn i Oslo. På Facebook har han lagt ut eit innlegg om hendinga.

– Alle samanlikningar mellom Israel og Nazityskland er antisemittisme i tråd med den internasjonalt anerkjente definisjonen til IHRA. Symbol er også dekte av paragraf 185 i straffelova, skriv Kohn.

I anledning at utenriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Det mosaiske trossamfunnet.

Definisjonen han siktar til er laga av det internasjonale nettverket The International Holocaust Remembrance Alliance, der Noreg er medlem. Les definisjonen i faktaboksen.

Kohn skriv vidare at norsk påtalemakt no har ein sjanse til å vise at dei tek antisemittisme på alvor:

– Viss me har nulltoleranse for antisemittisme, slik statsministeren har sagt, er det ingen grunn til at politiet ikkje skal etterforske, eller at påtalemakta ikkje skal ta ut tiltale.

Kohn refererer også til eit førearbeid til ei endring av straffeloven i 2005, der det blir presisert at symbol også reknast som ytringar, og der hakekrosset og nazihelsinga blir brukt som døme på dette.

– Ein kritikk av staten

– Eg skjønar resonnementet til Kohn, men viss ein kjem fram til at det er nærliggande å tenkje at bruken av flagget med hakekorset er ein kritikk av staten Israel, så er det veldig klart at paragraf 185 ikkje beskyttar institusjonar. Det er heilt legitimt å kritisere staten Israel, seier Kierulf.

-

Ein bruk av eit slik symbol som vil kunne bli straffa som hatefull ytring, vil kunne vera ein nazistisk demonstrasjon der ein snakkar dehumaniserande om jødar og også brukar hakekorset, forklarar Kierulf.

Sendte ut bekymringsmelding

Krigen mellom Hamas og Israel skaper ringverknadar langt utover landegrensene.

Førre veke sendte den største jødiske forsamlinga i Noreg ut det dei kalla ei bekymringsmelding. Her fortel dei om konkrete døme på at norske jødar no opplever å bli truga.

Ifølge trussamfunnet føler jødar i Noreg no effekten av ordskiftet rundt Israel og Palestina på ein måte dei ikkje kan hugse i denne generasjonen.

– At jødar blir utsette for trugslar og hærverk er heilt forferdeleg, og ein har eit særskilt juridisk vern som mot slik hatkriminalitet som utsett minoritet, seier Kierulf.

---

The International Holocaust Remembrance Alliance sin definisjon på antisemmitisme

  • Antisemittisme er ei særskilt oppfatning av jødar og kan komme til uttrykk som hat mot jødar. Språklege og fysiske former for antisemittisme rettar seg mot både jødiske og ikkje-jødiske enkeltpersonar og/eller eigedommen deira, samt mot jødiske institusjonar og religiøse samlingsstader.
  • I 2016 vedtok IHRA ein ikkje-juridisk bindande arbeidsdefinisjon av antisemittisme. Sidan har definisjonen blitt vedtatt eller støtta av ei rekkje land og styresmakter. Noreg er ikkje ein av desse.

Kjelde: holocaustremembrance.com

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Herman Frantzen

Herman Frantzen

Herman Frantzen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion