Religion

Obos og NMS vil byggje bustadar på «Misjonsmarka»

STAVANGER: Obos og Det norske misjonsselskap (NMS) har signert avtale der dei ynskjer å byggje bustadar på eigedommen til misjonsorganisasjonen sentralt i Stavanger.

23. februar signerte Obos ei avtale om å kjøpe 49 prosent av eit selskap som skal utvikle eigedomen til Det Norske Misjonsselskap (NMS) på Kampen i Stavanger, ifylgje misjonsorganisasjonen på sine nettsider.

– For NMS og NMS Eiendommer har det vore vesentleg å finne ein partnar som kan stå godt til verdiane våre og som er samfunnsbyggjande. NMS ser verkeleg fram til eit langt og godt samarbeid, der me får fram særpreget til området saman med Obos, seier Helge S. Gaard, generalsekretær i NMS, i nettartikkelen.

Eigedomen det er snakk om blir kalla «Misjonsmarka», då misjonsorganisasjonen har halde til her i lang tid, og har gitt namn til både denne og Misjonsveien rett ved. Det tidlegare hovudkontoret til organisasjonen ligg på området og har adressa Misjonsmarka 1.

På same området ligg Vid vitenskapelige høgskole avdeling Stavanger. NMS kjøpte inn eigedomen i 1862 for å huse forløparen til denne utdanningsinstitusjonen, nemleg Misjonsskolen.

Nye bustadar

– Dette er ein spanande eigedom som på sikt vil gje fleire høve til å bu i nye bustadar sentrumsnært i Stavanger, seier Helge Eggja, prosjektdirektør for Obos i Rogaland.

I lang tid har det vore ei stor, open graslette på Misjonsmarka. Denne kan no sjå ut til å heller bli fylt av bustadar.

Det er per no ikkje valt arkitekt eller laga teikningar av korleis utbygginga vil sjå ut, opplyser NMS.

Det er berre halvtanna år sidan siste, store byggjeprosjekt på Misjonsmarka var ferdig. Då opna dei nye lokala til den samlokaliserte Vid-høgskulen.

Helge S. Gaard, generalsekretær i NMS (Det Norske Misjonsselskap)

Naboklager

Den gong vekte bygginga lokal misnøye. Seks naboar leverte formelle klager om mellom anna høgda på bygningane. Det kan sjå ut til at ein har tatt med seg denne erfaringa inn i det nye prosjektet.

– Me vil fyrst starte med ein medverknadsprosess med dei som bur og brukar området. Me ynskjer å lytte til deira ynskje og innspel før me går til teiknebrettet, seier Eggja til nms.no.

Han seier dei ynskjer å tilpasse bustadprosjektet til eksisterande busetnad.

Til Vårt Land seier generalsekretær Gaard at fyrste steget no er å snakke med naboane, og at ein ikkje vil levere nokon reguleringsplan før litt utpå hausten.

– Når trur eller håpar de på byggjestart?

– Me har ikkje sett noko tidsplan per no. Ting tek den tida det tek, og reguleringsarbeid tek vanlegvis tid, seier Gaard.

---

Det Norske Misjonsselskap (NMS)

  • Den fyrste misjonsorganisasjonen i Noreg, grunnlagt i 1842.
  • Ein luthersk, frivillig organisasjon med tette band til Den norske kyrkja.
  • Har hovudkontor i Stavanger.
  • I 2022 fekk NMS inn 78 millionar kroner i gåver.
  • Har arbeid i 17 land i Europa, Asia, Afrika og Sør-Amerika.

Kjelde: nms.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion