Religion

To av tre amerikanarar meiner det berre finst to kjønnsidentitetar

UNDERSØKING: Forskar trur nordmenn skil seg ut inntil vidare.

To av tre amerikanarar meiner det berre finst to kjønnsidentitetar, viser ei undersøking frå Public Religion Research Institute (PRRI).

– Eg antar at nordmenn foreløpig skil seg noko frå amerikanarane her inntil vidare, som kanskje har hatt ein meir konservativ eller reaksjonær strøyming i det siste. Men dette er noko som bør bli målt.

Det seier Nora Clausen, partnar og seniorrådgjevar i analysebyrået Opinion.

Den amerikanske undersøkinga tek føre seg spørsmål om «gender». Store Norske Leksikon skriv at «gender» på engelsk blir brukt om dei sosiale og kulturelle sidene ved kjønn, medan «sex» betyr biologisk kjønn.

Leksikonet skriv også at kjønnsidentitet er ein persons subjektive oppleving av å tilhøyre eit bestemt kjønn.

Nora Clasen

Det har ikkje blitt gjort ei tilsvarande undersøking i Norge, men tidlegare i år målte Opinion at éin av tre nordmenn er positive til tre kjønn.

– Opinions samfunnsmonitor har nyleg målt at kvar tredje nordmann, og særleg dei yngre, er for å innføre tre juridiske kjønn, men i alle aldersgrupper er fleirtalet mot dette. Eg tenkjer at dette er noko vi gjerne bør måle meir rundt også framover, da dette nok er eit tema som er noko i rørsle, seier ho.

Trend i USA

I den amerikanske undersøkinga viser tala også ein endring i trend. I 2021 sa 59 prosent av amerikanarane at det berre finst to kjønnsidentitetar, mann og kvinne, og 40 prosent meinte det finst mange kjønnsidentitetar. I 2023 meinte 65 prosent at det er to kjønnsidentitetar og 34 prosent meiner det er mange.

– Eg veit ikkje kor mange i Norge som meiner det berre finst to kjønn, men dette er verken eit juridisk, biologisk, sosialt eller kulturelt spørsmål åleine. Det er ein kombinasjon, og er i endring, understrekar ho, og legg til:

– Eg vil nok anta at trenden i Norge er at ein legg til grunn at det finst mange kjønnsidentitetar og at dette er noko spesielt dei yngre er opptatt av. Og ikkje minst noko eldre nordmenn merker at mange unge familiemedlem er opptatte av.




Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion