Religion

Utanriksministeren: – Representantar frå kyrkja har i aukande grad vore spesielt forfulgte

MENNESKERETTAR: Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) er uroa for situasjonen i landet. – Representantar frå kyrkja har i aukande grad vore spesielt forfulgte, seier ho.

Tidlegare denne månaden blei den katolske biskopen Rolando Alvarez dømt til 26 års fengsel i Nicaragua. Han blei også fråteken sitt nicaraguanske statsborgarskap og pålagt ei bot på om lag 16.000 kroner. Han blei dømt dagen etter at han nekta å reise i eksil saman med 222 andre politiske fangar.

Det var i august i fjor at Alvarez blei arrestert og sikta for «samansverjing» og spreiing av falske nyhende.

Biskopen har vore ein fritalande kritikar av regjeringa til president Daniel Ortega, som han skuldar for religiøs undertrykking.

Stempla som forrædarar

Dette er berre ein av fleire døme på at presidenten har gått etter kyrkjelege representantar. Mellom anna har han stengt ned fleire katolske radio- og fjernsynsstasjonar, arrestert ei rekkje prestar, prestestudentar og utvist katolske nonner og misjonærar.

Mange representantar for Den romersk-katolske kyrkja i landet er uttalte menneskerettsforkjemparar.

Arkivfoto: Alfredo Zuniga / AP / NTB

9. februar i år blei 222 personar, i hovudsak politiske fangar, lauslatne og frakta til USA. Samstundes blei dei fråtekne sine nicaraguanske statsborgarskap og blei av styresmaktene stempla som «forrædarar av fedrelandet».

Veka etter leid 94 andre nicaraguanarar i eksil ein liknande skjebne. Dei blei fråtekne statsborgarskapa sine og ein domar meldte at all eigedom dei har i Nicaragua blir konfiskert. Blant denne gruppa er fleire journalistar.

I tillegg har me motteke rapportar om at representantar frå kyrkja i aukande grad har vore spesielt forfølgde og utsette

—  Anniken Huitfeldt, utanriksminister

Spør korleis Noreg reagerer

I et spørsmål til utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) spør stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein (KrF) korleis Noreg har reagert overfor Ortega-regimet, på bakgrunn av deira «brot på menneskerettane, deriblant trusfridomen, og forfylginga av kyrkjelege representantar og andre kritikarar i landet».

Huitfeldt svarar at ho er uroa for menneskerettssituasjonen i Nicaragua, og kritiserer korleis styresmaktene har brote menneskerettane med å ta frå regimekritikarar statsborgarskapet, og dermed deira sivile og politiske rettar.

– I tillegg har me motteke rapportar om at representantar frå kyrkja i aukande grad har vore spesielt forfølgde og utsette.

Utanriksministeren trekkjer fram biskop Alvarez som eit døme, og skriv at han «blei dømt til 26 års fengsel i ein rettssak som ikkje følgde prinsipp for ein rettferdig rettargang».

Utenriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) fordømmer selvmordsangrepet i Peshawar som kostet en rekke mennesker livet mandag. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB

– Aksepterer ikkje opposisjon

Ulstein spør også om Noreg vil foreta seg noko framover for å vise motstand mot overgrepa. Til det svarar Huitfeldt at Noreg den 17. februar kritiserte avgjersla om å ta frå nicaraguanske borgarar statsborgarskapet.

Ho refererer også til at Noreg har jobba med resolusjonar om Nicaragua gjennom FNs menneskerettsråd og at ein støttar organisasjonar som overvakar menneskerettssituasjonen i landet.

Tidlegare har statsvitar og latinamerikakjennar Vegard Bye uttalt seg om situasjonen i landet til Vårt Land:

– Daniel Ortega aksepterer ingen form for opposisjon. Dette handlar om makt, og ikkje om trusfridom.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion