Religion

Ueinige om debattkultur i Frikyrkja: – Samtala svekkjer oss

SAMTALEKLIMA: Nestleiar i Frikyrkja peika på påkjenninga med å uttale seg i samlivssaka då ho trekte seg. Nokon saknar meiningsbryting og debatt i kyrkja, andre meiner dei som er ueinige i samlivssynet kan finne andre kyrkjesamfunn.

– Eg har ombestemt meg om mange viktige spørsmål gjennom livet. Som oftast har det skjedd gjennom å snakke med nokon eg har vore ueinig med.

Det seier Heidi Garvik, og trekkjer fram kvinneleg ordinasjon som døme.

Garvik er eldste, altså i leiinga, i Sandnes frikyrkje. Ho er ei av dei som har uttalt seg offentleg både om likekjønna samliv og kvinners posisjon i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Ho har også etterlyst meir open debatt i kyrkja.

På spørsmål om korleis ho vil skildre dagens debattklima i Frikyrkja trekkjer ho på det.

– Det er vanskeleg å skildre klimaet i ein debatt som ikkje skjer.

– Du snakkar om samlivsdebatten?

– Ja, den er mest aktuell for tida, men eg ser ikkje at det er debatt kring andre tema heller.

Les og: «De liberale får press innenfra, de konservative utenfra», skriver religionsredaktør Elise Kruse.

Synodemøte 2022 Frikyrkja, Frikirken

Påkjenning å ytre seg

Den evangelisk lutherske frikyrkja hadde synodemøte i fjor, noko som kan samanliknast med ei generalforsamling. Her skulle ein diskutere om ein skulle diskutere likekjønna samliv.

Men før ein kom så langt blei det ein diskusjon om ein skulle bruke ordet debatt eller dialog.

Resultatet av avstemminga blei at det klassiske ekteskapssynet mellom mann og kvinne skulle stå fast, men at ein skulle jobbe vidare med å «utarbeide ein heilskapleg samlivsteologi». Mykje av arbeidet blei delegert til eit nyoppretta dialogutval.

Kan ein ikkje kan leve med Frikyrkja sit samlivssyn så kan ein finne andre kyrkjesamfunn som passar betre.

—  Leif Inge Jensen

Vårt Land har prøva å få utvalsleiar Tor Erling Fagermoen i tale i denne saka, men han har ikkje hatt høve til å stille til intervju.

På måndag blei det offentleg kjent at nestleiaren i Frikyrkja nasjonalt, Anne Mari Schiager Topland trekkjer seg frå vervet. Ho oppgjev mellom anna påkjenninga av å ytre seg offentleg om samlivssaka som grunn.

– Dette er eit sterkt signal til Frikyrkja om korleis dialogarbeidet fungerer, uttalte pastor i frikyrkja Kraftverket, Kjetil Gilberg, til Vårt Land.

I pressemeldinga der ein kunngjorde Schiager Topland sin avgang stod det at «synodestyret vil fortsetje å arbeide for ein betre dialogkultur i kyrkjesamfunnet».

– Kan finne andre kyrkjesamfunn som passar betre

Pensjonist og tidlegare pastor i Frikyrkja, Leif Inge Jensen, var ein av fleire som på fjorårets synodemøte kritiserte at personar frå kyrkja hadde debattert samliv i Vårt Land og Dagen i forkant av møtet.

– Ein driv ikkje med dialog ved å køyre monolog i avisa, seier Jensen i dag.

Han meiner ein av respekt for kvarandre burde ha venta med diskusjonane til ein var samla på synodemøtet.

– Fleire i frikyrkja har etterspurt rom og arenaar for å diskutere desse spørsmåla. Kan ikkje mangelen på det gjera at debatten hamnar i media?

– Ein kan ikkje dra denne samtala ut i det uendelege. Det svekkjer oss som kyrkjesamfunn og i den tenesta me har. Kan ein ikkje kan leve med Frikyrkja sit samlivssyn så kan ein finne andre kyrkjesamfunn som passar betre. Det er heilt rederleg, seier Jensen.

Jensen viser til at synoden i fjor slo fast at ein i Frikyrkja seier at ekteskapet er for éi kvinne og éin mann.

Jensen meiner det er rom for å snakka saman i Frikyrkja.

– Det er det som er dialog. Ærleg dialog må vera at ein respekterer kvarandre. Men viss nokon med dialog meiner at me som har eit anna syn enn dei, må leggje det vekk, blir det vanskeleg, seier Jensen.

– Det uroar meg

Heidi Garvik opplever at det er ulike tankar og kulturar innanfor Frikyrkja når det kjem til kva ein meiner er målet med samtaler. Ho trekkjer fram fjorårets synodedebatt om bruken av ordet dialog versus debatt.

Frikirkens lederkonferanse

– Me måtte altså avklare om me kunne ha dialog om ei sak utan at konklusjonen alt var klar. Det uroar meg viss det er slik. Kan me ikkje snakke saman utan å ha som mål at me skal bli einige?

Også tidlegare har det vore kritikk av mangelen på debatt i Frikyrkja, mellom anna meinte fleire at nedlegginga av papirmagasinet til Frikyrkja, Budbæreren, i 2019 gjorde at ein mista ei viktig flate for løpande samtale og debatt.

Synodestyret blei også skulda for å ville leggje lokk på «naudsynt debatt» i forkant av synodemøtet i fjor, då dei foreslo å ikkje opne for ei full teologisk gjennomgang av Frikyrkja sitt samlivssyn.

Garvik vil gjerne ha meir debatt, men ho ser at mange ynskjer seg samtaler der målet er å nå konsensus.

– Eg saknar at me kan ha opne samtaler og meiningsbryting der me prøvar å forstå kvarandres tankerekkjer og motivasjon. Å snakke samen er den beste vegen til ny innsikt, meiner Garvik.

Likevel ser ho det fort kan bli krasj viss halvparten går inn i samtaler med dette som motivasjon, medan ein annan halvpart søkjer at ein skal finne noko alle kan vera einige om.

– Det ideelle er at me blir einige om at dette er komplekse spørsmål, utan eitt, klart og allmenngyldig svar.

---

Frikyrkja

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) har om lag 20.000 medlemmar, og 82 kyrkjelydar.
  • Kyrkjelydane er sjølvstendige, og styrast av valde eldsteråd. Dei er også medlemmar av Frikyrkja sentralt.
  • Synoden er kyrkjesamfunnets øvste organ. Den samlast til synodemøte kvart tredje år og har representantar frå alle kyrkjelydane.
  • Synoden har ansvar for fellesarbeidet og vedtek lovar og reglar for kyrkjesamfunnet.

Kjelde: Frikirken.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion