– Wow, tenk at den og den og den har søkt.
På telefon frå barndomsøya Stord gjev Oslo-biskop Kari Veiteberg ei reprise på reaksjonen sin på lista over søkjarar til å bli domprost i Oslo.
– Eg blei så glad når eg såg at lista var full av veldig spanande søkjarar. Det er ikkje sjølvsagt, og eg tek det som ei fjør i hatten for bispedømet og domprostiet, fortel Veiteberg, som synest det er triveleg å sjå at mange også kan tenkje seg å jobbe tett med ho.
Domprosten blir nemleg ein del av leiargruppa til biskopen, og skal dessutan vera vikar for Veiteberg når det trengst. Domprosten har difor ei særstilling i høve til prostane elles.
– Samarbeidet mellom oss to er veldig viktig, seier Veiteberg.
![Oslo 20221020.
Oslo domkirke torsdag ettermiddag.](https://www.vl.no/resizer/v2/K7QBR7YI5BBXVEI3U7CCI7UOZA.jpg?auth=20325313760ee71ef434412f06cd6ac6154dc6eb0c7ee2af8a10fe4f15e05c59&width=1440&quality=70&smart=true)
Ho meiner den som skal ha domproststillinga må ha «det vesle ekstra», sidan domkyrkja har ei særskilt tyngde og ein viktig posisjon i Noreg og kyrkja.
– Ein trygg og god domprost der er kjempeviktig. Me blir bruka til viktige merkehendingar og både Kongehus, Storting og styresmakter ligg rett i nærleiken.
---
Kva er ein prost?
- Den norske kyrkja har dela Noreg inn i 11 bispedøme. Desse er på nytt dela inn i mindre prosti.
- Prosten leiar prestetenesta i sitt prosti, for biskopen. Ho er altså prestane i prostiet sin personalleiar.
- Ein kan med andre ord kalle prosten ein mellomleiar.
- Prosten må vera prest, og i tillegg til leiaroppgåver gjer ein prost vanlege presteoppgåver.
- Prostar skal også vera eit bindeledd mellom bispedømet og dei kyrkjelege fellesråda. Sistnemnde tilsvarar vanlegvis éin kommune.
- Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Det er elleve domprostar i Den norske kyrkja.
Kjelde: Den norske kyrkja, Store norske leksikon og Vårt Land.
---
Går av etter ti år
Denne hausten går domprost i Oslo domprosti, Anne-May Grasaas av med pensjon, etter å ha hatt den sentrale leiarstillinga i Den norske kyrkja i ti år.
No har elleve menn og to kvinner har søkt om å overta stafettpinnen etter henne. Fristen gjekk ut 20. august.
Desse har søkt:
- Hallvard Olavson Mosdøl (51), sokneprest/teamleiar Lillestrøm kyrkjelyd.
- Prins Kjell Reidar Thoresen (79).
- Lars Martin Dahl (51), sokneprest.
- Margunn Sandal (60), sokneprest i Frogner kyrkjelyd.
- Tor Øystein Vaaland (63), kyrkjefagsjef.
- Roger Jensen (54), sokneprest.
- Sveinung Hansen (48), prost i Hallingdal prosti.
- Øyvind Stabrun (56), prost i Asker prosti.
- Christofer Solbakken, (53), prost Oslo.
- Stephen Sirris (46), prodekan.
- Erling Bakke Nydal (56), sokneprest i Kinn.
- Birte Nordahl (44), avdelingsleiar ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken.
- Pål Kristian Balstad (44), leiande prest i Trefoldighetskirken, freds- og forsoningskyrkja i Oslo.
[ Usikker på kirkevalget? Ta Vårt Lands kirkevalgomat her! ]
Forkynnar og strateg med stor arbeidskapasitet
I stillingsutlysinga skriv Oslo bispedøme at dei ynskjer seg ein person med strategisk blikk, stor arbeidskapasitet og solid teologisk kompetanse.
I tillegg ynskjer dei seg ein dyktig og engasjerande forkynnar og liturg med gode kontaktskapande evner.
Oslo domprosti har Oslo domkyrkje som hovudsete. I stillingsutlysinga omtalar ein kyrkja som «eit av landets alle mest sentrale kyrkjerom».
Folketalet i prostiet er nesten 150.000, det er sett saman av ni sokn. Den nye domprosten blir leiar for 19 kyrkjelydsprestar, to fengselsprestar og éin gateprest for ungdom.