Religion

Flytta konferanse til TV-studio i Mjøndalen – risikerer no at «Hans» endrer planane igjen

EKSTREMVÉR: Onsdag kveld hadde elva nær studioet til TV Visjon Norge i Drammen stige betrakteleg. - Det går bra i studio her, seier sekretær Vera Nordby torsdag.

Onsdag kveld rapporterte Norge Idag at Mjøndalsbekken, ei sideelv til Drammenselva, har stige betrakteleg som følgje av ekstremvêret «Hans». Dette kan få konsekvensar for TV Visjon Norge, som har TV-studio like ved sida.

– Vi har vore i kontakt med kommunen for å finne ut av det. Og vi prøver å rydde opp i første etasje, for alt det tekniske som er på golvet må bli løfta opp, sa TV-sjef Gawdat Mtrious til Norge Idag.

Ved hjelp av kommunen, har dei også fått opp flaumsikring langs elva.

TV Visjon Norge skal ha fått melding om at vatnet kan stige ytterlegare 1 til 3 meter i løpet av eit par dagar.

Har allereie flytta konferansen éin gong

Mellom 8.–13. august har TV Visjon Norge konferansen Camp Meeting, som opphaveleg var planlagt på Hallingskarvet. På grunn av ekstremvêret blei sendingane flytta ned til studioet deira i Mjøndalen utanfor Drammen. No risikerer dei altså endring i planane – igjen.

– Vi sender framleis frå Mjøndalen og om ting roer seg i løpet av dei neste to dagane held vi fram der, sa Mtrious onsdag kveld.

Jan Hanvold

Raudt flaumvarsel

Torsdag føremiddag blei flaumvarselet i Drammen kommune oppgradert til raudt nivå. Dette betyr at situasjonen er ekstrem, med fare for at liv går tapt og store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur.

Drammen kommune skriv på sine nettsider at normal vasstand i elva ved Mjøndalen bru er ca. 1 meter, og at vasstanden stoppa på om lag 2,5 meter under vårflommen. Dette er rett under nivået der det er behov for å sette inn flaumsikringstiltak. Vidare skriv kommunen at prognosene no tyder på at vasstanden kan bli inntil 3,5 meter.

– Det går bra i studio her, seier sekretær i TV Visjon Norge Vera Nordby til Vårt Land.

– Driv de framleis med sendingar i studio?

– Du får gå inn og sjå på TV, seier ho.

Kommunen skriv at det er venta at flaumtoppen blir nådd fredag eller laurdag.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion