Religion

Danske biskopar vurderer å tillata kjønnsnøytral viingsliturgi for heterofile

DANMARK: Til no er det kjønnsøytrale viingsrituale øyremerka likekjønna par. No skal danske biskopar vurdere å gjera det tilgjengeleg for alle.

Den danske folkekyrkja opna i 2012 for at likekjønna par kunne blir via i kyrkja.

Det blei i den forbindelse utarbeidd ein ny viingsliturgi, med eit meir kjønnsnøytralt språk.

Mellom anna blei orda mann og kone bytt ut med ektefelle, og ein kom med forslag til bibeltekstar som ikkje fokuserer på kjønn. Til no har heterofile par som ynskjer å bruke den denne viingsliturgien måtte søkt om dispensasjon.

Det kan no endre seg, skriv Kristeligt Dagblad.

Eg meiner at vi i ei tid med mange omveltingar skal halde fast ved dei tinga som er slitesterke

—  Kristine Krarup Ravn, sokneprest i Blovstrød

På det siste bispemøtet avgjorde biskopane at ein skal sjå nærmare på at heterofile par i framtida kan bruke liturgien som i dag er berekna på viingar av likekjønna par.

---

Den danske folkekyrkja

  • Den danske folkekyrkje eller Folkekirken er ei evangelisk-luthersk kyrkje.
  • Det er det største kyrkjesamfunnet i Danmark, og over 70 prosent av innbyggjarane er medlemmar.
  • Meiningane er delte på om ein kan kalle kyrkja ei statskyrkje, men den har tette band til staten, og er nemnt spesielt i den danske grunnloven.
  • Kyrkja blir styrt av det danske kyrkjedepartementet der kyrkjeministeren er øvste autoritet.
  • Kyrkja er dela inn i 11 bispedøme og 2400 sokn.

Kjelder: Folkekirken.dk, Kristeligt Dagblad, Wikipedia.

---

Biskopane ynskjer endring

Bakgrunnen skal vera at biskopane i den danske folkekyrkja jamleg blir kontakta av prestar som ber om å få bruke liturgien, også for å vie heterofile par, kjem det fram i referatet frå bispemøtet som fann stad i slutten av oktober.

Biskoper i den danske folkekirken

«Biskopane støttar denne ynsket og vil undersøkje kva som skal til for at dette kan gjennomførast», står det vidare.

– Eit utval skal kikke nærmare på saka og diskutere dei ulike implikasjonane. Drøftingane skal leggjast fram på bispemøtet enten i januar eller april, seier biskopen i København, Peter Skov-Jakobsen, til Kristeligt Dagblad.

Han seier vidare at det ikkje blir lagt opp til at ein liturgi skal ha førerang framfor eit anna, og at han ser for seg at prestar ikkje skal bli tvungne til å bruke det eine eller andre ritual, sjølv om det kommande ekteparet har eit klart ynskje.

Vil halde på noverande ordning

Men ikkje alle ser positivt på den potensielle oppmjukinga.

Sokneprest i Blovstrød, Kristine Krarup Ravn, seier til den danske avisa at det kan bli vanskeleg å navigere i fleire ulike variantar av ritualet:

– Eg meiner at vi i ei tid med mange omveltingar skal halde fast ved dei tinga som er slitesterke, som folk med éin gong kjenner att, og som har halde i mange år.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion