Religion

Misjonskirken Betlehem utset samlivssaka på nytt, denne gongen på ubestemt tid

MISJONSKYRKJA: Oslo misjonskirke Betlehem var godt i gang med å diskutere om personar i likekjønna samliv kunne bli medlemmar hjå dei. For andre gong utset dei vidare arbeid med saka.

Oslo misjonskirke Betlehem har vedteke å ikkje gjera eigne vedtak i samlivssaka før Misjonskirken Norge sentralt har landa på eit standpunkt. Det stadfestar pastor og dagleg leiar i Oslo-kyrkjelyden, Erik Andreassen til Vårt Land.

I desember vedtok kyrkjelyden å vente på Misjonskirken Norge sin plan for behandling av saka om samlivsetikk og homofilt samliv, noko som blei drøfta i Hovudstyret i februar.

Men før det kom så langt vedtok leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem i slutten av januar å avvente vidare avgjersler på ubestemt tid.

«Me har no komme til den konklusjonen at det, uavhengig av Hovudstyrets møte i februar, er klokt å kople oss på og delta i dei samtaler og prosessar som skjer i Misjonskirken Norge og ikkje gjera vedtak lokalt på noverande tidspunkt».

Dette står det i ein e-post leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem sende til medlemmar og aktive i kyrkjelyden.

Har halde på sidan 2021

Det var i 2021 at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem sette i gang samtaler om vegen vidare for kyrkjelyden i saka om homofilt samliv.

I oktober i fjor tok leiinga i Oslo-kyrkjelyden til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera i samsvar med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».

Det skjedde i ein e-post som blei sendt ut som ein del av ein invitasjon til ein temakveld med namnet «Leve sammen». E-posten skulle vera eit utgangspunkt for vidare samtaler i kyrkja.

Men etter to til temakveldar kom det fram at kyrkjelyden ville bremse ned den såkalla «Leve sammen-prosessen», etter å ha vore i samtaler med misjonskyrkja sentralt. Dette fordi ein sentralt var godt i gang med ein liknande prosess

– Me ynskjer å vera i samtale med Misjonskirken Norge og me er ein del av det storfellesskapet. No veit me litt meir om deira tidslinje, då tenkjer me at det er naturleg for oss å vente med å gå vidare, sa pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, Erik Andreassen den gong.

Vil unngå «kyrkjepolitikk-nivå»

Han påpeika den gong også at dei ikkje hadde dårleg tid i saka, men at dei heller ikkje ynskte at den skulle dra ut.

– Me vil ikkje ha to år med gruppearbeid. Me har andre ting å gjera enn å diskutere denne saka, og me ynskjer å koma vidare, sa han den gong.

No ser det ut til at det kan bli lenge til dei får eit lokalt vedtak.

Tysdag denne veka diskuterte om lag 120 leiarar i misjonskyrkja samlivssaka på ei samling i Kragerø.

Der blei det påpeika at dette berre var starten på ein lengre prosess.

– Det kan hende det blir litt gruppearbeid framover. Av og til må det til, vedgår Andreassen til Vårt Land no.

Han seier at han etter å ha møtt kollegaar på samlinga i Kragerø ser at det er eit ynskje om å gå endå djupare inn i temaet.

– Mange ynskjer å unngå at dette skal vera på kyrkjepolitikk-nivå.

– Kva legg du i det?

– At ein ikkje ynskjer at det skal bli grupperingar som kjempar om posisjonar og setningar.

I staden håpar pastoren at ein kan gå inn i temaet ut frå eit felles ynskje om å finne ut «korleis det ser ut å vera tru mot Jesus og den verda me er sendt til».

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion