– Tanken bak formuleringa var at Frivillighethelga skal vera ein arena for å vise seg fram, ikkje for å drive agitasjon.
Det seier Einar Busterud. Han er ordførar i Hamar og representerer By- og bygdelista.
Formuleringa han siktar til er henta frå invitasjonen til å melde seg på Frivillighethelga på Hamar, og den lyd slik:
«Arrangementet er ikkje ope for organisasjonar med politisk, religiøst og/eller diskriminerande bodskap».
Det har fleire reagert på, og det har gjort mellom anna barnekoret til den norske kyrkja på Hamar usikre på om dei er velkomne på arrangementet som har som mål at «eit mangfald av kommunen sine idrettslag/-klubbar og organisasjonar viser fram seg og sitt», og for at innbyggjarane skal få hjelp til å finne nye aktivitetar og møteplassar.
– Uheldig
Mellom anna har Frivillighet Norge bedt kommunen om å snu. Og det har dei no gjort, ifylgje Busterud.
Han seier han forstår intensjonen bak formuleringa, men at det var feil å likebehandle aktørar med politiske og religiøse bodskapar.
– Ein slenger religiøse saman med dei politiske, og det er uheldig. Mange religiøse organisasjonar gjer veldedig arbeid, så dette vil eg ordne opp i, seier ordføraren.
Han seier saka ikkje har vore oppe til politisk handsaming.
Kort tid etter kan han melde at «no er det i orden», og at reglementet er endra, slik at også organisasjonar med ein religiøs bodskap skal kunne delta på frivilligheitstorget i september.
Det set Inger Torun Klosbøle (Ap), leiar for hovudutvalet for kultur i Innlandet fylkeskommune pris på.
– Eg er svært glad for at Hamar kommune har snudd. Me har religionsfridom i landet vårt, skriv ho i ei melding til Vårt Land.
[ Vårt Land mener: Åpenhet for livssyn bør gjelde også på Hamar ]