Ragnhild Jepsens første preike som biskop i Bjørgvin: – Dei blanke dagane ligg framfor oss

PREIKE: Sorg, uvisse, håp og uventa fiskelukke. Slik skildra Ragnhild Jepsen andre sundag i påsketida, i hennar første preike som biskop.

– Dei blanke dagane ligg framfor oss.

Slik starta Ragnhild Jepsens fyrste preike som biskop i Bjørgvin.

Bergen domkyrkje var fylt til siste benkerad då Jepsen vart vigsla framfor celebre gjester på søndag. På første benk sat kong Harald, statsrådane Kjersti Toppe (Sp) og Marte Mjøs Persen (Ap) og dei fleste av Noregs biskopar.

I tillegg var biskopar frå dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Norden, England og Jordan til stades.

Læresveinane viser oss ein tillit til at noko nytt kan skje

—  Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin

Første kvinnelege biskop

Seremonien starta søndag klokka 11 og varte ein dryg time og inneheldt mykje song og musikk.

Den var også prega av eit historisk sus: Ragnhild Jepsen er den første kvinnelege biskopen i Bjørgvins nesten 1.000 år lange historie.

– Ho går inn i ei fin rekke av tidlegare kvinneleg biskopar som går heilt tilbake til 1993. Men ho er jo den første kvinna i Bjørgvin. Det er verdt å merka seg, seier Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth til Vårt Land.

Myrseth følgde seremonien, han har sjølv tidlegare vore fungerande biskop i Bjørgvin bispedømme.

– Det er tydeleg at Bjørgvin no er klar for ei kvinne. Det var tre kvinner som stod igjen på målstreken på slutten, seier Myrseth.

Innsetting av ny biskop, Ragnhild Jepsen, i Bjørgvin.

Han viser til at Ragnhild Jepsen, Kjersti Gautestad Norheim og Sunniva Gylver var dei kandidatane på oppløpssida til å bli biskop i Bjørgvin.

– Det seier noko om at kyrkja i Vest er ikkje fullt så konservativ som ein kanskje har fått inntrykk av, seier Myrseth.

Skildra dei første dagane

Vigslingsgudstenesta i Bergen domkyrkje vart halde andre sundag i påsketida.

I preika skildra Jepsen den sorga og uvissa som læresveinane til Jesus gjekk gjennom i denne tida. Ho fortalde om tunge dagar, men også eit spirande håp. Ryktet går om at han er stått opp frå grava.

Læresveinane lengta etter normalitet, etter tida som var før.

– Så kva gjer dei? Jo, dei søker til det dei kan, til det som gjev livet rytme, som gjer dagane meiningsfulle: Dei reiser ut for å fiske!

Innsetting av ny biskop, Ragnhild Jepsen, i Bjørgvin.

Ikkje berre ei fiskehistorie

Læresveinane søker tilbake til eit handverk dei kan, som dei har gjort sidan dei var unge gutar. Men fisken bit ikkje på.

– Vi kan lure på kvifor dei ikkje berre gjev opp. Men læresveinane viser oss ein tillit til at noko nytt kan skje, sa Ragnhild Jepsen.

På stranda møter læresveinane ein mann som ber dei kasta ut garnet på andre sida av båten. Då får dei fullt av fisk i garnet. Johannes skjønar at det er Jesus som har møtt dei på stranda.

Det er ikkje for å fortella den gode fiskehistoria, at evangelisten tek seg bryet med å opplysa at det var til saman 153 fisk i garnet, sa Ragnhild Jepsen i preika.

– Det er for å seie oss at hjå den oppstadne Jesus får vi noko som ingen andre kan gje. Det er ei overflodsforteljing. Dei som trudde dei hadde mista alt, har no fått gåver som gjev liv.

Ein ny Jesus

I preika fortalde Jepsen at historiene om Jesus etter oppstoda fortel oss at han er annleis enn før.

Før var Jesus eit menneske som oss, sa ho.

– Han var svolten og tørst. Han var sliten når han hadde gått langt. Før var Jesus her for nokre få.

Den oppstandne Jesus er her for alle, fortalde Jepsen.

– Men han viser seg for oss på nye måtar. Den oppstadne Kristus er vår Gud som lid med dei som er råka av krigens redslar, som svelt med dei som ikkje har mat, og som gret med dei som er sjuke og einsame. Kristus går med dei som er på flukt frå krig og katastrofar. Og Kristus kjempar med dei som strid mot urett og vondskap.

Innsetting av ny biskop, Ragnhild Jepsen, i Bjørgvin.

Tru er ikkje «ei enkel løysing»

Den nye biskopen i Bjørgvin kalla Peter «vårt førebilete» når han kastar seg i sjøen for å dra opp nota etter å ha møtt mannen på stranda.

– Som kyrkje treng vi å fortelje kvarandre om iver og vilje til endring der evangeliet oppmodar oss til å gå med dei som treng oss, og bli verande hjå dei som ikkje har krefter til å gå.

Ho sa vidare at tru ikkje skal banaliserast, og at å tru på den oppstadne Kristus er ikkje «ei enkel løysing som gjev svar på elles uløyselege oppgåver».

Innsetting av ny biskop, Ragnhild Jepsen, i Bjørgvin.

Den nye biskopen i Bjørgvin viste vidare til den finlandssvenske forfattaren Edith Södergran sine ord:

«Man frågar icke om Gud finns eller inte finns. Man lägger helt enkelt sin lilla förstånd åt sidan.»

Ragnhild Jepsen oppmoda folk om å møte fortellinga om oppstoda slik som læresveinane gjorde:

– Møte det med tillit. Ta imot gåvene. La krafta frå oppstoda vere det som fører til kvile og driv til forandring. Det er ikkje noko som høyrer dei ekstraordinære dagane til. Nei, det er noko som heldt gjennom alle dei vanlege dagane som livet består av. For livet har sigra over døden!

Innsetting av ny biskop, Ragnhild Jepsen, i Bjørgvin.

Viser til kvinnene som fann den tomme grava

Under talen la også preses Olav Fykse Tveit vekt på at Bjørgvin no får sin første kvinnelege biskop.

– Det er også spesielt meiningsfullt for Bjørgvin bispedømme, og for heile kyrkja vår, at du vert helsa velkommen som den første kvinne som går inn i denne oppgåva her akkurat no.

Han viste til kvinnene som kom først til den tomme grava til Jesus. Slik vart kvinnene dei første vitna om at Jesus var oppstanden.

– I dag blir linja frå dei første kvinner som vitna om den tomme grava trekt vidare hit til dette rommet. Vi har deira namn. No går ditt namn inn i rekkja av biskopar som har hatt ansvar for at kyrkja er apostolisk, i tydinga at ho er sendt til verda med akkurat denne bodskapen.

Ny i Bjørgvin

Ragnhild Jepsen vaks opp i Ål i Hallingdal med ein bror. Foreldra var lærarar. 53-åringen har hatt mesteparten av sin prestegjerning i Nidaros og har aldri budd eller verka som prest i Bjørgvin, men har slekt frå Stord, Bergen og Os.

Bjørgvin bispedømme omfattar Vestland fylke og har også tilsynet med Sjømannskyrkja.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion