I desse dagar er 112 leiarar frå Frelsesarmeen rundt omkring i verda samla til Det høge råd i London, England.
Den einaste funksjonen rådet har er å velje ny verdsleiar, eller general om du vil, for Frelsesarmeen. Han eller ho blir øvste leiar for arbeid som skjer i over 130 land og for om lag 1,3 millionar «soldatar» verda rundt.
Den nye leiaren blir den 22. i rekkja etter grunnleggjaren William Booth som får ha tittelen general i Frelsesarmeen. Tre av desse har vore kvinner.
Brukar god tid
Møtet til Det høge råd har vart heilt sidan torsdag førre veke, og på programmet står bønn, samtaler og altså val av ny leiar.
Men skal me tru kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen i Noreg, Geir Smith-Solevåg, kan det framleis ta si tid før avgjersla blir tatt.
– Eg tippar at det skjer til veka ein gong, men eg har tatt feil før.

Smith-Solevåg fortel at det blei valt ordstyrarar på måndag, og at det neste på programmet er ein nominasjonsprosess. Etter det vil dei offentleggjera namna på dei nominerte, før desse skal svara skriftleg på spørsmål til rådet. Etter dette er over kan avstemminga byrje. Korleis den går føre seg kan du lesa meir om til slutt i saka.
[ Kuttet «unødvendig kontakt» da sønnen brøt med Jehovas vitner ]
Fyrste generasjon Frelsesarmé
Noverande general Brian Peddle har hatt tittelen sidan 2018. Han og kona, kommandør Rosalie Peddle, går snart av med pensjon.

Til Krigsropet, magasinet til den norske delen av Frelsesarmeen, fortalde canadiaren Peddle at han eigentleg ville bli «politi i arbeidstida – og spele golf på fritida». Det var før han fekk det han reknar som eit kall, nemleg ei kjensle av at Gud hadde eit ynskje og ein plan for livet hans, fortel han til Krigsropet.
Det var fyrst i ungdomstida han blei kjent med Frelsesarmeen. Og etter det fylgde ei lang teneste for organisasjonen og kyrkjesamfunnet.
Han tok den toårige offisersutdanninga i Canada og han har mellom anna vore øvste leiar for Frelsesarmeen i Canada og Bermuda.
Generalen er aktiv på Twitter og har delt fleire ting i løpet av møtet dei siste dagane.
I Thessalonians 2 attributes much to the value of seeing the faith of others. …”we were encouraged about you because of your faith”. Our witness to the world begins as we express our faith in a God who does the impossible. @SalvArmyIHQ
— General Brian Peddle (@GeneralBPeddle) May 23, 2023
Nordmenn er med å bestemme
Ekteparet Lisbeth og Knud David Welander er norske representantar i det høge rådet i London. Dei har begge tittelen kommandør, og dei leiar Frelsesarmeen sitt arbeid i Noreg, Island og Færøyane.

For å bli valgt må den aktuelle kandidaten i utgangspunktet få to tredjedelar av stemmene i Det høge råd. Medlemmane stemmer i private avlukke.
Dersom ingen får to tredjedels fleirtal, eliminerer ein kandidaten med færrast stemmer og ein gjennomfører ei ny avstemming.
Prosessen held fram, men frå ei potensiell fjerde avstemming og utover treng ein kandidat berre halvparten av stemmene for å bli valgt.
[ 100 år siden farfaren skrev «Navnet Jesus» ]