Religion

Kyrkja fekk kritikk frå etterlatte etter sjølvmord. Meiner mykje handlar om utdaterte førestillingar

DEN NORSKE KYRKJA: Preses møtte Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord etter at dei skulda kyrkja for å ha bidrege til auka skam. – Nokon kan tenkje at kyrkja har andre praksisar og haldningar enn ho har, meiner preses.

Leve – Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, diskuterte på sitt landsmøte i juni Den norske kyrkja si rolle i synet på, og møte med, sjølvmord og menneska det påverkar.

Dei bad kyrkja vurdere ei rekkje tiltak:

  • Kyrkjemøtet bør ta stilling til ulike tiltak for å redusere skam og stigma knytt til sjølvmord.
  • Den norske kyrkja bør ta initiativ til opplæring og rettleiing av prestar i deira møte med etterlatne.
  • Den norske kyrkja bør drøfte korleis kyrkja historisk har bidrege til å stigmatisere sjølvmord i storsamfunnet.
  • Bispemøtet bør vedta ei teologisk utsegn om kyrkja si haldning til sjølvmord.

No har preses Olav Fykse Tveit møtt Leve. Hovudinntrykket er at dei har mange felles mål, melder preses.

– Det som ligg bak nokre av spørsmåla som kom opp, er at nokon kan tenkje at kyrkja har andre praksisar og haldningar enn det ho har i dag. Det er viktig å avkrefte, seier Fykse Tveit.

– Som for eksempel?

– Ordninga med å ikkje gravleggje menneske som har tatt sjølvmord i vigsla jord er veldig fjern for oss i kyrkja i dag, men nokon tenkjer kanskje at ein framleis har slike haldningar. Det er viktig å avkrefte.

Praksisen blei avslutta på slutten av 1800-tallet, kan Fykse Tveit fortelje.

Preses seier han set pris på at spørsmåla til Leve blir reist, og at dei saman kan gje eit oppdatert og rett bilete av kva kyrkja gjer og formidlar i dag.

– Denne samtala var eit fint bidrag til det.

Ein kan ta avstand til det som har vore om naudsynt, men det viktigaste er å seie kva me står for i dag

—  Preses Olav Fykse Tveit

Å orsake for fortida

Dialogen skal halde fram, og etter kvart skal ein sjå på kva det kan vera naudsynt å seie noko felles om kva ein ikkje står for lenger. Saka var mellom anna nemnt på sist bispemøte.

– Kyrkja har ei lang historie i Noreg, det kan bli travelt om ein skal orsaka for alt ein har gjort feil opp gjennom historia sett med notidas auge?

– Ja, det er ein av tinga ein må diskutere. Korleis skal me stelle oss til fortida? Ein kan ta avstand til det som har vore om naudsynt, men det viktigaste er å seie kva me står for i dag.

Usikre på kompetansen til prestar

– Leve har sagt at dei er usikre på om prestane i Den norske kyrkja har naudsynt kompetanse på å vareta etterlatne etter sjølvmord på ein tilfredsstillande måte. Har dei grunn til det?

– Eg er nokså trygg på at opplæringa til prestar og diakonar blir gjort på ein god og fagleg måte. Prestane våre har titusenvis av samtaler i året om tru og liv i møte med sorg. Det gjer også at mange prestar har ei mengdetrening i å snakke om desse tinga.

Fykse Tveit seier han opplever at dei fleste har stor tillit til prestar og diakonar sine møte med pårørande i sorg, men at ein alltid er ute etter å styrke kompetansen og bli betre.

– Eg merkar meg spørsmålet og eg vil ha det med meg når eg snakkar med dei som jobbar med etterutdanning.

---

Treng du nokon å snakke med?

Desse kan du ringe:

  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Ved akutte situasjonar - ring legevakta på 116 117 eller nødnummer 113

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion