Religion

Kritiserer Veitebergs svar om synd og seksualitet: – Eksempel på kor langt ute delar av DNK er

KRISTENPROFILER I DISKUSJON: Filosof Daniel Joachim Kleiven og forfattar Thomas Neteland er kritisk til eit svar Oslo-biskop Kari Veiteberg gir i hennar bok «Store spørsmål – Korte svar». Les heile boka, er beskjeden frå Veiteberg.

I si bok Store spørsmål – Korte svar svarer biskop Kari Veiteberg følgjande på spørsmåla «Kan vi ha sex før ekteskapet?» og «Er samboerskap synd?»:

«De aller fleste jeg har snakka med, har ligget med noen før de inngår ekteskap i kirka eller rådhuset. Det er ikke synd. Samboerskap er heller ikke synd. For du spør om synd. Om vi blir enig om å forstå synd som alt som truer livet og det som er godt, så er ikke sex utenfor ekteskapet synd. Sex utenfor ekteskapet kan selvsagt være synd, men ikke fordi det skjer utenfor ekteskapet».

Vidare i boka skriv Veiteberg at «Ikke ligg med andre før du veit at du sjøl står inne for det og at dere er enige om det! Samtykke er en forutsetning for lovlige seksuelle relasjoner».

Svaret har no vore opphav til debatt på Facebook-sida til den kristne samfunnsdebattanten Joachim Daniel Kleiven dei siste vekene. 18. juli delte Kleiven bilete frå boka til Veiteberg, i tillegg til ein eigen kommentar:

«Trigger warning: Dette er ikke det mest reflekterte du vil lese om synd og seksualitet og sånn. Men det er vel heldigvis bare skrevet av en sexolog eller noe - som følger enkelte overfladiske platityder tilhørende en flyktig, rådende tidsånd - og ikke en biskop i en seriøs kirke som hevder å forvalte et dypere budskap om tilværelsens natur eller noe. Nei, vent...Oslo biskop Kari Veiteberg».

Trigger warning: Dette er ikke det mest reflekterte du vil lese om synd og seksualitet og sånn. Men det er vel...

Posted by Danieljoachim.org on Tuesday, July 18, 2023

Fleire kristenprofilar har kommentert innlegget med kritikk mot innhaldet som Kleiven viser til. Pastor og forfattar Thomas Neteland er blant dei som har engasjert seg, med kommentaren «haha».

– Eksempel på kor langt ute delar av Den norske kyrkja er

– Kva legg du i det? kvifor skreiv du «haha»?

– For meg er sosiale medium ein elendig plass for diskusjon – eg trur ikkje det er noko fruktbart. På ein måte er det «out of character» å i det heile tatt kommentere noko, men i dette tilfellet synest eg heile greia framstod tragikomisk, seier han.

Han meiner det tragikomiske er knytt til innhaldet i det Veiteberg skriv.

– Ironien her er at i eit forsøk på å definere kva synd er, ender ho opp med å eksemplifisere kva synd er. Ho tar definisjonsmakta frå Gud og seier at «det er eg som veit kva som er sant og sunt, og rett og gale» knytt til seksualmoral. Og det er det eg synest er ganske ille, seier han, og legg til:

– At ein har sekulære stemmer som seier desse tinga, er jo ikkje oppsiktsvekkjande på nokon som helst måte. Vi er vant til at det er sånn verda tenkjer. Men at ein som kyrkje, som er kalla til å vere annleis, tenkje annleis og kalla til å vere motkulturell, blir det eit eksempel på kor langt ute delar av Den norske kyrkja er når det gjeld moralske spørsmål, synest eg.

Neteland legg til at Kleiven la opp til ein vits i posten sin, og tenkjer at det var derfor han først og fremst reagerte med eit «haha».

– Korleis tenkjer du at du bidrar i debatten med en kommentar av denne karakteren?

– Eg bidrar vel eigentleg ikkje. Eg er veldig glad i Daniel Joachim så det er også berre ein måte å vise at eg såg det og er einig, seier han.

– Kjenner meg ikkje igjen

Kritikken utdjupar Kleiven lengre nede i kommentarfeltet. Delar av den står slik:

«det mest triste [er] å se at du velger bort en gyllen mulighet til å presentere et motkulturelt alternativ til en ung generasjon som tørster etter mening - mot den ofte flate, nihilistiske forståelsen av seksualitet som ofte preger de moderne samfunnene».

Daniel Joachim Kleiven

Biskop Kari Veiteberg meiner diskusjonen skjer på feil grunnlag, og at ein må lese heile boka for å få eit bilete av kva ho eigentleg meiner.

– Kva tenkjer du om kritikken som har komme mot det du skriv i boka, i dette Facebook-innlegget?

– Eg tenkjer at dei ikkje har lese boka, og eg prøver å finne ut kva av det dei siterer som eg har sagt. I boka er det mange spørsmål. Eg lager ein kontrakt med lesaren om at eg på ingen måte gir uttømmande svar på dei mange spørsmåla ungdommane har stilt, seier ho til Vårt Land, og legg til:

– Så det innlegget på Facebook, eg ser ikkje heilt kva det har med denne boka å gjere. Synd snakkar eg om kvar einaste søndag, og det er mange punkt som rører ved synd i boka.

Ho oppfordrar Kleiven og Neteland til å lese heile boka og dei andre spørsmåla ho svarar på om synd, og om kyrkja sitt syn på seksualitet, sex og samliv.

Bilde av side i Kari Veiteberg si bok «store spørsmål – korte svar»

Meiner diskusjonen må gjerast på ein ordentleg måte

– Neteland meiner at ironien er at i eit forsøk på å definere kva synd er, ender du opp med å eksemplifisere kva synd er, og tar definisjonsmakta frå Gud. Kva tenkjer du om det?

– Det kan eg ikkje sjå at han har belegg for å seie. Har han lese boka? Det er veldig vanskeleg for meg å svare på det. Det er ein kraftig påstand som eg ikkje kjenner meg igjen i. Han har rett til å seie det, men eg kan ikkje finne noko hald for det i denne vesle boka, seier Veiteberg.

Bispemøtet i Den norske kirke

Veiteberg seier at ho ikkje finn noko ho har sagt eller skrive som gir grunn til så alvorlege skuldingar.

– Det er såpass stort og såpass alvorleg, at det må ein gjere på ein ordentleg måte, og ikkje det å ta bilete av ei bok som er delar av eit større spørsmål-og-svar-kompleks. Det kan vi ikkje rett og slett. Det blir for lausrive, for useriøst.

– Bruker ikkje så mykje «haha» når vi studerer teologi

– Kva synest du om denne måten å delta i eit facebookinnlegg som er prega av diskusjon – å skrive «haha»?

– No kjenner ikkje eg kva tone Kleiven og Neteland har seg i mellom, kanskje er dei venner. Så når eg har så lite kjennskap til relasjonen og ikkje veit kva humor dei har, synest eg det er vanskeleg å svare på. Viss det gjer godt for han, så får han jo berre skrive «haha» så mykje han vil, seier Veiteberg.

Ho seier at han bør lese heile boka, og kan skrive til henne om han vil.

– Det er jo rom for ulike teologiar, seier ho, og legg til:

– Men vi bruker ikkje så mykje «haha» når vi samtalar om teologi, kan eg berre seie.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion