Religion

Så mange har mista retten til å vera prest

YRKESFORBOD: 21 prestar har sidan år 2000 mista retten til å vera prest i Den norske kyrkja. – Tillit er avgjerande for prestar, seier ekspert på overgrep i kyrkjeleg samanheng.

I perioden 2000-2022 har 21 prestar har mista presterettane sine i Den norske kyrkja (DNK). Det viser tal henta inn frå alle bispedøma etter førespurnad frå Vårt Land.

Kyrkja fortel at dei kan delast inn i desse kategoriane:

  • Åtte har meldt seg ut av DNK, og derfor mista presterettane sine. Dette kan vera personar som har meldt seg inn i andre kyrkjer, eller som ikkje lenger ynskjer å vera medlem i eit trussamfunn.
  • Fem har mista presterettane ved dom.
  • Åtte er av årsaker kyrkja ikkje opplyser om.

Dei tretten personane i dei to siste kategoriane er alle menn.

Kyrkja fortel også at éin av dei 21 har mista rettane mellombels i perioden, men har seinare fått dei att.

– Er du i ein posisjon til å vera tett på menneske i sårbare situasjonar krev det ein høg grad av tillit.

Det seier professor emeritus ved Vid vitenskapelige høgskole, Tormod Kleiven. Han har doktorgrad på overgrep i kyrkjeleg samanheng.

Normisjons generalforsamling i Grimstad. Tormod Kleiven

Nye døme

Praksisen kring å ta frå prestar «kappe og krage» har nemleg blitt aktualisert av to saker den siste tida.

I januar blei ein prest arrestert og sikta for å sitje på materiale som seksualiserer barn eller viser seksuelle overgrep mot barn. Han har jobba i Hamar bispedøme.

På spørsmål om retten hans til å vera prest er under vurdering svarar biskop Ole Kristian Bonden at saka blir handsama som ein personalsak, og at han difor ikkje kan svara på spørsmålet.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Ut frå det som er komme fram er dette så klart ei sak me ser svært alvorleg på no. Status er at presten er teken ut av teneste, seier biskopen.

Ein annan prest frå Austlandet blei arrestert av politiet i slutten av august i fjor og sikta for seksuell omgang med barn. Sidan då har han sete varetektsfengsla medan politiet har etterforska saka.

I november i blei det kjent at han ikkje lenger jobba i kyrkja, og at han var fråteken retten til å vera prest av biskopen i bispedømet han jobba i.

Dette skjedde sjølv om politiet framleis etterforska saka, og mannen ikkje var dømt.

– Prestar er avhengige av høg tillit. Ei sak som inneber alvorleg tillitsbrot gjer at ein ikkje har den tilliten ein er avhengig av for å vera prest, sa den aktuelle biskopen om avgjersla til Dagsavisen.

– Veldig synleg og offentleg

Dette seier professor Kleiven seg einig i.

– Eg tenkjer det er bra at ein ikkje alltid lener seg på rettsvesenet som einaste premissleverandør på kva kyrkja skal gjera.

Han peikar på at det er veldig høge krav til bevis for å kunne dømast etter straffeloven.

– Dessutan kan saker vera forelda og det kan vera tilfelle som aldri blir meldt til politiet. Då blir det feil at ikkje heller kyrkja skal gjera noko, seier Kleiven.

Han meiner det interessante ikkje er om ein kan bevise utover ein kvar rimeleg tvil at ein person faktisk har gjort noko gale, men om ein er villig til å ta sjansen på at personen ikkje har gjort det han er skulda for.

– Tillit er avgjerande for prestar og for alle i andelege leiarposisjonar, meiner Kleiven.

Prestekjole. Prest. Illustrasjon.

Han seier mellom anna pastorar, sjelesørgjarar, omreisande forkynnarar, diakonar og barne- og ungdomsarbeidarar er døme på personar som må ha høg tillit, særskilt i møte med barn, ungdom og menneske i sårbare situasjonar.

– Men å miste kappe og krage for ein prest blir veldig synleg og offentleg, seier Kleiven.

Ingen klager på over to år

Kva skal så ein prest gjera for å bli strippa for tittelen?

