Religion

Jesusfestivalen hentar inspirasjon frå Asbury-vekkinga: – Draumen er at folk ikkje vil gå heim

KRISTIANSAND: Det er vekkingsmøte på programmet når Jesusfestivalen blir arrangert for andre gong. Arrangør meiner det to veker lange vekkingsmøtet i Asbury, USA, viser at det er ein andeleg lengt blant unge.

– Me hentar inspirasjon frå vekkinga i Asbury. Det fortel oss at det er ein andeleg lengt blant unge menneske i dag.

Det seier Geir Johannessen. Han er ein av initiativtakarane til Jesusfestivalen som går av stabelen i Kristiansand frå torsdag til sundag denne veka.

Det er andre året festivalen blir arrangert. Johannessen fortel at håpet for festivalen er at den skal vera med på å skape ei ny begeistring for Jesus i Noreg.

I likskap med mange kristne håpar dei på ei ny vekking.

Jesusfestivalen. Geir Johannessen

Jesus-vekkinga: – Kan det skje på nytt?

Vekkingsmøte er ein av postane på programmet til festivalen. Innan kristen tradisjon brukar ein omgrepet vekking om mange menneske som i eit avgrensa tidsrom kjem til tru og vender seg om frå eiga synd.

Det har vore mange døme på at små, kristne samlingar har fått store ringverknadar opp gjennom historia. Også i Noreg.

I nyare tid kan ein nemne den såkalla Jesus-vekkinga på 70-talet. Johannessen var ein av dei som blei kristen under denne.

Dette var ei oppvakning rundt unge som spreidde seg frå USA og til Skandinavia, mellom anna i hippie-miljø.

– Jesus var ei stund på alle sine lepper, og Jesus-vekkinga har verkeleg prega kristenlivet i tida etterpå, meiner den pensjonerte pastoren.

Også den gongen stod Asbury i USA sentralt, fortel han.

– Kan det skje på nytt?, undrar Johannessen.

Stadnamnet Asbury har på nytt blitt aktuelt. I februar i år blei ei morgonandakt på Asbury universitet spontant til to veker med bøn, lovsong og vitnesbyrd. Fleire omtalar det som ei vekking.

– Draumen er at folk ikkje vil gå heim

Ifylgje VG reknar universitetet at mellom 50.000 og 70.000 var innom universitetet i løpet av dei to vekene.

– Det som skjer i Asbury gjev oss ved på bålet, seier Johannessen.

Og får han det akkurat som han vil, blir Jesusfestivalen starten på eit liknande fenomen i Noreg.

– Draumen er at folk ikkje vil gå heim, fortel han.

Det som skjer i Asbury gjev oss ved på bålet

—  Geir Johannessen

Ein av måtane Jesusfestivalen vil nå ut til nye folk er ved at eit team frå S:ta Clarakyrkan i Stockholm som er ein del av programmet på festivalen skal stå på torget i Kristiansand og spela musikk og tale.

– Veldig spesielt

Jesusfestivalen. Svein Inge Olsen

Svein Inge Olsen er ein av dei andre initiativtakarane til festivalen. Han meiner Norden treng ei andeleg vekking og synest det er for lite fokus på synd og omvending. Det trur han fleire kjenner på.

– Det er ikkje så ofte ein ser «vekkingsmøte» på programmet lenger. Kva gjer eit møte til eit vekkingsmøte?

– På slutten vil det mellom anna vera høve til å koma fram og bli beden for. Og folk vil bli sett på val.

I det legg han at folk kan seie ja til Jesus, enten det handlar om å bli kristen eller å bli «fornya» i trua på han.

Det seier han ein såg mange tilfelle av i fjor under Jesusfestivalen.

– Det var veldig spesielt.

– Kva var spesielt?

– Det er vanskeleg å forklare. Det er noko med begeistringa til folk og den anda som er i møta.

Olsen seier dei forventar fleire fulle møte i Betania Kristiansand der festivalen finn stad, og fortel at det er rom for om lag 350 personar i hovudsalen.

---

Jesusfestivalen

  • Blei arrangert for fyrste gong i 2021. Den gongen var Kristiansand Misjonskirke Salem arrangør.
  • I år er Jesusfestivalen sjølvstendig arrangør. Betania Kristiansand som er del av De Frie Evangeliske Forsamlinger er vertskyrkjelyd, og Verdinytt.no er medarrangør.
  • I hovudkomiteen for festivalen er Geir og Bente Johannessen, Svein Inge Olsen, Ulrika Backas-Olsen, Torsten Mentzoni og Tor-Bjørn Nordgaard.
  • Blant dei som skal bidra i programmet i år er Mats Nyholm, Sofie Braut, Stein Reinertsen, Bjarte Ystebø, Andreas Hasseløy og Ingunn Folkestad Breistein.

Kjelde: jesusfest.no og verdinytt.no

---

Intern uro

Initiativtakaren fortel at det har vore ein kronglete veg fram til årets festival, der det mellom anna er endringar på arrangør-sida.

Lenge såg det mørkt ut for om det blei noko av festivalen i det heile. Men det hårete målet har liggje der:

– Draumen er ei vekking. Det er utgangspunktet. Men det var ein forferdeleg inngang til festivalen med interne vanskar. Så kom vekkinga i Asbury, som vekte enorm interesse. Me gav oss ikkje, og dører opna seg.

Jesusfestivalen. Fra venstre: Tor-Bjørn Nordgaard, Geir og Bente Johannessen, Ulrika Backas-Olsen og Svein Inge Olsen

Dette får Olsen til å tenkje at det kanskje var meininga at det likevel skulle bli noko av festivalen.

Både Olsen og Johannessen er klare på at menneske ikkje kan planleggje ei vekking, og at ein er avhengig av Gud og Den heilage ande for at det skal skje.

Dei legg vekt på at tidene er annleis for unge kristne i dag enn for nokre tiår sidan:

– Det er ein prislapp ved å vera ein Jesu etterfylgjar. Du blir ikkje nødvendigvis applaudert. Men me vil seie at det er ein større kostnad ved å ikkje vera ein Jesu etterfylgjar, seier Johannessen, og held fram:

– Men me er i godt selskap. Det har alltid kosta.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion