Frykta at Helsekost Furuseth skulle stoppe lovsong-karriera
HELSE: Etter deltakinga i NRK-serien Helsekost Furuseth, torde Johan Voldrønning endeleg å opne opp om det vanskelege i livet.
TV-SERIE: Johan Voldrønning er aktuell som ein av deltakarane i NRK-serien Helsekost Furuset.
Jørgen Bull
– Eg gjorde det for å vise at ein ikkje skal skamme seg over kroppen sin, og tenkte at eg gjer det for meg, men også for andre.
Det seier Johan Voldrønning, som dei siste vekene har blitt eit ansikt mange kjenner til. I NRK-serien Helsekost Furuseth følgjer sjåaren Voldrønning, Else Kåss Furuseth og tre andre gjennom eit prosjekt med mål om å endre livsstil og gå ned i vekt. I prosessen blir ein vitne til opp- og nedturar, samtalar med kyndige folk på området – og eit burlesk-show.
I den seks episodar lange serien, opnar han opp om kjærleikssorg og vanskelege tankar omkring dating og einsemd. Han torde ikkje spørje venner om å finne på ting, då frykta for at dei ikkje ville vere saman med han, var for stor.
Bestill abonnement her
KJØP