Vårt Land har spurt preses i DNK, Olav Fykse Tveit. Han seier det er vanskeleg å svara generelt på spørsmålet.

– Biskopen gjer i kvart enkelt tilfelle ei vurdering av om det finst grovt pliktbrot eller anna vesentleg brot på ordinasjonsplikt, skriv han i ein e-post til Vårt Land.

Kyrkjerordninga for Den norske kyrkja slår fast at:

«Prest som gjør seg skyldig i grovt pliktbrudd eller annet vesentlig brudd på ordinasjonsforpliktelsen, kan fratas retten til å utføre prestetjeneste etter nærmere regler om saksbehandling og klageadgang fastsatt av Kirkemøtet».

Kva prestar må lova når dei blir ordinerte kan du lesa i faktaboksen.

Eg ville stilt spørsmål ved tilliten viss ei slik avdekking av alvorlege seksuelle krenkingar ikkje fører til at ein må slutte som prest

—  Tormod Kleiven, professor emeritus ved VID vitskapelege høgskule

Det er biskopen i bispedøme der presten jobbar som avgjer om personen skal miste presterettane sine. Biskopen kan velje om tapet av retten gjeld for alltid, eller for ei avgrensa tid. Er det for ein periode kan det setjast vilkår for å få tilbake retten etter den fastsette tida.

Kirkemøtet 2022. Trondheim. Olav Fykse Tveit. Preses.

Personar kan velje å klaga på avgjerda til biskopen. Det er det klagenemnda til DNK som handsamar.

Sidan oktober 2020 er det Gustav Søvde som leier klagenemnda. Han kan melde at det ikkje har vore ei einaste sak til handsaming sidan han blei leiar. På to og eit halvt år har faktisk ikkje klagenemnda møttest ein einaste gong.

– Men me vil handsama det som måtte koma, seier Søvde.

Paradoks

Professor Kleiven meiner kyrkja har eit anna ansvar enn rettsvesenet i møte med skuldingar om seksuelle krenkingar.

– Å ta dei som melder ifrå om skuldingar mot kyrkjelege tillitspersonar på alvor er uansett kyrkja sitt ansvar.

– Dei to sakene med prestar sikta for mellom anna å seksualisere barn, korleis kan dei påverke tilliten til prestar generelt?

– Paradoksalt nok burde det at kyrkja kjem inn tidleg og tek sakene på alvor auke tilliten til kyrkja, heller enn å svekkje den, seier Kleiven.

Han meiner handteringa av desse sakene viser at kyrkja i større grad enn tidlegare tek affære.

– Eg tenkjer at eg ville stilt spørsmål ved tilliten viss ei slik avdekking av alvorlege seksuelle krenkingar ikkje fører til at ein må slutte som prest, seier professoren.


---

Ordinasjonslovnad for prestar

Biskopen seier til personen som skal ordinerast til presteteneste:


«Du har høyrt Guds ord om tenesta, kva ho krev, og kva ho gjev, kor rik ho er på herlegdom, og kor naudsynleg tenesta er for Guds rike på jorda. Når Herren no tiltrur deg prestetenesta i vår kyrkje, pålegg og formanar eg deg:


  • at du forkynner Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga si, og forvaltar dei heilage sakramenta etter den skipnad Kristus sette, og den ordning vår kyrkje har,


  • at du i sjelesorg og skriftemål har omsut for kvart einskilt menneske og ber dei fram for Gud i bøn og påkalling med takk,


  • at du trufast rettleier og formanar til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten,


  • at du sjølv og av hjarta legg vinn på å leva etter Guds ord, og i studium og bøn trengjer djupare inn i dei heilage skriftene og sanningane i den kristne trudomen.


Lovar du for Guds åsyn og andsynes denne kyrkjelyden at du vil gjera dette med truskap, ved den nåde Gud sjølv vil gje deg?»


Dette må personen som skal ordinerast til prest svara ja til, for så å ta biskopen i handa for å stadfeste det.


Kjelde: Gudstenestebok for den norske kyrkja, del 2: Kyrkjelege handlingar

---



Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion