Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar. Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.» Og Abram høyrde på det Sarai sa. Kona til Abram, Sarai, tok då den egyptiske slavekvinna si, Hagar, og gav henne til kone for Abram, mannen sin. Abram hadde då budd ti år i landet Kanaan. Han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på husfrua si. Då sa Sarai til Abram: «Det er di skuld at eg blir krenkt! Eg gav slavekvinna mi i din famn, men då ho oppdaga at ho var med barn, såg ho ned på meg. Herren skal dømma mellom meg og deg!» Abram sa til Sarai: «Sjå, slavekvinna er i di hand. Gjer kva du vil med henne.» Og Sarai audmjuka henne, så ho rømde frå henne. Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur. Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.» Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!» Herrens engel sa: «Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.»
Så sa Herrens engel til henne: «Sjå, du er med barn og skal føda ein son. Han skal du kalla Ismael, for Herren har høyrt at du vart audmjuka. Han skal bli eit villesel av eit menneske. Handa hans skal vera vend mot alle og alle hender mot han. Rett imot alle slektningane sine skal han slå seg ned.» Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg.» For ho sa: «Har eg her verkeleg sett han som ser meg?»
1. Mos 16, 1-13
Tekstblikk: Gud ser og let seg sjå
Ingunn Aadland, førsteamanuensis i Det gamle testamente ved MF Vitenskapelig Høyskole

Det første verset nemner Sarai og Hagar, og allereie her skjønar vi kva rolle Hagar skal ha i forteljinga. For som slavekvinne er ho løysinga på Sarai sitt problem.
Sarai er barnlaus, men som «husfrue» har ho makt og rettar. Hagar sin kropp er nemleg Sarai sin eigendom og til hennar disposisjon. Ja, kanskje får Sarai ein son ved henne? Omsetjinga av vers 2 maktar ikkje å få med ordspelet i den hebraiske verbfrasen som eigentleg seier: «Kanskje eg vil bli bygd opp frå henne.»
Verbet «å bygga» bnah og substantivet «son» ben har same konsonantar på hebraisk, og ordvalet er neppe tilfeldig. For Sarai ynsker å bygga ei slekt, ved ein son. Så opplever Sarai likevel at det er Hagar som blir oppbygd. I alle fall kjenner Sarai seg krenkt (v. 5). Ho brukar sin posisjon til å audmjuka Hagar som må flykta for sitt liv. Hagar har ingen rettar i denne familiedramatikken.
Herrens engel finn Hagar ved ei vasskjelde (v. 7). For sjølv om Hagar er eit middel for Sarai, så er Hagar samstundes eit mål for Herrens «høyring» (v. 11) og «sjåing» (v. 13). Og Hagar får eit løfte som liknar på løftet til Abraham (1 Mos 15,5). Ho skal få ein son, «Ismael», som tyder «Gud høyrer» (v. 11). Som ein respons på løftet, set Hagar namn på Herren: «Du er ein gud som ser meg» (v. 13). Namn og identitet høyrer saman. Og Guds identitet er knytt til kva Gud gjer.
Seinare skal Herrens engel visa seg for Moses i ein brennande busk og openberra namnet sitt: «Eg er den eg er» (2 Mos 3,14). Folket til Moses er slavar i Egypt, og Gud «høyrer» og «ser» at dei har det vondt (2 Mos 2,24–25). Forteljinga om Moses er ei forteljing om frigjering frå slaveri. Forteljinga om Hagar er ikkje ei slik forteljing. Det er likevel ei forteljing om ein gud som høyrer og ser den undertrykte: «Har eg verkeleg sett ein gud som ser meg?», spør Hagar (v. 13).
Så er Hagar stadig redusert til ei brikke i Sarai sitt byggeprosjekt, men i Guds auge er ho meir. Ho ser og blir sett.
Prekenblikk: Historiens første surrogatmor
Åste Dokka, teolog og kommentator i Vårt Land

I en tid som ivrig diskuterer spørsmål om reproduksjon, er også lovligheten av surrogati blitt et tema. Såvidt meg bekjent er Hagar den første surrogatmor vi kjenner – planen er at hun skal føde et barn for Sarai og Abram.
Dette er en historie om overgrep. Slavekvinnen Hagar har lite hun skulle ha sagt når hun må ligge med herren sin og kroppen hennes brukes som rugekasse. Den lykkelige slutten om foreldre som endelig har fått et etterlengtet barn, uteblir også: Sarais ydmykelser sender Hagar ut i ødemarken, med Abrams velsignelse. At slaver er andres eiendom, innebærer også at de ikke har myndighet over sin egen kropp. Historien viser oss slaveholdets grusomhet.
Bibelske helter er sannelig ikke helgener.
Og vi i vår tid har god grunn til å tenke gjennom de etiske konsekvensene av å bruke andres kropper til å tilfredsstille våre behov, uansett hvor dypt disse behovene stikker. At Gud ser til Hagar og hennes sønn, trass i Abrams og Sarais mishandling, er et håpstegn i teksten. At Guds folk ikke alltid er gode, betyr ikke at Gud ikke er god.
Denne fortellinga finner vi også i Koranen, og den er sentral i islam. Slik Isak blir stamfar for jødene, blir Ismael stamfar for muslimene. Fordi Gud så til Hagar, går hun og Ismael ikke til grunne der ute i ødemarken, men kommer tilbake, får et liv og en etterslekt. Dette er dermed en av grunnfortellingene for alle de semittiske religionene.
[ Forrige ukes lillesøndag: To typer disipler ]
---
Bibelbetraktninger
- Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Denne uka bruker vi den gammeltestamentlige teksten.
- Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes og Ingunn Aadland.
---