Religion

Human-Etisk Forbund ville stoppe religiøse SFO-aktivitetar. No oppmuntrar biskopar til meir

DEN NORSKE KYRKJA: Bispemøtet oppmuntrar til samarbeid mellom kyrkje og skule berre veker etter at Human-Etisk Forbund ba Kunnskapsdepartementet setje ein stoppar for religiøse SFO-aktivitetar.

På Bispemøtet denne veka nytta biskopane høvet til å oppmuntre til samarbeid mellom skule og kyrkje.

«Handlingsrommet som finst i skulens formålsparagraf og læreplanar kan bli tatt endå betre i bruk», skriv dei i sitt vedtak.

I september sende Human-Etisk Forbund (HEF) ein e-post til Kunnskapsdepartementet, der dei tok opp at Skedsmo kyrkjelyd i Den norske kyrkja (DNK) heldt trusopplæring i tidsrommet for skulefritidsordninga (SFO) ved fleire skular.

Kyrkja inviterte til klubb

I fire veker inviterte kyrkjelyden 1. – 3.-klassingar til «agentklubb», der dei kan løyse agentoppdrag og gåter om bibelforteljingar. Til slutt var det tårnagenthelg med aktivitet i kyrkja.

HEF oppfattar at trusopplæring ikkje skal skje i SFO-tida og at dette har vore uttrykt av Stortinget tidlegare, og har derfor tatt opp saka med både Statsforvaltaren og Kunnskapsdepartementet. Men begge har svart at eit slik kyrkjesamarbeid er greitt.

«På generelt grunnlag er det positivt at SFO samarbeider med foreiningar og organisasjonar for å gjennomføre og organisere aktivitetar», svara kunnskapsdepartementet.

Ut mot HEF

I tillegg til å «peike på høvet for eit kyrkjeleg tilbod i ramma av skulefritidsordninga», nemner biskopane at dei ynskjer samarbeid om skulegudstenester, beredskap i forbindelse med sorg og kriser og kring læringsmåla i skulen.

Dei nemner også at ein kan samarbeide med barnehagar.

Saka kom opp i Kyrkjerådet etter eit ynskje frå Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum, som ynskjer å styrke samarbeidet mellom kyrkje og skule.

Ho gjekk ut mot HEF i Vårt Land, der ho i eitt innlegg skulda ho livsynsorganisasjonen for å ynskje ei «radikal omvelting som grip langt inn i foreldreretten», og for å ville bestemme over barn si fritid.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion