Religion

Denne kandidaten vil biskopane ha som ny kollega

DEN NORSKE KYRKJA: Biskopane og bispedømerådet i Sør-Hålogaland har no sagt kven dei ynskjer seg som ny biskop.

Fredag morgon blei det klart kven biskopane i Den norske kyrkja, og bispedømerådet i Sør-Hålogaland ynskjer seg som arvtakar etter Ann-Helen Fjeldstad Jusnes.

Dei tre aktuelle kandidatane til å bli biskop i Sør-Hålogaland er Anne Skoglund, Svein Valle og Hallgeir Elstad.

Og det er sistnemnde flest biskopar ynskjer seg som ny kollega.

---

Slik stemte biskopane:

  • Hallgeir Elstad fekk 4 fyrstestemmer, 1 andrestemme og 5 tredjestemmer.
  • Svein Valle fekk 3 fyrstestemmer, 6 andrestemmer og 1 tredjestemme.
  • Anne Bergljot Skoglund fekk 3 fyrstestemmer, 3 andrestemmer og 4 tredjestemmer.

---

Biskopane grunngjev si prioritering av kandidatane, men denne er ikkje offentleg.

Det har ikkje komme stemmer frå biskopar i Sør-Hålogaland og Nord-Hålogaland. Den norske kyrkja opplyser at Olav Øygard, biskop i det nordlegaste bispedømet, er inhabil i saka, sidan kandidat Anne Skoglund er stiftsdirektør i Nord-Hålogaland, der han er biskop.

Og sidan fungerande biskop i Sør-Hålogaland, Svein Valle, er ein av bispekandidatane, har det heller ikkje komme ei stemme herifrå.

Ikkje einige

Bispedømerådet har ein annan favoritt enn biskopane. Dei ynskjer seg domprost i Bodø, Svein Valle, som ny biskop.

Valle har også fungert som biskop i periodar, sidan Jusnes har vore sjukmeldt og gjekk av før ny biskop var på plass.

---

Slik stemte bispedømerådet:

  1. Svein Valle
  2. Anne Bergljot Skoglund
  3. Hallgeir Elstad

---

Sør-Hålogaland bispedøme dekkjer heile Nordland fylke, og Bodø domkyrkje er bispesete.

Den nye biskopen blir tilsett på Kyrkjerådet sitt møte i Bodø 21.–22. september.

---

Bispenominasjon i Den norske kyrkja

  • Alle kan foreslå kandidatar til ny biskop.
  • Bispedømerådet nominerer fem kandidatar.
  • Kyrkjerådet gjev ein frist for å stille supplerande kandidatar.
  • Dei nominerte kandidatane blir presentert.
  • Alle som har stemmerett stemmer.
  • Det blir gjort offentleg kva tre kandidatar som har fått flest stemmer.
  • Biskopar og bispedømeråd uttalar seg.
  • Kyrkjerådet tilset ny biskop.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion