Søndag kveld kunne Vigeland Bedehus kunngjere at det er slutt på møtehelgene dei har arrangert det siste halve året.
«Vi har nå valgt å ikke ha flere møter i Lindesnes hallen, og vi vil fokusere på samlinger og møter på bedehuset utover høsten,» skriv dei på si facebookside.
Etter ei møtehelg med songevangelist Arthur Robertsen hos Normisjon-forsamlinga i fjor november blei møta, møtehelgene og deltakarane fleire.
Møtehelgene vaks seg ut av Vigeland Bedehus og det største bedehuset i Bygda Betania. I juni og august blei det arrangert to møtehelger i Lindesneshallen som rommar 1400 menneske. Begge helgene var det fullt hus.
Bedehuset arrangerte åtte møtehelger i løpet av eit halvt år, ifølgje Verdinytt. Det blei omtala som ei vekking.
– Einskapen er bevart, vi er kjempegode venner og vi er veldig takknemlege for det vi har opplevd. Men nå held vekkinga fram der du er, sa evangelist Robertsen til Verdinytt.
Trappar opp møtefrekvens
Sjølv om det ikkje blir fleire møtehelger i tida framover ser Vigeland Bedehus ei endring i forsamlinga, som tidlegare bestod av om lag 15 menneske éin søndag i månaden.
Ifølgje Verdinytt, fortel styremedlem i bedehuset Geir Norum at det søndag var heilt fullt i lokalet, og at dei i haust begynner med å ha søndagsmøte annankvar veke.