Religion

Skal ein kunne spørje prestar om dei er i likekjønna forhold? Dette meiner Kristen-Noreg

HØYRING: Kyrkjerådet har fått 141 svar.

Onsdag 15. mars var fristen for å sende inn høyringssvar om samlivsform ved tilsetjingar i Den norske kyrkja (DNK).

Høyringssvara ligg ute på nettsida til DNK.

Det har komme inn 141 svar frå sokneråd, fellesråd, bispedømeråd, organisasjonar og enkeltpersonar.

Av desse er godt over halvparten positive til Kyrkjerådet sitt forslag, som vil bety at bispedøma i Den norske kyrkja ikkje lenger kan vektleggje samlivsform ved tilsetjingar.

Ein stor majoritet av dei kyrkjelege instansane er positive til forslaget, medan nesten alle av dei 43 høyringssvara frå enkeltpersonar er negative.

Open folkekyrkje fremma saka

Saka har bakgrunn i at Open folkekyrkje i 2021 meldte ei sak til Kyrkjemøtet om at dei vil at DNK skal slutte å bruke unntaket i likestillings- og diskrimineringslovverket, som gjev dei høve til å vektleggje samlivsform ved tilsetjingar.

Det betyr at bispedøma kan spørje jobbsøkjande prestar om kva samliv dei lever i og leggje vekt på at dei er i eit likekjønna forhold når dei avgjer kven som skal få jobben.

Det er presisert i høyringsnotatet frå Kyrkjerådet at det i denne omgangen er snakk om høvet til å vektleggje likekjønna samliv ved tilsetjingar, ikkje sivilstatus som i til dømes sambuarskap versus ekteskap.


I dag er det berre Stavanger av alle bispedøma som brukar unntaket i loven. Dei er også det einaste bispedømet som har levert eit høyringssvar som er tydeleg negativt til Kyrkjerådet sitt forslag.

Dei meiner forslaget vil bidra til å undergrave vedtaket til Kyrkjemøtet om at kyrkja skal romme to syn på likekjønna ekteskap.

Møre bispedøme har ikkje levert høyringssvar. Men i ei innstilling frå administrasjonen i bispedømet, sendt ut før bispedømerådsmøtet mandag, kjem det fram at Møre meiner kyrkja bør kunne spørje prestar om samlivsform, skriv NRK.

Agder og Telemark bispedømeråd har levert eit høyringssvar som kan tolkast på fleire måtar.


---

Desse har sendt inn høyringssvar:

  • 54 sokneråd
  • 26 fellesråd
  • 10 bispedømeråd og biskopar
  • 8 organisasjonar
  • 43 enkeltpersonar


Kjelde: kyrkja.no

---

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion