Religion

Prest i Bjørgvin om kvinneprestmotstand: – Jepsen kjem inn i eit landskap der det er rydda mykje

BJØRGVIN BISPEDØME: Ragnhild Jepsen blir ny biskop i eit bispedøme der det har vore mykje uro knytt til kvinneprestmotstand. – Nokon kan ha problem med å ha ein kvinneleg biskop, seier prest.

– Kva landskap kjem Jepsen inn i, med tanke på dette med kvinneprestmotstand og arbeidsmiljø for kvinnelege prestar?

– Eg tenkjer at ho kjem inn i eit landskap der det er rydda mykje. Og det ryddast kontinuerleg.

Det seier Beate Iren Lerdahl. Ho er leiar i Norsk kvinnelig teologforening og prest i Mariakirken i Bergen.

Ho er på veg til det ho kallar eit «ryddemøte» om akkurat denne tematikken då ho er på tråden med Vårt Land.

Akkurat kva det handlar vil ho ikkje seie, anna enn at det handlar om at ein jobbar med å sikre arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar i Bjørgvin.

– Sterk subkultur

Hausten 2020 var det ein heftig debatt om kor vidt mannlege prestar i Den norske kyrkja (DNK) kunne reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar. I kjølvatnet av dette kom Bispemøtet, altså eit samla bispekollegium, med ei utsegn der dei presiserte at ein ikkje kan avstå frå samarbeid med andre prestar.

Beate Iren Lerdahl

Men vedtaket var prinsipielt, og ikkje noko landets bispedømmeråd hadde forplikta seg på i praksis. Éin månad seinare vedtok Bjørgvin bispedømeråd å leggje det nye Bispemøtevedtaket til grunn ved framtidige tilsetjingar i bispedømet.

I tillegg vedtok dei samrøystes at ein kan gjera unntak ved skifte av arbeidsstad for dei som allereie er tilsette i rettssubjektet Den norske kyrkja.

Året etter viste ei medarbeidarundersøking i DNK at det var i Bjørgvin ein størst del av dei tilsette opplevde at ulikt syn på kvinnelege prestar førte til krevjande kollegarelasjonar.

– Det lever ein sterk subkultur her som har underkjent kvinners presteteneste, spiritualitet og teologisk habilitet. Men denne blir meir og meir på utsida av DNK, meiner Lerdahl.

Ho trur Jepsen ikkje vil merkje denne kulturen like godt på kroppen som det prestar i lokale kyrkjelydar gjer.

– Dei har ikkje den pondusen biskopar har.

Eg trur dette er eit tap for kyrkja, og at kyrkjelydane i ei tid med rekrutteringskrise mistar mange gode prestar og prestespirer som kjenner seg forplikta på læra i Bibelen

—  Sverre Langeland, sokneprest i Sandvika kyrkjelyd i Bergen

– Kan ha problem med kvinneleg biskop

– Jepsen har markert eit anna syn i ein del spørsmål enn det Nordhaug har stade for. Så blir det eit spørsmål om kva det vil bety i praksis for leiinga i bispedømmet.

Det seier sokneprest i Ytre Arna, Ingvar Fløysvik. Han reknar seg som lågkyrkjeleg og har jobba store delar av livet i Misjonssambandet.

Soknepresten trur prestar i Den norske kyrkja kan ha ulike syn på kva bisperolla inneber.

Sjølv ser han på biskopen som ein som er sett til å vera sjefen hans.

– Men for nokon er bispeembetet viktigare, og dei kan ha større problem med å ha ein kvinneleg biskop, trur Fløysvik.

Soknepresten meiner alle noverande biskopar har handheva vedtaket om samarbeid med kvinnelege prestar frå Bispemøtet i 2020, men at det kan vera visse forskjellar i måten ein gjer det på.

– Korleis Jepsen vil handtere det står att å sjå.

Det lever ein sterk subkultur her som har underkjent kvinners presteteneste, spiritualitet og teologisk habilitet

—  Beate Iren Lerdahl, leiar i Norsk kvinnelig teologforening

Sokneprest meiner det sjeldan er eit problem

På spørsmål om kva han sjølv tenkjer om kvinneleg presteteneste seier Fløysvik at det er lenge sidan at han kikka nærmare på spørsmålet.

– Men då eg var i Misjonssambandet og eg såg på kva Paulus skreiv så såg det ikkje ut som han meinte at kvinner skal vera det som tilsvarar prestar.

Men Fløysvik seier han eigentleg har lagt heile spørsmålet litt til side.

– Får du ein kvinneleg prest som talar i samsvar med Guds ord så er det bra for Den norske kyrkja, meiner Fløysvik, som meiner kyrkja har andre ting å uroe seg for.

Sjølv har Fløysvik aldri hamna i ein situasjon der det har vore naturleg å vera to prestar saman om éi gudsteneste. Men han har i eitt tilfelle hatt ein kvinneleg prest som har døypt eit barn i ei gudsteneste han leia, og han har vore medhjelpar for ein kvinneleg prest under nattverden ein sundag han ikkje var på jobb.

Sokneprest i Ytre Arna, Ingvar Fløysvik

– Men elles så dukkar det eigentleg aldri opp tilfelle der det er aktuelt. Så flust har ikkje Den norske kyrkja med prestar, seier Fløysvik med ein liten latter.

Difor meiner han også spørsmålet får uforholdsmessig mykje plass.

– Alle prestar samarbeider med tanke på å setje opp planar eller fordele oppgåver. Men det er berre i dei store kyrkjene inni byane at det kan vera aktuelt å vera to prestar i ei gudsteneste.

Med tanke på prestemangelen i DNK meiner Fløysvik derfor det er unaturleg å ekskludere prestar som ikkje vil ha gudsteneste saman med kvinnelege prestar.

Han meiner det er rom for å meine veldig ulike ting i DNK på mange område, som til dømes samliv og synet på frelse.

– Då er det litt merkeleg viss det ikkje er rom for synet kyrkja har hatt på presteteneste i to tusen år.

Har ikkje problem med kvinneleg sjef

Sverre Langeland er ein av prestane i Bjørgvin som har vore tydeleg på at han meiner prestetenesta er for menn. Han har ikkje vore særleg engasjert i bispetilsetjinga, men reknar med at Jepsen vil fylgje Bispemøtet sitt vedtak frå 2020.

Sverre Langeland

– Bispemøtet signaliserte då at prestar som kjenner seg forplikta på tradisjonen frå Jesus og apostlane er uynskte. Eg trur dette er eit tap for kyrkja, og at kyrkjelydane i ei tid med rekrutteringskrise mistar mange gode prestar og prestespirer som kjenner seg forplikta på læra i Bibelen, meiner Langeland.

Han seier det ikkje er eit problem for han sjølv å ha ei kvinne som arbeidsgjevar.

– Men kyrkja er noko meir enn ein organisasjon, prestar og biskopar er noko meir enn arbeidstakarar.

Han meiner Jesus valde menn til hyrde- eller presteteneste, og ser ikkje haldbare, teologiske argument for at kyrkja skal forandre tradisjonen «frå Jesus og apostlane med berre mannlege biskopar og prestar».

– Men eg er glad for alle dei dyktige kvinnene i kyrkja, og prestar og biskopar er berre ein liten del av dette fellesskapet.

Utdeling av nattverd

Lerdahl kjem på i alle fall éin situasjon der også Jepsen i praksis kan oppleve kvinneprestmotstand på kroppen. Nemleg viss ho skal dela ut nattverd då det er kollegaar som er kvinneprestmotstandarar til stades. Då kan nokon velje å ikkje vil ta imot frå ein kvinneleg prest.

– Det er sagt at det ikkje er nattverdsplikt i DNK. Slik gjev ein spelerom for å synleggjera underkjenninga av kvinners presteteneste heilt opp til altaret.

– Kva forventingar har du til Jepsen på dette området?

– At ho er lojal mot Bispemøtet sitt vedtak og sørgjer for at det blir gjennomført på alle nivå, svarar Lerdahl.

Jepsen refererer til tidlegare utsegner til Vårt Land i saka. Då ho blei spurt korleis ho ville handsame prestar som ikkje vil samarbeide med kvinnelege prestar.

– Det er ikkje lenger høve til å reservere seg mot å samarbeide. Den til ei kvar tid gjeldande biskopen må formidle det, og finne ordningar som gjer at det blir etterlevd. Der dette er ei utfordring for den enkelte prest, må det handsamast som ei personalsak. Det må vera ei samtale mellom den gjeldande prest og biskop, ikkje noko som utspelar seg i stabsfellesskap og kyrkjelyd.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion