– Denne boka har ein veldig relevans i korleis vi skal ta oss av dei framande som kjem inn i landet vårt, seier Bergljot Ellingsrud.
Ho kallar seg sjølv for ei heilt alminneleg dame, som gjennom bøn og å lese Bibelen har blitt inspirert til å lage musikk. 16. september skal 76-åringen ved hjelp av songarar og musikarar gjere Ruts bok levande i Storsalen menighet.
– Eg har ikkje turt å kalle det musikal. Men eg tenkte at eg kunne kalle det ein syngjespel fordi det er litt skodespel i det, men mest musikk, seier ho.

– Korleis tar vi imot dei som kjem?
Ruts bok blir av Bibelselskapet skildra som ein forteljing om truskap, kjærleik og kvinnelist. Etter at mannen til Rut døyr, følgjer ho svigermora til hennar heimstad Betlehem. Rut er sjølv frå nabolandet Moab. Dei er barnlause, og har ingen til å forsørgje seg.
I Betlehem blir dei møtt med omtanke frå folket der. Rut gifter seg til slutt med den velståande mannen Boas, og blir stammor til kong David og Jesus.
– Grunnen til at eg har kalla det «Rut – en fremmed» er at eg har sett for meg korleis ho kjem som ein framand frå eit anna land, eller på andre sida av Daudehavet, seier Ellingsrud.
Ho trekk parallellar til korleis Rut kjem som framand inn i ein familie og inn i eit landområde der det er ein annan Gud. Og sjølv om det er 3000 år sidan, og ein har andre kriterium for korleis ein tar imot og hjelper menneske i dag, meiner Ellingsrud tematikken framleis er høgaktuell.
– Eg tenkjer at vi har mange slike i landet vårt. Og vi har mange flyktningar for tida, så det har blitt aktuelt å spørje seg korleis vi tar imot dei som kjem, seier ho, og legger til:
– Eg håper det kan vere ein vekkjar.
Syng bibeltekstar
Forteljinga skildrar også korleis Boas tar Rut til seg som si kone. Dette skjedde gjennom at Noomi bad Rut om å vaske og pynte seg, og leggje seg ved føtene hans, etter at festen for avslutninga av onna er slutt.
Sjølv om synet på både kjønnsroller og samliv skil seg frå det mange kristne tenkjer i dag, har Ellingsrud vore opptatt av å framføre Bibelens tekst slik den er i sin heilskap.

– Teksten blir enten lest eller dialogane sunge. Det blir ikkje lagt fram forklaring på nokon ting. Det er berre bibeltekstar, så då får folk tenkje det dei vil. Men eg legg ikkje til eit ord, bortsett frå at eg lagar to små solosongar heilt på slutten - éin til Rut og éin til Noomi, seier Ellingsrud.
Dei fyrste songane blei skreve i 2014, fortel Ellingsrud. Men det var fyrst i 2020 at begynte samarbeid med Alexander Lorentzen, musikalsk leder for stykket.
Ho fortel at så godt som alle dialogane i forteljinga blir sunge stort sett ordrett, og at resten av teksten blir fortalt.
– Vi prøver å få solistane til å agere som skodespelarar, sånn at det skal leve. Og eg har funne ulike drakter for å prøve å få det litt inn i den tida, så godt det lar seg gjere, seier Ellingsrud, og understrekar at ho har fått god hjelp med arrangere låtar og produsere stykket.
---
Rut – en fremmed
- Framsyning i Storsalen menighet i Oslo 16. september
- Her blir forteljinga om Rut frå Bibelen sunge eller gjenfortalt ordrett
- Komponert og regissert av Bergljot Ellingsrud. Johanna Elise Emmerhoff er medregissør og ansvarleg for dans. Alexander Lorentzen er musikalsk ansvarleg
---

Ruts bok aktuell på fleire måtar
Karl William Weyde er professor emeritus på MF vitenskapelig høyskole, og fortel at Ruts bok er relevant på fleire måtar i dag.
– Rut er ikkje israelitt, ho er utlending. Ho tilhøyrde opphavleg ikkje Guds folk, men fekk likevel ei heilt avgjerande betydning for Guds folk fordi ho er ein av stammødrene til kong David, og til Jesus sjølv, seier han.
– Det seier noko om korleis Bibelen i desse skriftene oppvurderer den framande. I Matteus-evangeliet kapittel 1 er det særleg tydeleg – i Jesu ættetavle, der Rut blir nemnt, kjem det til uttrykk at Jesu funksjon som Messias er ikkje berre for jødane, men for alle folkeslag, held han fram.
I likskap med Ellingsrud, trekk han fram Ruts bok som viktig knytt til innvandring og tilflyttarar.

– Rut sjølv løfter fram ein veldig sentral problematikk også i dag, nemleg eins forhold til dei framande. Og i vår kontekst her i Norge, for eksempel til utlendingar. Ho blir, som lovlydig, godtatt fullt og heilt i det jødiske miljøet ho kjem til i Betlehem saman med si svigermor Noomi. Ho kjem også inn i eit ekteskap med ein av dei leiande i samfunnet der, Boas. Så du kan seie at ho blir ein slags modell for det å vise at Gud inkluderer alle menneske i sitt folk.
Blant andre moment som viser relevansen til boka for dagens samfunn, peiker Weyde på at Gud kan bruke menneske heilt uavhengig av stand og stilling, og at han kan vende naud til noko godt.
– Mangel på mat og barnlausheit blir snudd om til velsigning. Dei får mat, og ho får barn og fører slekta vidare, seier han.