Tru, hopp og kjærleik

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Fleire bilar står parkert i vegkanten inn til Ellingsrudkollen hoppanlegg i Ski. Ut stig prost i Søndre Follo, Kjerstin Jensen, og sokneprest i Kroer, Nordby og Ås, Tom Egil Nordengen.

Humøret er godt, men anar ein eit snev av nervøsitet bak smila?

Me stavrar oss over eit lappeteppe av klink is og hard snø, før dei tre hoppbakkane i storleikane 8-, 15- og 28-meter openberrar seg.

– Fy søren, assa, det er høgt, utbryt Nordengen og gløttar opp på den største bakken.

Arenaen er for høvet dekorert med ikkje mindre enn tre store banner med påskrifta «Tro, hopp og kjærlighet», donert av eit lokalt selskap.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

Vanlegvis er måndagen kviledagen til prestar, men kyrkjemusikar i Nordby, Hans Dur Molvik, ville det annleis i dag. Og ja, han har sjølv tatt det passande mellomnamnet.

Det var i fjor Dur Molvik blei biten av skihopp-basillen. Kven som smitta han? Ein organistven i Oslo på nærmare seksti år. Fire hoppande organistar finst det visst i hovudstaden, skal me tru Molvik.

Og snart skal me lære at når Nordby-organisten fyrst får opp auga for noko, er det vanskeleg å ikkje la seg smitte av engasjementet.

Eg unner alle opplevinga av å kjenne angsten, sleppe bommen og sjå at det går bra.

—  Hans Dur Molvik

Nattverd i unnarennet

– Det her er så utruleg moro, dette må berre alle oppdage! Eg unner alle opplevinga av å kjenne angsten, sleppe bommen og sjå at det går bra, og så berre vekse i det, vekse i å stå i eigne kjensler. Det trur eg er superviktig.

Molvik nærmast dirrar av entusiasme, der han står i botn av unnarennet og proklamerer kjærleiken til hobbyen han blei introdusert for i fjor.

Og no vil han dele gleda med fleire. 10.-12. februar inviterer kyrkja til hoppkonkurranse for Ås, Ski og Tomter.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

Alle som vil kan delta, og dermed representere kyrkjelyden dei soknar til. Heile kalaset kulminerer med gudsteneste med nattverd i unnarennet i Granskollen hoppbakke på sundagen, før siste hopprunde og etterfølgjande premieutdeling.

For dei som er meir komfortable på bakkenivå kan dei freiste med pølsegrilling, toddy og høvet til å sjå prestar og prostar i fritt svev.

---

Tru, hopp og kjærleik

  • Hoppkonkurranse helga 10.-12. februar i regi av Den norske kyrkja i Indre Østfold, Kroer, Nordby, Ås og Ski.
  • Kvar av dei tre dagane er det hoppkonkurranse i ulike hoppbakkar: Ramlapinnen, Ellingsrudkollen og Granskollen.
  • Kyrkjelydane skal konkurrere om å få lengste hopp.
  • Alle kan bli med, uavhengig av tru eller kyrkjeleg engasjement.
  • Sundagen blir det gudsteneste i unnarennet i Granskollen i Tomter.

---

Fann hopp-topp blant konfirmantforeldra

– Mange kyrkjelydar har skidagar, kan ikkje me ha hopphelg?

Slik starta ideen. Men i dag er det hopptrening for dei modige kyrkjeleg tilsette som har sagt seg villige til å gå føre med eit godt døme og hoppe i konkurransen om eit par veker. I tillegg til Molvik, Nordengen og Jensen, er det sokneprest i Hobøl og Tomter, Svein Filtvedt Elgvin, som deltek.

Og det er ikkje kven som helst som skal rettleie dei.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

For då Molvik fann ut at faren til ein av konfirmantane var sjølvaste Lasse Ottesen, tidlegare skihoppar med både verdsrekord i Planica og OL-sylv på CV-en, då var det gjort.

No står han og underviser den vesle gjengen i sitjestilling og teknikk før dei skal setje utfor for fyrste gong.

– Eg elskar dykk alle saman

Diskusjonen går om kva for ein bakke som skal vera målet for dagen.

Molvik ivrar for at dei skal setje utfor den mellomste bakken og argumenterer med at skihopp er langt frå så farleg som folk trur, utan å sjå til å få heilt gehør. Han prøvar ein ny taktikk:

– Dette har skal gå veldig bra. Eg er ikkje uroa for nokon av dykk, eg elskar dykk alle saman, eg ville ikkje utsett dykk for noko som er farleg.

Frå sidelinja mimar Elgvin ei lang Pinocchio-nase.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

Dei blir einige om å i det minste byrje i den minste bakken. Men fyrst: tørrtrening. Tidlegare hoppar, Ottesen, dreg fram pedagogiske knep, for å ufarleggjera det som ligg framom:

– Når de reiser dykk frå do er det eigentleg ei hopprørsle.

Gjengen er så klare som dei kan få bli.

Mange kyrkjelydar har skidagar, kan ikkje me ha hopphelg?

—  Hans Dur Molvik

Luftas gullbarre

Gruppa er på god veg opp til bommen då Molvik kjem ut berande på lange hoppski iført ein knallgul hoppdress.

– Ein veit ein nærmar oss påske når påskekyllingen er sluppen laus, kjem det frå Nordengen, til ein forløysande latter frå resten.

– Før hadde eg ein grå hoppdress. Då var eg luftas gråstein, no er eg luftas gullbarre, kjem det muntert frå Molvik.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

— Ein må berre gje slepp

Trass i all oppbygginga og nervøsiteten endar ingen av dei fyrste forsøka med knall og fall. Rett nok heller ikkje med dei lengste hoppa, men målet om å gjera det litt mindre skummelt ser ut til å vera nådd.

– Godt å ha det gjort, seier Jensen etter fyrste hopp.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

Nokre avanserer vidare til mellomste bakke, andre ser seg nøgde med 8-meteren.

No håpar dei mange vil møte opp på hopphelga i februar.

Men kvifor tenkjer Molvik at det er relevant å ta hopphobbyen sin inn i kyrkjeleg samanheng?

Han lyser opp og ser omtrent ut til å ha venta på spørsmålet.

– Det er masse. Det er så mykje. Når ein blir eldre tørr ein plutseleg ikkje slike ting, sjølv om det ikkje er farleg. Når du sit på bommen og er nervøs, så kan du enten krype tilbake, som unekteleg er eit stort nederlag, eller du kan sleppe deg utanfor. Og med ein gong du har sloppe bommen kjenner du farta, det er deilig, det berre glir utfor, også får du eit fint, deilig svev. Så landar du, og ser du at det gjekk bra. Du hadde tru, du hoppa og det gjekk bra.

Tro, hopp og kjærlighet. Tru, hopp og kjærleik. Hopptrening i Ellingsrudkollen i Ski. Prestar, prostar og organist.

Molvik skildrar korleis ein også gong nummer to gjerne er nervøs, men korleis angsten dabbar av for kvart hopp. Dette meiner han er overførbart til mange situasjonar både elles i livet og i truslivet.

– Etter kvart kjenner ein: ein må berre gje slepp. Ein må berre la livet gå, også må ein berre stå i det og leve i det. Og så er det så gøy!