Religion

Fredsbyggar: – Eg må tru på full forsoning, viss ikkje hadde eg vore galen

RETTFERDIG VERD: Den anglikanske presten René August kjempar framleis for ei meir rettferdig verd, nesten 30 år etter at apartheid blei oppheva i heimlandet.

– Eg trur alle ting kan bli tilgjeve, på grunn av kva tilgjeving er. Tilgjeving er ikkje å seie at det som skjedde er greitt. Men tilgjeving er å seie at det som skjedde ikkje er så mektig at det kan definere resten av livet mitt.

Det seier René August. Ho er anglikansk prest i Sør-Afrika, og vaksen opp under apartheid-regimet i landet. August arbeider hovudsakleg med fredsbygging i den britiske organisasjonen Tearfund, som er eit kristent byrå med arbeid retta mot å overvinne urettferd og fattigdom.

Denne veka er ho i Norge for å delta som undervisar på Korsveifestivalen.

Opptatt av konsekvensane trua må få

– Vi diskuterte, meir enn noko. Vi diskuterte mykje om mange ting, men det er fordi eg er glad i han og han var glad i meg. Vi prøvde ikkje å ha rett, vi prøvde berre å forstå ting.

Det seier August om vennskapet til biskop Desmond Tutu, kjent for sitt engasjement mot apartheid. Engasjementet ligg også August tett til hjartet.

Sjølv om apartheid blei oppløyst for snart tretti år sidan, kjenner framleis det sørafrikanske folket konsekvensane av politikken som blei ført i nesten femti år. Ein rapport av World Bank frå 2022, rangerer Sør-Afrika som landet i verda med størst skilnader.

Dette er grunnen til at ho framleis lever og arbeider der, forklarer August.

– Samtalen rundt korleis vi gjer det riktig økonomisk, er viktig problematikk for meg å snakke om i kyrkja.

Ho er opptatt av konsekvensane som ho meiner trua på Gud bør få, og korleis kristne ser på sine medmenneske.

– 74 prosent av populasjonen i Sør-Afrika går til kyrkja. Korleis er vi kristne og framleis så ulikt stilt? Dei to tinga passar ikkje i lag. Jesus sa at vi skal elske våre naboar, og vi lever likevel i eit land som er så ulikt stilt. Då er det noko gale med kristendomen vår, meiner ho.

Trur på full forsoning

Sidan 2018 har Sannhets-og forsoningskommisjonen granska fornorskingspolitikken og uretten som blei gjort overfor samar, kvener og norskfinnar. Rapporten blei overlevert til Stortinget 1. juni. Noko av målet, var å føreslå tiltak som bidrar til vidare forsoning.

August kjenner ikkje til fornorskingspolitikken i Norge, men trekker fram at mellom anna anerkjenning av land, språk og historier er viktige element når det kjem til forsoning, etter at ein slik form for politikk er ført.

– Kva er kravd for å restaurere og foreine eit samfunn som dette, generelt?

– Eg vil summere det opp med å seie: Kva var fordelen dei fekk? Kva fordel fekk kyrkja, til dømes? Generelt vil det vere økonomiske fordeler og politisk makt. Ver villig til å gi vekk økonomisk makt og politisk makt. Gjer det mogleg for urfolket å ta avgjerder om framtida si og gjer det mogleg for dei å delta økonomisk i landet, seier ho.

– Trur du generelt at full forsoning er mogleg?

– Eg trur at eg må tru det, viss ikkje hadde eg vore galen. Eg veit også at det vil vere nesten umogleg, men det stoppar meg ikkje.

– Er det mogleg for heile verda å elske Gud og elske våre naboar? Viss eg seier nei, ville eg aldri prøvd det. Då ville eg aldri arbeida for det, og eg ville aldri ha gitt livet mitt til det. Men eg trur det er mogleg når alle jobbar mot det saman, seier ho og legg til:

– Og det er mogleg fordi det er det Gud ønskjer.

---

Korsveifestivalen:

  • Arrangert av Korsvei, eit dugnadsfellesskap og sjølvstendig stifting, bygd opp rundt sommarfestivalar i Seljord.
  • Korsvei skildrar seg som «en økumenisk bevegelse, født ut av lengselen etter å leve som Jesu disipler midt i vår tid»
  • Festivalen blir arrangert annakvart år.

---


Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion